TOPSHOT-FBL-EURO-2016-MATCH48-FRA-ISL

PÅ RETT VEG: Frankrike har lagt alle skandalane bak seg, og er på veg mot gamal storheit.

Foto: MIGUEL MEDINA / Afp

Frå skandale til nasjonal triumf?

Store skandalar har prega Frankrikes landslag dei siste åra, men EM på heimebane har vist at det sportslege igjen er i fokus.

Sex-skandalar, mindreårige prostituerte, utpressing av lagkameratar og spelarstreik. Det har hagla rundt det franske landslaget i årevis.

Men i EM har me sett eit heilt nytt lag.

No kan dei sikre seg ei ny meisterskapssiger på heimebane, 18 år etter VM i 1998.

Den gong var Didier Deschamps Frankrike-kaptein. No har han teke over roret på skuta med fast hand, og fått den på rett kjøl.

– Prega av skandalane

Det har ikkje vore lett å vere fransk landslagssjef dei siste åra. Sidan Zinedine Zidane stanga ned Marco Matterazi i finalen i VM i 2006, har det storma rundt «Les Bleus».

Skandalane har hopa seg opp, og stjerne etter stjerne har blitt utestengt frå landslagsfotball. Trenarar har komme med kontroversielle utsegn, og har levert elendige resultat.

– Dei har vore sterkt prega av skandalane, og har lege nede som ein følge av dei, seier NRKs ekspert Karl Petter Løken

Zidane

NEDTUREN: Tida etter Zidanes nedskalling i 2006 blei mørk for fransk fotball.

Foto: JOHN MACDOUGALL / Afp

Men i denne meisterskapen har ting gått betre enn på lenge for franskmennene, og dei er berre eitt skritt frå finalen.

– No framstår dei som ein homogen gjeng som jobbar saman som eit lag. Det har dei ikkje gjort på ei stund, seier Løken.

Sex-skandale

Men det er ikkje sjølvsagt at det skal vere fryd og gammen rundt det franske landslaget. Då dei rauk ut av EM i 2008, heldt likevel Raymond Domenech fram i jobben, som etter rykta skuldast hans mektige venner i fotballforbundet.

Og det sjølv om han skal ha teke ut laget sitt basert på stjerneteikn.

Før VM 2010 blei det avslørt av Karim Benzema og Franck Ribery hadde hatt sex med ei mindreårig prostituert. Saka fekk ikkje sin ende før dei to blei frikjent fire år seinare, men Benzema blei likevel ikkje teken ut i troppen til VM i Sør-Afrika.

Det var kanskje like greit for hans del.

Mista all ære

For i den andre gruppespelskampen mot Mexico rauk Nikolas Anelka og trenar Domenech i tottane på kvarandre i pausen.

Anelka skal ha ropt «gå og kn … deg sjøv, din skitne horeson» etter Domenech, og då var det meste gjort. Dagen etter blei Anelka sendt heim frå meisterskapen, og gitt 18 kampars karantene.

Det førte til spelaropprør, og ingen møtte på trening før den viktige sistekampen i gruppespelet. Kaptein Patrice Evra, Franck Ribery og Jeremy Toulanan fekk karantene for oppførselen.

Video Fransk krangel på trening

Saka blei stor i Frankrike og til og med president Nicolas Sarkozy reagerte.

– Dersom hendingane som er rapportert er sanne, er dei uakseptable, sa Sarkozy om Anelkas oppførsel.

Evra har kjempa seg attende på landslaget, og vist at han kan vere ein samlande figur for laget. Medan Anelka og Toulanan aldri fekk ikle seg den blå drakta igjen.

Domenech hadde mista garderoben, og mista æra i det han nekta å takke trenaren til vertsnasjonen i handa, etter at Frankrike tapte 2-1, og rauk ut av VM i gruppespelet.

Nicolas Anelka

HEIM I SKAM: Nicola Anelka reiste attende i skam etter VM i Sør-Afrika. Her på flyplassen på Heathrow i 2010.

Foto: FRANTZESCO KANGARIS / Afp

Blanc i trøbbel

Men utsparkinga av store stjerner stoppa ikkje etter at Domenech forsvann. Heller ikkje den nye landslagstrenaren Laurent Blanc klarte å halde styr på bråkmakarane.

Etter ein litt rolegare periode, blussa det opp igjen under EM i 2012. Midtbanespelaren Samir Nasri skjelte ut ein journalist i eit intervju etter tapet mot Spania i kvartfinalen.

Han blei utestengt i tre kampar, og blei også vraka til VM i Brasil i 2014. Nasri la då opp på landslaget, i ein alder av 27.

Stemninga blei heller ikkje betre då eit opptak med Laurent Blanc blei lekka til media. Der snakka Blanc om å redusere antall svarte og arabiske spillere på landslaget.

Landslagssjefen blei «frikjent» for alle anklagar og heldt fram i jobben. I EM 2012 hadde Frankrike sitt beste meisterskap på lenge, og kom seg til kvartfinalen. Blanc valde likevel å trekke seg frå jobben etter EM.

Streng linje

Didier Deschamps tok over. Kapteinen som hadde ført Frankrike til VM-gull på heimebane i 1998.

Men problema med store stjerner heldt fram litt til.

Rett før VM i 2014 blei det klart at Franck Ribery ikkje kunne stille i troppen, på grunn av ei skade.

Frankrike raste mot Bayern Munchens medisinske apparat. Det enda til slutt med at også Ribery la opp landslagsskarrieren.

Deschamps var uansett ikkje interessert i å ha bråkmakarar på laget.

– Det verkar som at Deschamps har ei strammare hand på rattet enn dei tidlegare Frankrike-trenarane. Han er litt strengare, og har fått stramma inn det franske laget, seier Karl Petter Løken.

Benzema

ABSURD BILETE: Mathieu Valbuena (t.v.) og Karim Benzema er ikkje lenger like gode vener. Her frå ein landskamp i 2014.

Foto: FRANCK FIFE / Afp

Skeiv inngang

Men heller ikkje oppladinga til årets EM var problemfri. Karim Benzema blei vraka frå troppen i samband med utpressingsaka mot lagkamerat Mathieu Valbuena.

Valbuena skal ha blitt pressa for 150.000 euro i bytte mot ein sextape med han og kona.

Så blei Deschamps skulda for rasisme av Manchester United-legenda Eric Cantona. Årsaka til anklagane var vrakinga av Benzema og Hatem Ben Arfa i troppen.

Cantona hevda vrakinga skuldast spelarane sitt etniske opphav.

Men Karl Petter Løken meiner at Deschamps har behandla situasjonen på rett måte.

– Deschamps har vore veldig ryddig i desse prosessane, og har gradvis luka ut spelarar som ville ha styrka det sportslege, men som Frankrike ikkje ville vore tent med som lag.

Didier Deschamps

NY SJEF: Didier Deschamp har fått orden på lagmoralen hos Frankrike.

Foto: FRANCK FIFE / Afp

Retta opp

Og heller ikkje i starten av meisterskapen gjekk alt på skinner for Frankrike. Gruppespelskampane var prega av startvansker, og stjerner som ikkje leverte.

– Korkje Pogba eller Griezmann var gode i opningskampane, men dei fekk kvile, og Deschamps har fått dei til å fungere igjen. Mot Island var dei heilt eineståande, seier Løken.

Og ikkje berre leverer stjernespelarane igjen for Frankrike. Dei spelar som eit lag igjen.

– Dei er mykje meir disiplinerte enn på lenge, og arbeismoralen i laget er attende. Dei ser sterke ut, og har endeleg fått sving på sakene igjen.

Det kan føre til at Frankrike igjen kan ta eit meisterskapstrofé. Sist gong dei spelte på heimebane var Deschamps hærførar ute på bana, no er han strateg på sidelinja.