Shaun White og pins. På pressetreff Olympic Village. Vinter-OL 2022.
Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

Den store pinsjakta

Snakkisen i OL er ikkje idrett, men pins. Det handlar om taktikk, nasjonalitet og vennskap.

Få timar inn i første arbeidsdag, starta jaget.

«Do you have pins», høyrer eg om og om igjen.

Det er som ekko i øyra mine.

Ein svært imøtekommande kinesar kom mot meg, strekte fram handa og gliste breitt. I handa låg det eit munnbind kledd i dei olympiske ringar.

Eg tok imot. Det var jo ein hyggeleg gest, og dette var finare enn dei sterilt kvite FFP2-maskene vi vanlegvis går med.

Lite visste eg at ho ville ha noko attende. I neste sekund kom spørsmålet.

«Do you have pins?»

Det var første gong eg høyrde spørsmålet. Eg blei paff. Små jakkemerke, liksom.

Verkeleg?

Dessverre måtte ho gå tomhendt derifrå.

Pins, jakten på pins. Vinter-OL i Kina 2022.

HEKTA: Ein tilsett med det olympiske munnbindet og haugevis med pins.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Det har ikkje vore ein dag her utan at eg ikkje høyrer om eller ser desse merka.

På pressetreff med snøbrettlegenda Shaun White tenkte eg at eg skulle få sleppe unna pins-snakk ei lita stund, men jammen tok eg feil.

Kvifor er den aller største stjerna så opphengt i pins?

Pins på hjernen

Då ein amerikansk journalist gjekk fram til mikrofonen og spurte kva mål White hadde sett seg for sitt siste OL og meisterskap i karrieren, fortalde snøbrettkøyraren at han skulle skvise ut siste rest av spenning og moro.

Brått lyste andletet hans opp.

– Eg mista nesten bussen fordi eg stod og bytta vekk alle USA-pinsa mine. Måtte få hjelp av lagkameraten min for å rekke den, sa han og lo.

Snakk om digresjon. Eg lurer på om pins er sterkt avhengigheitsskapande. Det verkar som om folk ikkje tenker på anna.

Shaun White Risky Business

LEGENDE: Shaun White er ein av dei største snøbrettstjernene. Her med gullmedaljen frå OL i Pyeongchang. Den har han bytta ut med små, glitrande pins.

Foto: Patrick Semansky / AP

Då fellestimen var over, gjekk White mot meg med den gitarforma snøbrettposen frå Louis Vuitton i handa. Eg tok motet til meg og spurte om eg kunne stille eitt spørsmål til.

Han gav kjapt beskjed om at han hadde dårleg tid.

Eg skjønnar at han var lei, han som hadde brukt siste timen på spørsmål om kva albumnamn karrieren ville fått, kva han tykkjer om det nye hurtigtoget til Kina, og om kvifor han framleis held på med idretten som ga han over 60 sting i andletet tilbake i 2018.

Eg lovde at det var eit var eit annleis og morosamt spørsmål.

– Det handlar om pinsjakta, sa eg.

Han stoppa opp, midt i journalistane sitt arbeidslokale på pressesenteret.

Auga sperra opp og eg kunne sjå at han trakk på smilebandet bak det svarte munnbindet.

– Pinsjakta går skikkeleg bra, men eg har mista favorittpinsen min. Eg prøver å prosessere dette tapet. Det er skikkeleg tungt, sa han og skar ei grimase.

Dette bryr han seg om. Han har snart ikkje plass til fleire pins rundt halsen.

Det er morosamt og tullete, men personleg tykkjer eg det er ein enkel måte å komme i kontakt med folk som kanskje ikkje pratar same språk, eller som ikkje tør å komme bort, seier han.

Fysioterapeuten hans seier at White dessutan ikkje har noko problem med å bytte vekk pinsa sine, for alle vil ha ein bit av han.

Støtteapparatet til Shaun White, på pressekonferanse Olympic Village 05.02.2022.

SMYKKA SEG: Esther Lee og Elise Saarela, teamet til White.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

Det skjedde med nokre franskmenn. White fekk auge på ei gruppe menneske som titta på han, og han bestemte seg for å gå bort. Inngangen blei som følger:

«Hei, har du nokre pins?»

Praten gjekk, og no er White og franskmennene på hels når dei møtast i mathallen kvar dag.

Kvifor er han så opphengd i dette?

– Det handlar om vennskap og tradisjon. Eg har delteke på så mange OL, og eg har så mange pins heime. Det er blitt ein tradisjon å samle, seier White.

Han har nok rett. Samtalen mellom oss enda i ein vennskapleg handsrekking. Ikkje etter initiativ frå meg, for eg tenkte så godt eg kunne på smittevern.

Det trur eg han gløymde sjølv. Det verka nesten som pinspraten gjekk til hovudet på han.

Shaun White, pressetreff Olympic Village Zhangjiakou, Beijing. Vinter-OL 2022.

IKON: Stilsikre Shaun White stilte gledeleg opp med pinsa sine.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK
Shaun White, pressetreff Olympic Village, vinter-OL 2022.

BLING: Den luksuriøse klokka og ringen går overraskande godt i lag med merkene.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK
Shaun White og pins. På pressetreff Olympic Village. Vinter-OL 2022.

FORNØGD: Her er det mange minner i monitor.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

Trenden er attende

Tre kolli blei frakta frå frostige Noreg til enda kaldare Kina.

Ikkje ein einaste pins låg i koffertane. Kor dum går det an å bli, kan ein lett tenke etter at pins-spørsmålet kom på bordet for tiande gong.

Pins har brent seg fast i hovudet mitt, så hardt at eg nærast har lyst å hoppe på trenden. Dei er jo litt fine – desse små, skinande merka i små og store størrelsar.

Pins, vinter-OL i Kina

FARGERIKT: Fleire ulike typar pins.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Det er lenge sidan dette blei eit fenomen, men at trenden skulle komme attende i ein pågåande smittepandemi – det trudde eg ikkje.

Det trudde heller ikkje prosjektleiaren vår, som droppa å bestille pins denne gongen.

Så feil kunne ein ta.

Jakta på pins verkar nærast som eit strålande lysglimt i ei elles så falmande OL-ånd.

Dette er ein glimrande måte å komme i kontakt med andre menneske på.

Utøvarane har hengt seg på, og dei er i gong med spelet.

Gløym korona, jakta på dei beste og mest sjeldne pinsa er i gang. Og for å få dei, då må triksa fram.

Vinter-OL i Beijing 2022: Skiskyting medietreff

BYTTET: Marte Olsbu Røiseland har hengt seg på trenden.

Abigail Strate, skihopper.

NY VRI: Skihoppar Abigail Strate frå Canada har pimpa opp hatten.

Sturla Holm Lægreid med pins.

FANGSTEN: Sturla Holm Lægreid er godt fornøgd med pinsa, og det som kjem med.

Taktisk spel

Kollegaen min fekk den varmaste komplimenten her om dagen.

«You are very beautiful», stotra ei av dei frivillige.

«Jøss», tenkte han og sperra opp auga.

«Do you have pins?» følgde ho opp med.

Pins, OL i Kina

BYTTE? Ein frivillig peikar på ein av pinsa sine.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Nei, sjølvsagt hadde han heller ikkje pins.

Taktikken feila, men kollegaen min fekk i alle fall gå derifrå varm i sinnet i elles så kalde Kina.

Korleis taktikk fungerer?

Du må vere først og du må ha forskjellige pins. Det er tungt om du jaktar i lag med laget, for alle har dei same pinsa dei vil byte vekk, røper White.

Fristilskongen Birk Ruud har hausta mykje skryt for pins-metodane sine. Han har fått «street cred» i gjengen, nettopp fordi han har fått tak i ein av dei sjeldnare pinsa til Canada.

Birk Ruud

GULL-STIL: Slik såg Birk Ruud ut etter han tok eit historisk OL-gull i big air.

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

Tre ulike pins har kanadiarane med seg, og ein av dei finst det berre få av.

Korleis fekk han tak i ein slik? Nei, det ville han ikkje røpe. Etterspørselen er stor nok frå før.

Nasjonspinsa er statusmerka mellom utøvarane. Her skal det ikkje vere noko sponsormerke.

Mexico-pins

STOLT: Snøbrettkøyrar Red Gerard låg ut denne pinsen på Instagram, med teksten: «Hyped on this one».

Foto: SKJERMDUMP Red Gerard

Lagkamerat Ferdinand Dahl er misunneleg, for han har ikkje heilt knekt koden.

15 pins hadde han først, men no har han berre fire.

– Ikkje veit eg kva som skjedde. Eg har blitt lurt, men eg satsar på at dei fire skal bli godt brukt, seier Dahl til NRK.

Skøyteløpar Hallgeir Engebråten har lagt seg på ein anna linje. Han vil gjerne gjere dei frivillige glade.

– Eg bytta med glede vekk mine, og fekk nokon Coca-Cola-pins tilbake. Det er fint at dei får noko tilbake for arbeidet dei gjer, for det er bra, seier han til NRK.

Og han er inne på noko. Byting av pins gjer OL-ånda tilgjengeleg for massane.

Store kontrastar

Her flokkar titals med frivillige og tilsette seg rundt eit nytt byte.

Bandet som held akkrediteringa rundt halsen er fargelagt med pins. Nokre er festa med nåler, andre med magnet.

Dei finst i alle moglege størrelsar, fargar og fasongar. Kvar og ein flyttar blikket raskt i kampen om eit nytt merke i samlinga.

Fleire timar bruker funksjonærar i jakta på pins, til både fryd og misnøye frå hardtarbeidande journalistar og anna støtteapparat.

Så høg er pågangen på pins, at fleire mediebedrifter har måtte ty til eksterne middel for å stoppe menneska frå å banke på dørene.

På kontordøra inn til tyske ARD, heng det eit ark.

Skilt på veggen til tyske ARD, vinter-OL 2022.

NEDSLÅANDE: Eit strengt bodskap retta mot pinsjaktarane.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

«NO PINS!! Sorry», er festa med teip.

– Det kjem så mange menneske inn på kontoret, og plagar oss med spørsmålet «do you have pins, do you have pins». Sjølvsagt har vi pins, men vi driv berre med dette utandørs, forklarar Franziska Marie Muellers til NRK.

Ikkje misforstå. Ho elskar pins og det som kjem med det.

– Det beste er jo å møte folk, komme i kontakt med dei og lære om andre kulturar, seier ho.

Ho har fått dårleg samvit.

Ho har ein slik lidenskap for pins, at undervegs i intervjuet med NRK vel ho å ta ned att arket.

Slik kan ikkje ARD vere. Det står ikkje i stil med OL-ånda.

– Det er vanskeleg å møte folk elles, i desse koronatider, seier ho.

Franziska Marie Muellers, ARD, om pins. OL i Kina

STOLT: Muellers og den pinsen ho er mest fornøgd med.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Kelly Phelvin, som jobbar for Sky Sports i New Zealand, forstår at ARD måtte stoppe pinsbytinga innanfor kontoret sine fire vegger.

Han kjenner på at det er ein distraksjon, men det er sjeldan han klarer å styre seg. Jobben må vike, og kynismen kjem fram.

– Mange prøver seg på ein to for ein-svindel, og eg må alltid sjekke at eg ikkje får ein som manglar ei nål.

Dette har han fundert på ei stund.

Dei beste pinsa han får tak i, får aldri sjå dagens lys igjen. Dei ligg gøymt på rommet, seinare stua vekk i ein pappeske i skapet.

Det kan vere vanskeleg å forstå.

Kerry Phelvin, Sky Sports. Pins, vinter-OL 2022.

STOLT: Kerry Phelvin med Sky Sports-pinsen.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Verdifullt som krone og mynt

Ein som tente gode pengar på pins, det er notidas pinskonge Ørnulf Børke.

Han beit merke i interessa under Calgary-OL, og gjekk all in for at bedrifta hans skaffa seg rettane då den norske komiteen søkte om leikane i 1992 og 1994.

Pins var ein del av møteverksemda mellom IOC-toppane og dei norske vikingane. Det var ein rimeleg gåve og dessutan ein fint minne å ta med heim frå besøket i nord.

Lillehammer skulle på kartet.

OL-et blei norsk, og Børke fekk sin sjanse.

18 millionar pins selde han den gongen.

Ørnulf Børke, pinskongen Trofé AS.

ARKIVET: Ørnulf Burke har ramma inn delar av Lillehammer-produksjonen.

Foto: PRIVAT

Trykket var så stort at han måtte bruke ekstra tid på tryggleikstiltak for å unngå piratkopiering, stolne pins og sal på den opne marknaden.

Ein privatetterforskar blei tilsett for å finne pinsa som forsvann på Fornebu flyplass og dukka opp på pinstreff i Oslo.

Korleis blei interessa så stor?

Pins-regler i OL i Beijing.

REGLAR: Dette synet møtte meg på veg inn på OL-butikken for å kjøpe pins.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

Minner for livet

Eit rykte frå Lillehammer seier at den berømte «julekurva» blei selt for 15.000 kroner på den opne marknaden.

Dette håpar ikkje Børke er motivasjonen bak den store pinsjakta.

– Dette er eit minne frå noko stort ein har vore med på, og det er ekstra fascinerande at du treff mange interessante menneske du elles ikkje ville veksla eit ord med, seier Børke.

Før i tida hadde ikkje utøvarane like romsleg økonomi som no.

– Då blei pins brukt som ein måte å skaffe seg suvenirar frå ei stor oppleving, seier han.

Jakten på pins, vinter-OL i Kina 2022.

STIL: Mange ulike personar viste gledeleg fram fangsten sin.

Pins, vinter-OL 2022.

IDENTIFIKASJON: Her visar ei frivilleg fram pinsen som identifiserar rolla hennar.

Pins. OL-arbeidar på hopparenaen i vinter-OL 2022.

KOMPLEKS: På hopparenaen dukkar ein journalist opp med pinsen frå Beijing. Den består av fire merker.

Pins, vinter-OL 2022.

FAVORITT: Her viser ein anna journalist fram sin finaste pins.

No har pinstradisjonen til og med overlevd korona. Dei vesle merka er sterke.

Skal vi tru Shaun White og dei andre utøvarane NRK har snakka med, er det ein genuin grunn til at pinsjakta er blitt så stor.

Merka er grodd fast i OL-tradisjonen og held ånda i live. Å vere med på eit OL er spesielt, og dei små pinsa knyt band ein elles aldri ville fått.

Etter OL legg White konkurranseskoa på hylla.

Heldigvis kan han avslutte med mange nye vennskap og ein haug med minner, samla i ein pappboks i skapet.

Og skulle økonomien nokon gong bli skral, kan han sikkert prøve seg på eit sal.

Epost om pins

PÅGANG: Skjermdump av ein e-post som plutseleg tikka inn til ein av NRK-journalistane i Kina.

Foto: PRIVAT