FRIIDROTTS-SM 2016 INOMHUS WEB_SPORT
Foto: Emil Langvad/TT / TT NYHETSBYRÅN

Det utrulege comebacket

Susanna Kallur var verdas beste hekkeløpar. Så venta eit sju års langt skademareritt. I kveld er ho tilbake på det aller høgste nivået.

Kva skjer når du ein gong var verdas beste, opplever eit sju års langt skademareritt der du midt i får beskjed at det kan hende du må amputere foten?

Dei fleste ville lagt opp etter eit par comebackforsøk. Tvillingsyster Jenny gjorde akkurat det.

– Åja, mange år før. Susanna er ikkje laga av det same som andre hekkeløparar, seier Christina Vukicevic Demidov.

Meir frå ho seinare.

– Kjennes modig

Susanna Kallur har alltid nekta å gje opp draumen om OL-medalje. I kveld stiller ho seg klar i startblokkene for comebackforsøk nummer fem. Idretts-Sverige vil stå stille.

– Det skal bli så utruleg herleg å kome ut hit i dag. Eg har lengta etter denne dagen i seks år, seier ho til SVT.

Susanna Kallur står rett ved sidan av løpebanene på Stockholm stadion. Det er her ho skal gjere eit oppsiktsvekkande comeback i Diamond League-stemnet, DN Galan i kveld.

Kveldens løp er det femte comebackforsøket sidan Kallur var ei av verdas absolutt beste på 100 meter hekk. Men ikkje sidan 2010 har 35-åringen konkurrert på det aller høgste nivået.

Til nå i år Kallur vist lovande tendensar på eit par nasjonale 60-meter løp, i kveld spring ho over dei ti hekkane mot verdas aller beste.

Det er seks år sidan sist.

– Eg synest det kjennes godt på eit vis, litt friskt og modig og berre kaste seg ut. Det er her eg vil vere, og eg har veldig få sjansar på å ta OL-kravet. Det er større sannsynlegheit for at eg klarer det med god motstand. Eg vil ikkje sløse sjansene mine bort på treningskonkurransar, seier Kallur.

Susanna Kallur snublet på første hekk i semifinalen under OL i Beijing og klarte ikke å holde tårene tilbake. Vi utfordrer deg til å ikke felle en liten tåre når du ser det igjen.

–​ Bør få bragdguldet

Framleis står den personlege rekorden hennar på råsterke 12.49. Berre ei kvinne i verda har løpt fortare i år. Klarer Kallur å nå verdstoppen igjen vil dei fleste sjå på det som ein sensasjon.

Den norske rekordhaldaren Christina Vukicevic Demidov er ei av dei.

Når ho spring 20.37 i kveld kjem heile Stockholm Stadion og nesten heile Sverige til å stå stille. Uansett korleis det her ender er det eit historisk løp. Det er frykteleg fascinerande og beundringsverdig at ho er tilbake.

– I tillegg gjer ho comebacket i Diamond League mot verdas beste på heimebane. Ho kunne ikkje gjort det verre for seg sjølv, seier den pensjonerte hekkeløparen og legg til.

– Det seier noko om kva slags konkurransmenneske ho er og kor stor tru ho har på seg sjølv.

Vukicevic Demidov trente mykje med Sveriges hekkedronning da ho var aktiv. Kallur var ei stor inspirasjonskjelde. Eit førebilete på mange måtar.

Ikkje minst da Noregs beste hekkeløpar på den tida, sleit med skader.

– Eg sleit masse med motivasjonen sjølv da eg var skada, så eg kan absolutt relatere meg til situasjonen. Det kan alle idrettsutøvarar som har vore skada eitt år. Men Susanna har ikkje berre vore skada i eitt, to eller tre år. Ho har vore skada sidan 2008 til nå!

– Det er så imponerande at ho bør få bragdguldet i Sverige berre for å kome seg tilbake på banen, meiner den gravide hekkeløparen.

Alt starta med eit fall

Marerittet starta ein kveld i Beijing da Kallur aldri kom seg over den fyrste hekken i OL-semifinalen. Tidlegare i sesongen hadde jenta frå Falun sett ny verdsrekord på 60 meter hekk på 7,68. Ein rekord som framleis står i historiebøkene.

Heile Sveriges Sanna Kallur skulle ta OL-gull.

Susanna Kallur

MARERITT: Susanna Kallur var ein av dei store favorittane til OL-medalje. Tårene rann etter at ho aldri kom lenger enn til den fyrste hekken.

Foto: MIKE BLAKE / REUTERS

– 2007 gjekk fantastisk bra og 2008 hadde eg verkeleg funne ut kva eg skulle gjere. Da tapte eg ikkje eit einaste løp og den sesongen tok eg verdsrekorden. Er det nokon gong eg har kjent meg uovervinneleg så er det da, seier Kallur i eit langt intervju i Dagens Nyheter.

Så gjekk alt skeis i Beijing.

Skaden Kallur hadde kjent på tidlegare i sesongen forverra seg etter fallet i semifinalen.

– Me bestemte oss for å belaste beinet minst mogleg, men halde fram mot OL i Beijing. Formen var bra, men eg hadde gjort for få konkurransar. Eg var ikkje førebudd på avstanden til startblokken til den fyrste hekken, fortel Kallur til same avis.

Det var starten på sju vonde år.

  • 2008: Fekk skade i utandørssesongen. Ein stressfraktur men valde likevel å stille i OL. Der falt ho før den fyrste hekken i semifinalen. Opererte i leggen i november.
  • 2009: Opptrening
  • 2010: Comebackforsøk 1: Sprang Diamond League i New york på sterke 12,78. Deretter kom nye skadeproblem.
  • 2011: Opptrening
  • 2012: Ny operasjon i leggen og opptrening.
  • 2013: Graviditet, opptrening og fødsel
  • 2014: Comebackforsøk 2: Nasjonal konkurranse på 100 meter i Leksand og svensk meisterskap. Deretter nye skadeproblem.
  • 2015: Comeback 3: 31. januar i Karlsruhe, 60 meter hekk. Nye skadekjenningar. Ny opptrening.
  • 2016: Comebackforsøk 4: Sprang 60 meter i Falun og 60 meter rett bak Ezinne Okparaebo i den nordiske landskampen i Växjö.

Var risiko for amputasjon

Ein sommardag i 2010 var kanskje ein enda vondare dag enn kvelden i Fugleredet i Beijing.

Kallur var fortvila, smertene ville ikkje gje seg. Tvillingsyster Jenny hadde akkurat lagt opp, men Susanna nekta å gje seg.

Løysinga blei å oppsøkje ein lege kjent som mirakeldoktor i Tyskland. Etter å ha venta fleire timar på svar kom den nedslåande beskjeden. Legen hadde funne ein infeksjon i beinmergen.

– Det er ein av dei aboslutt verste dagane i livet mitt. Legen sa det var ein risiko for at han måtte sage av beinet og høgtrykksspyle for å få infeksjonen frå skjelettet.

Sanna Kallur

TÅRER: Det har blitt mange tårer i Susanna Kallurs idrettskarriere.

Foto: Fredrik Sandberg / SCANPIX / NTB scanpix

Dette er ein av få gonger Kallur seriøst har tenkt tanken på å legge opp.

– Det var fyrste gongen eg kjente: «Gud, kva held eg på med?» Det handla ikkje lengre om å kunne konkurrere i hekkeløp. Det spelte ikkje noko rolle, eg blei redd på eit anna plan, fortel Kallur.

Gang på gang prøvde Kallur seg med forsiktige comeback, men like ofte kom tilbakeslaga. Da ho i 2012 fekk beskjed at OL-sesongen røyk bestemte ho og mannen seg for å få barn. I juni året etter blei Majken fødd, men mor Kallur ville ikkje la det vere slutten på karrieren.

Nå er skadene gløymt. For fyrste gong på lenge kan ho trene smertefritt.

Verdas vakraste teknikk

I kveld jaktar Kallur OL-kravet på 12,80. Svenskane kryssar alt dei har for å få sin gamle stjerne tilbake. Treningssamlinga i Florida i vår viste at Kallur har noko på gang.

Susanna Kallur fra 2008

KAN BLI SISTE SESONG: Sanna Kallur har sagt at dette kan bli det siste forsøket, men også uttalt at ingenting er skreve i stein. Christina Vukicevic Demidov trur ho vil halde fram om ho får dei svara ho treng.

Foto: Daniel Maurer / AP

– Det er klart 12,80 er ei tid som snurrar rundt, men eg skal ikkje fokusere på det nå. Eg er veldig takksam for at eg faktisk har kome hit. At eg skal konkurrere i kveld, det kjennes stort.

Det er ikkje eit heilt vanleg comeback du får sjå på Stockholm stadion i kveld. Du får nasjonens kjæledegge som konkurrerer i Sveriges største friidrettsstemne for fyrste gong sidan 2008.

Du får sjå eit ekstremt idrettstalent som ville gjeve Sverige så mange fleire medaljer hadde det ikkje vore for skademarerittet.

– Ho er ekstremt eksplosiv og naturleg veldig rask. Det er ein grunn til at ho kan kome tilbake som 35-åring og framleis hamle opp med dei beste. I tillegg har ho verdas vakraste og mest effektive teknikk. Det er ingen som spring så bra hekk som henne når ho er i toppform.

– Kallur har ikkje fått ut sitt beste utandørs. Hadde ho vore like rask som for eksempel Sally Pearson (olympisk meister i London) utan hekker, er det ingen som kunne slått Susanna Kallur. Ingen har hatt meir effektiv hekketeknikk enn ho, meiner Vukicevic Demidov.

Susanna Kallur gratuleres av Christina Vukicevic

TRENINGSVENNINNER: Christina Vukicevic Demidov har trent mykje med Susanna Kallur. Ho har alltid sett opp til teknikken til 35-åringen. - Ho er ein stilstudie, seier Demidov.

Foto: DANIEL MAURER / AP

I kveld er det ikkje berre ho som er spent. I TV-stolen heime sit ei gammal treningsvenninne med gåsehud.

– Eg er så nervøs på hennar vegne. Når ho spring i kveld kjem eg til å få ståpels, det er eg heilt sikker på. Det kan gå svinfort og det kan gå heilt moderat. Uansett korleis det går er ho vinnaren med tanke på den kampen ho har kjempa.

Frå klokka 20.00 ser du korleis det går på NRK3 og nrk.no.