Georgia May Anta
Maska og kostymet skal på.
Georgia May Anta
Gigi er spent, men klar for å leve seg inn i rolla.
Georgia May Anta
Samstundes får dei vonde minnene ho til å stivne.
Georgia May Anta
Etter at Gigi hamna i eit valdeleg forhold, følte ho at ho måtte rømme.
Rømme til noko trygt.
Georgia May Anta

Gigi og kjærleiken

Gigi og kjærleiken

Georgia May Anta sit på den trefarga benken i tredje etasje på Sentralen.

Kanskje kjenner du att ansiktet hennar.

Dansaren, som kallar seg for Gigi, har ein av hovudrollene i Netflix-filmen Battle Freestyle, med mellom anna Lisa Teige, som spelte Eva i NRK-serien Skam. I juni skulle ho konkurrere i NM i hiphop, men måtte kaste inn handkleet på grunn av sjukdom.

Det er ikkje lenge att før arrangementet hennar skal starte.

Sminkøren gjer alt for at ho skal sjå mest mogleg presentabel ut, ein snau halvtime før alt rullar i gang.

Telefonen ringer i eitt køyr. Alle val og slutningar skal gå gjennom Gigi. Ho er bindeleddet, og no byrjar det å koke litt.

Ho sit framleis i ein kvit, kvardagsleg skjorte, og håret er snurra i ein dott.

Georgia May Anta
Foto: Helene Mariussen / NRK

I lag med Nunoy Van Den Burgh, arrangerer Gigi The Royal Ball, eit type Vogue-ball, på vegner av Salam Noreg.

Det er viktig for ho at alt går som det skal.

Det er utselt. 400 menneske kjem for å feire akkurat kva og kven dei er, utan å møte kritikk, fordømming og trakassering.

Feiringa skal uttrykkast gjennom dansen vogue, ein type stil som blei eit viktig uttrykk i skeive miljø verda over.

Den same type stilen som fekk enorm merksemd då Madonna tok i bruk den, i musikkvideoen til songen «Vogue» tilbake på 90-talet.

Når Madonna syng «strike a pose», er det ikkje utan grunn.

Her viser Gigi ein måte å vogue på. Ho set saman ulike positurar, og brukar hendene aktivt.

Det var ikkje Madonna som skapte dansen vogue, og det er ganske frustrerande for miljøet at ho blir trekt fram som dansens mor.

Dansen stammar frå ballroom-kulturen, og blei skapa for å gi eit trygt rom til alle som vil utforske tema som kjønn, identitet og personleg uttrykk.

Denne gongen skal dei frammøtte samstundes feire at det er 50 år sidan homofili blei avkriminalisert i Noreg.

Den milepålen har kanskje gitt Gigi eit ekstra mot, for første gong skal ho fortelje historia si høgt.

Georgia May Anta på Vogue-ball på Sentralen 2022.
Foto: Helene Mariussen / NRK

Teken av fordommar

Perlene som rammar inn auga til Gigi, blir ein etter ein festa på plass med lim. Det er ein del av kostymet til kvelden, og ingenting er tilfeldig.

Ho kjenner seg kry. Ho er eitt steg nærare å realisere sin største draum, og for første gong kjenner ho seg trygg.

Trygg på seg sjølv, og alle skal få vite det.

Sminkøren til Georgia May Anta. Vogue-ball på Sentralen 2022.
Georgia May Anta
Georgia May Anta

Når Gigi ser seg sjølv i spegelen, flyr tankane tilbake til røtene sine. I 1996 blei Gigi fødd i den vesle landsbyen Calapacuan på Filippinane. Som seksåring flytta Gigi derifrå, med mor og hennar nye mann.

Når eg ser meg i spegelen, ser eg dei som framleis er på Filippinane og ikkje fekk moglegheita til å flytte til Noreg, seier Gigi.

Ho har vekse opp med mor, stefar og to halvsøsken. Hennar ekte far har ho aldri møtt. Ikkje at ho ikkje har prøvd, men det er umogleg å finne noko informasjon om han.

Spør ein Gigi i dag, vil ho meine at ho trakk vinnarloddet i livet, sjølv om oppveksten var alt anna enn luksuriøs og fantastisk.

– Eg trakk vinnarloddet i livet, fordi eg fekk ein far, sysken, venner, familie og moglegheiter til oppnå mine største draumar, seier ho.

Barndomsbilete Georgia May Anta
Barndomsbilete av Georgia May Anta.
Barndomsbilete Georgia May Anta
Barndomsbilete Georgia May Anta

Det er derfor ho arrangerer dette ballet. For å samle inn pengar, og gi noko tilbake til lokalsamfunnet.

Av same grunn oppretta ho velgjerdsorganisasjonen Ca. Pa, for innbyggjarane i Calapacuan. Hennar største draum er å byggje eit samfunnshus, der borna kan få glede av musikk og dans, slik som ho fekk i Noreg.

Som seksåring fann ho sin plass i koret i Holmlia kyrkje. Musikk og framføring gav ho glede i livet, og ho var religiøs av seg. På Filippinane vaks Gigi nemleg opp som muslim, men Holmlia kyrkje er ei kristen kyrkje.

Gigi trudde det gjekk heilt fint å vere begge deler. Både muslim og kristen, men det likte ikkje vennene hennar. Ho måtte velje.

– Det har alltid vore noko. Det er aldri bra nok. Det har eg følt heile livet, seier Gigi.

Lite visste ho at desse vala, «denne boksen», skulle følgje ho vidare i mange, mange år.

– Den boksen øydelegg for så mange. Den har tatt meg så mange gonger, seier Gigi.

Georgia May Anta
Foto: Helene Mariussen / NRK

Nedgåande kurve

Då Gigi fekk beskjed om at ho var for gammal for kyrkjekoret, hamna ho i eit miljø ho karakteriserer som giftig.

Det var mykje alkohol og dop inne i biletet, og Gigi trudde ho måtte henge med for å vere kul og populær. Ho har heile sitt liv fått høyre at ho er så søt og snill, og det likte ho ikkje. Ho ville vere standhaftig og sterk. Det slo ut litt feil.

– Eg følte at eg blei ein dårleg person og mista kontakten med Gud. Det gjekk veldig ut over min identitet, seier ho.

Ho opplevde seg sjølv som ein skikkeleg «bitch».

Eg er glad eg ikkje gjer noko av dei tinga i dag, seier ho og siktar til all skitslenginga ho haldt på med.

Det var ikkje før ho blei nærmare 17 år, at ho fann seg sjølv igjen. Ho blei redda ut av den vonde spiralen.

For ei kort stund, i alle fall.

Det var det dansen som bidrog til. Kvar tysdag reiste ho på trening på eit dansestudio, og ho fann plutseleg eit miljø ho følte ho kunne vekse i.

På same tid møtte ho sin første kjærleik i livet. Han var nokre år eldre, og ho følte seg trygg.

Den gongen tykte ho det var stort. I dag vil ho gjerne vere forutan det forholdet.

Georgia May Anta
Foto: Helene Mariussen / NRK

Måtte få besøksforbod

Gigi blei blind på kjærleiken, og derfor tok det tid før ho følte at ho blei kontrollert og herska over.

Det skada meg mentalt. Eg følte eg ikkje hadde noko verdi, seier ho.

Når Gigi går gjennom Oslos gater, får ho ofte traumatiske tilbakefall. Det valdelege forholdet får ho til å hugse ting som gir ein vond smak i munnen.

Sjølvkjensla på den tida, er vanskeleg å tenkje tilbake på.

– Eg mista meg sjølv. Eg gjekk så mykje ned i vekt. Ikkje fordi eg ikkje ville ete, men det smakte ikkje godt, seier ho.

Det tok lang tid før Gigi klarte å lausrive seg frå sin første kjærleik. Sjølv om ho visste at han ikkje var noko bra for ho, var ho framleis forelska i han.

Til slutt blei forholdet avslutta, og partnaren fekk besøksforbod.

Eg blei veldig dårleg psykisk, og fekk sparken frå jobben fordi eg ofte kom for seint, fortel ho.

Ho følte at ho måtte rømme. Få pusterom ein anna stad, og bygge opp att sjølvkjensla som var fastlåst i undergrunnen.

– Eg mista meg sjølv. Det var på tide å finne ei ny side av meg sjølv, og finne ut kven eg ville vere, seier Gigi.

På den vegen fann ho tryggleiken.

Sommarfuglar og gnistringar

Ho forlét landegrensa og tok sats på Åsa folkehøgskule i Sverige. Der studerte ho dans, og hadde årskurs innan fem stilar i street style. Breaking, popping, hiphop, locking og house.

Samstundes hang ho klistremerke på spegelen, for å minne seg på at ho var bra nok.

Georgia May Anta
Foto: Helene Mariussen / NRK

Då ho ein dag fekk auge på ein svensk breakdansar som kom inn døra, kjende Gigi på kjensler ho aldri hadde fått før.

Ho var skikkeleg kul, og hadde ein type energi som eg vart veldig tiltrekt av, seier ho.

I fleire år hadde Gigi opplevd så mykje vondt, og lukka seg for omgivnadane. Ho ville ikkje lenger at dei vanskelege minna skulle styre livet hennar.

Eg tenkte at ho vil eg vere venn med, og så ville eg kysse ho, seier Gigi.

No skulle ho opne seg, og sjå kvar vegen førte ho. Gigi hadde aldri tenkt at ho likte jenter, men det var noko med hennar personlegdom som fekk ho bergteken.

Det var nytt for oss begge. Det blei gnistringar, og magekjensla gav meg sommarfuglar.

Samstundes var det godt å kjenne på at dei ikkje trong å halde det skjult. Dei kunne vere akkurat det dei ville, i dansemiljøet i Sverige.

– Det handlar mykje om miljø, og kven som får ein til å føle seg trygg, seier ho.

Heilt til ho vende snuten heim att, og fordommane innhenta ho.

Kalde føter

Dei norske naboane til Gigi, som også var skeive, hadde sett jentene kysse kvarandre, og spurte mor om dei var eit par.

Gigi opplevde det som at det kom som eit sjokk for mor, og den reaksjonen fekk dansaren til å tvile. Var ho verkeleg skeiv?

Eg tenkte det berre var ein fase, og at det kom til å gå over. At eg berre ville rømme til noko som var trygt. Ho var trygg. Eg hadde aldri tenkt at eg var skeiv, seier Gigi.

Ho stoppar opp.

Eg følte at det som hadde skjedd med ho jenta, aldri hadde skjedd. Og at ingen skulle få vite det. Eg sa det til nokre av mine næraste, men ingen andre i hiphop-miljøet fekk vite det. Så då gjekk eg rundt og sa at eg var streit, fortel Gigi.

Det skulle ta fleire år før Gigi torde å seie det høgt.

Fleire spekter

Etter ferdig utdanning i Sverige, reiste Gigi på audition til den norske dansefilmen Battle, og fekk rolla. Meistringskjensla var stor, no var tilværet snudd opp ned igjen.

Rød løper for Skandinavias første dansefilm

Her er Gigi på raud løpar til Battle-premieren. Det er Skandinavias første dansefilm.

Foto: Berit Roald / NTB

I Harlem i Nederland, der delar av innspelinga var, møtte Gigi ballroom-dansaren Nunoy Revlon, som introduserte ho til ballroom. Han er også medarrangør på ballet i Noreg.

Det fekk ho nysgjerrig. Skulle ho kaste seg ut på eit nytt eventyr?

Etter litt om og men, gjorde ho det. Voguing fekk ho til å føle seg inspirert. Hiphopen hadde alltid vore fundamentet, men voguing vekte ei feminin side.

Det er veldig typisk filippinsk å vere stolt, fortel Gigi. Derfor var det ekstra sårt at ho fekk kritikk for å arrangere ball for LGBTQ+-miljøet, sidan ho stod fram som streit.

Då måtte eg berre le. For inst inne, er jo eg skeiv, på ein måte.

Men det er fleire spekter. Seksualiteten min har fleire lag.

Først då Gigi forstod det, kunne ho stå støtt i sitt val.

I dag har mor har akseptert ho for den ho er, og sagt at ho får lov til å elske den ho vil.

Funne sin heim

Det er ikkje mange minutt att før dørene opnast på Sentralen.

Ho har fleire av vennene sine ved seg. Jamleg spør dei om statusoppdatering, og stiller velvillig opp om ho treng hjelp.

Ho er mjuk i stemma, og viser like mykje medkjensle tilbake.

Ei venninne får oppgåva å knyte opp korsettet. Deretter blir det plassert rundt overkroppen til Gigi, og trådane strammar seg.

Kostymet til Georgia May Anta, før Vogue-ball på Sentralen 2022.
Foto: Helene Mariussen / NRK

I dag er Gigi i eit miljø der ho kan vere stolt og open om sin skeive side. Ho har funne kjærleiken på ny, med ein partnar som har hatt ein stor påverknadskraft i hennar sjølvaksept og identitet.

– Eg elskar menneske. Du kan vere mann, kvinne, transperson. Det betyr ikkje noko for meg, så lenge du har eit godt hjarte, seier ho.

Dansemiljøet har bidrege til at ho kunne vere alt ho ville, og sjølve dansen har hjelpt ho med å kome gjennom dei tunge stundene.

– Det gir meg balanse i livet. Der kan eg ta med alle kjenslene eg har, og sleppe alt ut. Det blir som terapi, seier Gigi.

Georgia May Anta
Foto: Helene Mariussen / NRK

Det redda livet hennar.

– Dans kan vere skikkeleg sårbart, men det har gitt meg kjærleik og ein aksept til meg sjølv, og ein tryggleik.

Kostymet er på, og ho tar steget opp på scena. Showet er i gang, og smilet går frå øyre til øyre.

Ho er ekte, og ho har funne sin plass i livet.

– Dette er min heim, seier ho stolt.

Georgia May Anta
Publikum på Vogue-ball på Sentralen 2022.
Lisa Teige på Vogue-ball på Sentralen 2022.
Vogue-ball på Sentralen 2022.
Vogue-ball på Sentralen 2022.