Gerhard Heiberg og Thomas Bach

ÆRESMEDLEM: Gerhard Heiberg fekk æresmedlemskap og gode ord av IOC-president Thomas Bach

Foto: Greg Martin /IOC / NTB scanpix

Gerherd Heiberg æresmedlem i IOC

Gerhard Heiberg blei i kveld takka av på IOC-sesjonen med æresmedlemskap etter 23 års teneste for den olympiske organisasjonen.

– Eg ønskjer å bli æresmedlem i IOC, sa Gerhard Heiberg til NRK før han reiste til Lima og IOC-sesjonen. – Eg veit ikkje om eg blir det, det blir litt spennande å sjå.

I kveld fekk han ønskjet sitt oppfylt. Med ståande applaus frå alle IOC-delegatane fekk han sitt æresmedlemskap.

78-åringen sluttar som IOC-medlem etter å ha hatt vervet sidan OL på Lillehammer i 1994. Før det var han som president i Lillehammer-OL også tett på IOC.

– Eg har vore i eller nær IOC i nærmare 30 år, og har hatt det som fisken i vatnet, seier han når NRK møter han på hans kontor like før han reiser til Lima for å delta på sin siste sesjon som ordinær IOC-medlem.

Etter å ha blitt vald inn i IOC i 1994, steig han i gradene og blei styremedlem. Tidsskriftet Around the Rings plasserte han på 9.-plass på rankinga av dei mektigaste i IOC i 2008.

– Blir nok litt rørt

No er han i Lima, der han fredag takka for seg. Og blei takka av IOC for lang og tru teneste.

– Det blir vemodig å seie takk for meg etter så mange år, seier Heiberg. – Eg blir nok litt rørt. Men slik er livet.

Det er fire år sidan Heiberg fekk konstatert lymfekreft. Den sjukdomen har han halde i sjakk, men slit med den framleis.

I Lima kan Heiberg ønskje Kristin Kloster Aasen (56) velkomen som sin norske etterfølgjar. Han har sjølv funne og tilrådd henne.

Kristin Kloster Aasen og Gerhard Heiberg

VAKTSKIFTE: Kristin Kloster Aasen blir nytt norsk IOC-medlem når Gerhard Heiberg gir seg

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Han meiner det er viktig å ha ein solid norsk idrettsleiar i IOC, og ein leiar som også er kvinne i den mannsdominerte organisasjonen.

– Det er viktig med bakgrunn i det etiske og med nulltoleranse for juks. Vest-Europa må ha sin styrke i IOC for å unngå at det blir introdusert ein annan agenda i åra framover.

Rundt 70 nasjonar er IOC-medlemmer, og det er ikkje sjølvsagt at Norge skal vere representert.

– Stolt over å ha vore med og bidratt

– Kva er dine beste minne?

– Det er mange høgdepunkt. For meg var Lillehammer-OL det aller største. Men også Vancouver i 2010 der eg var leiar i evalueringskommisjonen, blei eit godt OL. Og Beijing-OL i 2008 der eg hadde mykje med det politiske leiarskapet og næringslivet i Kina å gjere. Eg følte at det gjekk veldig bra.

– Vi byggjer ei betre verd gjennom idrett, og eg har likt meg veldig godt heile tida. Eg er stolt over å ha vore med å bidra som eg har gjort.

Korrupsjon: Redd det kan skje igjen

Gerhard Heiberg

OM KORRUPSJON: - Vi skal ha nulltoleranse for dette, og eg er skuffa over dette, seier Heiberg om korrupsjonskandalen som er i fed med å bli opprulla i samband med Rio-OL

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Han er skuffa over korrupsjonen som er rulla opp rundt Rio-OL.

– Alt skal vere reint hos oss. Vi har nulltoleranse for doping, korrupsjon og kampfiksing. Og så skjer dette internt hos oss. Vi er eit dårleg føredøme for andre internasjonale idrettar, og det passar ikkje serleg bra.

– Vi må til botns i dette, og det som har skjedd inne i familien Diack. Dette vil ta tid, men vi får håpe alt blir avdekka, seier Heiberg.

Han siktar til Lamine Diack, senegalesaren som sat som internasjonal friidrettspresident frå 1999 til 2015, og som er under etterforsking for omfattande korrupsjon. Sonen hans skal også vere tungt innblanda.

– Eg har trudd at vi var komne forbi dette, men eg er vel som nordmenn flest litt naiv. Eg er redd det kan skje igjen.

Han støtta IAAFs avgjerd onm å stengje ute russiske utøvarar frå OL i Rio i fjor.

– Vi må vise at vi meiner alvor. Vi har lenge snakka om nulltoleranse, men det har tydelegvis ikkje vore godt nok. Då må vi gå litt lenger og vere litt meir brutale enn vi har vore, sa han til NRK då.

Seinare vedtok IOC å ikkje stenge ute Russland totalt. – Det var ein tabbe, sa Heiberg etterpå.

«Kva er din pris, Heiberg?»

– Har nokon prøvd seg på å bestikke deg?

– Då eg begynte, kom det nok nokre spørsmål om "kva er din pris, Heiberg?". Men det stoppa fort, så i dei seinare år har eg heldigvis ikkje fått slike spørsmål.

Han fortel at det den gongen gjaldt søkjarbyar, i ei tid då det var klart at det forekom korrupsjon for å få tildelt leikane.

– Etter at eg hadde sagt nei eit par gonger, var eg nok ute av listene over dei som kunne kjøpast. Sidan har eg aldri høyrt eller sett noko.

Han hugsar ikkje nøyaktig i kva samanheng dette var. Men det var i byrjinga av Heibergs tid i IOC.

– På den tid var det nok ein del av den typen som blei avdekka i samband med tildelinga av OL til Salt Lake City, seier han.

Heiberg hadde berre vore IOC-medlem i eitt år då Salt Lake City blei tildelt vinter-OL 2002. Men i 1999 blei det rulla opp at det var korrupsjon med i biletet ved tildelinga, og det heldt på å velte heile OL.

– Eg rapporterte dette vidare til presidenten, og eg trur det var ein del av det som førte til at det heile blei avdekka.

Sørgjeband-saka

Heiberg om sørgebånd

SØRGJEBAND: Heiberg syntest IOC reagerte i hardaste laget i sørgjeband-saka i Sotsji-OL, men blei likevel sterkt kritisert for IOCs haldning

Men det har ofte blåse på toppane i IOC, og Gerhard Heiberg har ikkje sleppt unna vindkasta han heller.

Mest bles det kanskje etter sørgjeband-saka under OL i Sotsji i 2014. Dei norske jentene gjekk 15-kilometeren med sørgjeband etter at Astrid Uhrenholdt Jacobsen mista bror sin dagen før.

– Det er ikkje rett å vise sorg under konkurransen, sa IOC-president Thomas Bach.

Heiberg modererte det litt: – IOC kunne nok ha vist meir medkjensle i denne saka, sa han.

Likevel: Heiberg var IOCs mann, og blei råka av kritikken mot organisasjonen.

Saka auka den norske OL-skepsisen og var truleg medverkande til at Oslos søknad om OL 2022 havarerte eit halvt år etterpå. I innspurten heldt Heiberg ein låg profil.

– Mine innslag i media øydela meir og meir, og bidrog til at entusiasmen blei borte. Uansett kva eg sa, fekk eg kjeft, sa han til Dagbladet.

Etterpå sa han at han blei letta då Norge sa nei.

Gerhard Heiberg var letta over at det ikke ble OL i Oslo i 2022. I kveld sendes programmet Best i verden her på NRK1, og der forteller Heiberg om konfliktene både før lekene på Lillehammer, og under lekene i Sotsji. Han frykta det samme ville skje i Oslo.

LETTA: - Det var best det gjhekk som det gjorde med Oslo-OL, seier Heiberg

Kina-kritikk

Også Heibergs forhold til Kina har hausta storm – fleire gonger.

Før sommar-OL i Beijing i 2008 gjekk debatten høgt om å bruke OL for å presse Kina om menneskerettar, og om å boikotte leikane av den grunn.

Heiberg meinte utviklinga i Kina var god, og stod støtt på det synet.

– Eg er vel den einaste i Norge som prøver å ha ei viss forståing for kva som skjer i Kina, sa han til Fri Fagbevegelse nokre månader før leikane opna. Heiberg meinte boikott-debatten var einsidig.

Sjølv meinte han at han og IOC hadde god kommunikasjon med kinesiske styresmakter.

– Kritikken var vanskeleg, kanskje den vanskelegaste eg har vore borti, sa han etterpå.

– Prøvde å presse Nobelkomiteen

Liu Xiaobo (bildet) og Thorbjørn Jagnald

KONTROVERS: Nobelkomite-leiar Thorbjørn Jagland deler ut fredsprisen i 2010. Det syntest Heiberg var eit dåsleg val, og fekk kraftig kritikk fo sitt syn

Foto: HEIKO JUNGE / Afp

To år etterpå kom Heiberg igjen i søkelyset for sine Kina-kommentarar. Då hadde Liu Xiaobo blitt tildelt Nobels fredspris, og Heiberg frykta kraftige kinesiske reaksjonar. Liu sat fengsla for å ha kravd demokrati og politiske reformer.

Ifølgje Aftenposten skulle også Heiberg har prøvd å presse Nobelkomiteen til å ikkje gi Liu prisen.

– Det er feil tidspunkt å gi prisen til han no rett før Kina skal skifte ut den øvste leiinga, sa Heiberg. Han meinte tildelinga provoserte ei positiv utvikling mellom Norge og Kina både når det gjaldt menneskerettar og frihandel.

– Tildelinga kan setje forholdet mellom landa langt tilbake, sa Heiberg. Og fekk rett. Kina fraus forholdet sitt til Norge i mange år.

Først ved opprettinga av Troms-kanalen blei forholdet nokolunde normalt igjen. Og også der var Heiberg sentral.

Som leiar av marknadsavdelinga i IOC har han også hatt ansvaret for mykje av inntektsgrunnlaget for organisasjonen.

Heiderspris på Idrettsgallaen

Gerhard Heiberg mottar årets hederspris

HYLLA: På Idrettsgallaen i januar i år fekk Heigerg heidersprisen for sitt arbeid for IOC og for norsk idrett

Men Heiberg har også fått mykje ros og honnør for si tid som idrettsleiar. I januar i år fekk Heiberg heidersprisen på Idrettsgallaen for sitt langvarige engasjement for den internasjonale olympiske komité og for norsk idrett.

– Eg blei totalt overrumpla, sa han ved utdelinga.

Heiberg har denne beskjeden til IOC når han no takkar av:

– IOC må halde på leiarrolla i arbeidet med å forvalte det ansvaret det er å leie internasjonal idrett på skikkeleg måte utan diskriminering. Vi må aldri la oss overtale og overkøyre av andre agendaer enn dagens IOC-charter.