Bakke
Foto: Stig Øystein Schmidt

I far sine fotspor

SOGNDAL (NRK): I vinter mista Sogndal-trenar Eirik Bakke sin far, støttespelar og Sogndal-legende Svein Bakke. Med farens verdiar i botn har han bygd det som no er eliteseriens store formlag.

– Det handlar om å leve i fotballen. Far min brann for fotball, og eg brenn for fotball. Han vil alltid vera med oss.

Eirik Bakke blir alvorleg ein liten augneblink. Trekk pusten djupt, før han dreg på smilet. Eit smil som aldri er langt vekke.

– Eg hugsar han alltid gjekk først frå middagsbordet for å sette seg ned og sjå på tv. Eg trur han er den som har sett mest fotball nokon sinne, med mamma på ein god andreplass.

«Mr. Sogndal» gjekk brått vekk den 16. desember 2015. Svein Bakke er på mange måtar synonymt med Sogndal Fotball, og har teke klubben dit den er i dag.

No er det eit nytt blad Bakke som skal føre Sogndal mot nye høgder. Det ser ut til at han er i ferd med å klare det. Sogndal har ni kampar på rad uovervunne, og har vore eit av dei store formlaga dei siste månadane.

Eirik Bakke får oppleve suksessen som faren lengta sånn etter.

Løkka

Vi møter Bakke på ei sumargrøn løkke i Sogndal. Som barn pleidde han å gå hit fleire gongar om dagen. Alltid med ein ball under armen, på veg til å spele fotball med kameratar.

Men no ristar Bakke på hovudet der han sit på benken.

– Det burde vore mykje meir nedslite. Før var det mykje meir mold her. Dette tydar på at det er for lite brukt.

Bakke

Graset er sumargrønt på løkka på «Haugen», faktisk litt for grønt, meiner Eirik.

Det var her på denne løkka, og på dei mange andre løkkene rundt omkring i bygda Bakke øvde time etter time på favorittfinta og prikka inn skotfoten. Det var faktisk avgjerande å treffa mål her.

– Bomma du på mål, gjekk ballen langt ned bakkane. Du blei ikkje særleg populær då.

Flammen som brenn

Faren til Eirik, er ein av dei store figurane i den vesle bygda Sogndal. Han har 514 kampar og 321 mål for klubben. Han var ein bauta på laget som tok sølv i cupen i 1976. Etter han la opp har han vore med å bygge fotballklubben Sogndal.

Svein Bakke i kamp om ballen med Egil Austbø under cupfinalen i 1976

Svein Bakke var ein bauta på Sogndal-laget som kjempa seg til finale i cupen i 1976

Foto: Owesen, Paul / SCANPIX

Han blir også av fleire trekt fram som ein av dei som løfta norsk fotball opp i verdstoppen på 90-talet. Svein Bakke levde og ånda for fotball.

Det er det same brennande engasjementet for fotball Eirik tek med seg vidare i livet. Og det er dei same verdiane faren bygde klubben på Eirik no brukar for å ta Sogndal eit hakk vidare.

– Eg tenkjer ofte på verdiane deira når dei bygde klubben. Samhald, hardt arbeid, ein jernvilje, og det å alltid jakte noko nytt. Det handlar om god mentalitet, og om å legge ned den rette jobben kvar dag.

Det er oppskrifta som har fått klubben frå den vesle saftbygda langt inne i Sognefjorden til å bli verdas einaste «Tippeligabygd». No kan dei telje ni kampar utan tap i eliteserien.

– Det er betre enn ni tap i alle fall, seier han og ler. Me må legge filosofien til dei gamle heltane i botn, samtidig som me torer å utvikle oss.

Sjølv om bygda er lita, er løkkene mange. Eirik trur at storleiken berre er til hjelp for sogndølane.

– Det blir eit eige samhald. Me er dei små som kjempar mot dei store. Me veit kvar me er frå, og at me alltid vil vere underdogs. Me slår alltid nedanfrå og opp.

Bakke-auraen

Frå han var seks år gjekk det berre i fotball. Sogndal-nestor Rolf Navarsete er nær ven av familien Bakke, og hugsar godt åra då Eirik og kameratane spela fotball frå morgon til kveld.

– Han var utruleg ivrig til å spele fotball. I årevis byrja dei fleire timar før skulen byrja, og byrja på igjen rett etter skulen var ferdig.

Eirik Bakke saman med foreldra Svein og Bente i Leeds

Eirik Bakke var godt nøgd etter han signerte for Leeds. Her i lag med mor og far.

Foto: Privat

Og det var ikkje lenge før han såg talentet i Eirik, og samstundes mykje av faren.

– Det er svært mykje av Svein i Eirik. Dei har ein aura og ein karisma som ein berre kan vere fødd med. Bakke-auraen.

Rolf var ikkje berre ven, men også kollega av Svein i Sogndal. Han var med på å bygge opp heile apparatet rundt klubben. No sit han på tribunen av Fosshaugane Campus, og peikar ned mot trenarbenken.

– Når Eirik står attmed trenarbenken er det litt som å sjå Svein. Berre han står der so ser du det. Han treng ikkje sei noko, det er nok å vere der.

Svein og Eirik

Og det er utvilsamt mykje av Svein i Eirik. Det er den same filosofien som gjekk frå Svein til Eirik, som no går vidare til ein ny generasjon Bakke.

– Det er ingen som kan trene deg god. For å lukkast krevst hardt arbeid, då kan ein få til alt ein vil. Det var noko pappa sa til meg, og det er noko eg fører vidare til son min også.

Eirik har teke med seg ein fotball opp på løkka, og fører den att og fram. Touchen sit framleis, sjølv om pusten er litt tyngre enn i glansdagane. Ein strekk i låret får skulda for at overstegsfinta ikkje er like rask i dag.

– Det er framleis litt liv i meg, so lenge eg slepp å springe so mykje.

Den tidlegare Leeds-proffen triksar ballen opp på låret, før han smell ballen hardt inn i det slitne nettet på heil volley.

Noko kan eg framleis.

Han snur seg nøgd, med eit glis berre ein trenar i medvind kan unne å ta på seg.

Bakke

Eirik viser gamle kunstar på løkka der han la ned mange timar som ung.

Foto: Stig Øystein Schmidt

For det har gått godt med Sogndal etter at Eirik Bakke tok over trenarrolla i desember 2014. Nedturen til førstedivisjon blei kortast mogleg, og då alle kampar var spelt, kunne dei telje opp ni fleire poeng enn storebror Brann.

– Sett i etterkant var det svært kjekt for Svein at han fekk oppleve det. Det betydde mykje.

Bestekamerat Rolf følgde Svein til grava vel vitande om at det var ein far som var stolt av sonen sin, sjølv om han ikkje nødvendigvis sa det kvar dag.

– Svein var utruleg stolt av Eirik, men han prøvde so godt han kunne å skjule det. Det var truleg berre dei nærmaste rundt som såg kor stolt han var.

Opptur

Bakke

Eirik har store sko å fylle, der han følger i fotspora til faren, Sogndal-legenda Svein Bakke

Foto: Stig Øystein Schmidt

Og når Eirik skal beskrive tida etter han tok over som trenar er det eit ord han vel seg.

Opptur.

– Det har vore ein enorm opptur. Ein møter mange utfordringar, og skikkeleg motgang, men det blir ein berre sterkare på. Det er tunge stunder, men livet må gå vidare.

Eirik likar ofte å sette ting i perspektiv, soleis også med Svein sin bortgang.

– Pappa fekk leve i 63 år, og oppleve utruleg mykje. Både som spelar, leiar, far og bestefar. Han har fått vere med på mykje som andre ikkje har opplevd. Livet er skjørt, og då er det god at me er ein tett fotballfamilie.

Igjen dreg han pusten endå djupare, senkar skuldrene, før smilet veks fram.

– Det var fotball han brann for. Fotball frå morgon til kveld. Det vart sagt i gravferda at pappa er den som har sett mest fotball, og mamma den som har sett nest mest.

I far sine fotspor

Bakke-familien er kanskje det største fotballnamnet i Sogn. Det seier litt i fylket som har fostra ein heil hurv av toppsplerarar med Flo til etternamn. At namnet fører med seg ei forventning.

– Eg måtte alltid leve opp til han. Eg var sonen til Svein. Slik har guten min det også. Ein blir alltid påminna om at faren var so og so god.

Eirik har mange gode stunder med faren å sjå attende på, og trur det hjelp han med å komme seg vidare.

– Det er minner som er gode å ha no. Det gjer det lettare å komme seg vidare etter kvart.

Og medan Eirik sit på løkka der alt byrja, er Rolf framleis på tribunen på Fosshaugane, der eventyret skal fortsette.

– Eirik er slik som Svein, han greier å ha ei linje, men leve mest i nuet. Dei snakka på sitt vis, og forstod kvarandre på sitt vis. Eg kallar det Bakke-språket. Den kulturen dei har bygd kjem til å vere her lenge etter dei forlèt klubben.