– Stemmer ikkje med verkelegheita
SJUSJØEN/OSLO (NRK): Martin Johnsrud Sundby slår attende mot mediedekninga etter dopingdommen.
På hytta på Sjusjøen legg Martin Johnsrud Sundby ned dei siste treningstimane før høgdeopphaldet som skal gjere han klar til sesongstart i Finland seinare i haust.
I pausen mellom bakkeintervalla får han støttande ord av forbipasserande hytteturistar. Det er vel knapt nokon som ikkje har fått med seg dommen mot Johnsrud Sundby, og etterspela den har fått.
No meiner hovudpersonen at mediedekninga mot han har vore urettferdig og belastande, medan dei på si side meiner dei berre har gjort jobben sin.
Langt nede
Langrennsløparen seier han fleire gonger har vore inne på tanken om å legge opp karrieren.
– Eg har hatt svarte augneblink, men dei har vore korte. Eg treng litt mental hjelp av og til. Det er lov til å vere innom dei svarte hola av og til, so lenge ein kjem seg raskt opp igjen. Det har ikkje vore like lett alle dagar.
– Korleis har du det akkurat no?
– Eg må vere heilt ærleg med deg å seie at det går veldig opp og ned.
Johnsrud Sundby blei dømt for å ikkje ha søkt fritak for bruk av den lovlege astmamedisinen Ventoline, med virkningsstoffet Salbutamol.
Saka starta det som etter kvart har blitt ein stor diskusjon om medisinering av toppidrettsutøvarar. Kulturministeren kravde handling, og eit uavhengig granskingsorgan går i denne tida gjennom medisineringspraksisen til det norske langrennslandslaget.
Klar for ein annleis vinter
Kritikken har hagla frå fleire hald, og merksemda internasjonalt har vore stor. Men Johnsrud Sundby seier at han ikkje gruar seg til å møte det internasjonale pressekorpset når verdscupen i langrenn brakar laust igjen i slutten av november.
GRÅTKVALT: Slik såg Sundby ut då han sat skulerett på pressekonferansen der skiforfundet forklarte dommen mot han.
Foto: Braastad, Audun / NTB scanpixDer må han vere klar for å møte den same kritikken har møtt her heime i Norge, kanskje til og med endå meir.
– Eg er førebudd på at det blir eit tøft og brutalt møte med kritisk presse, det har eg vore førebudd på heile tida. Eg er førebudd på å få konkrete kritiske spørsmål som eg må svare på, og eg trur eg skal klare å gje gode svar.
For nordmannen meiner sjølv at alle fakta er komen på bordet, og at han ikkje vil ha nokon problem med å forklare det til den internasjonale pressa.
– Eg har ikkje noko å skjule i denne saka, eller noko eg skal skyve under teppet. Eg kan svare dønn ærleg på alle dei spørsmåla som kjem.
I Sverige har ekspertar tidlegare sagt at astma-saka kjem til å gje alle norske sigrar til vinteren ein ekkel bismak. Johnsrud Sundby trur også det blir litt annleis denne sesongen.
– Eg veit at det kjem til å bli ein heilt annleis vinter enn det eg er vand med. I tillegg til å ta omsyn til gode og dårlege renn må eg handtere denne saka.
– Er du førebudd på at folk kjem til å spørje om du har teke astmamedisinen din den dagen du vinn eit renn?
– Ja, det er eg førebudd på, og det skal eg gi ganske gode svar på.
KLAR FOR KULDA: I Ruka i Finland skal Martin Johnsrud Sundby og resten av langrennseliten opne verdscupen seinare i haust.
Foto: Petr David Josek / ApKritisk til mededekninga
Men det er nettopp mediedekninga av saka Johnsrud Sundby meiner har vore det vanskelegaste med å motivere seg for ein ny sesong.
FORSVARAR DEKNINGA: VGs Leif Welhaven meiner at pressa har gjort jobben sin i astma-saka.
Foto: Frode Hansen / VG– Det har vore veldig vanskeleg å lese og sjå det som blir skrive og laga på fjernsyn med utspel og saker som ikkje stemmer med verkelegheita, og den saka eg står i. Det har vore veldig mykje ukorrekt bruk av omgrep og definisjonar. Det er veldig trist for meg å sjå.
– Kva har vore gale?
– Det har ofte blitt referert til at eg har teke eit forbode stoff, og det stemmer jo ikkje. Eg har teke ein astmamedisin som er lovleg å bruke av absolutt alle. Det har også blitt sagt at eg har fått i meg for mykje av dette stoffet, og det stemmer heller ikkje.
VG-sportens nyheitsleiar Leif Welhaven meiner han ikkje har heilt rett i den siste påstanden.
– Han har rett at medisinen ikkje er forbode, men han har levert to prøvar med salbutamolkonsentrasjon i urinen over det tilletne. Dommarane meiner dopingreglane blir brotne ved å bruke ei maskin lada med nesten ti gongar døgndosen, og tek ikkje stilling til kor mykje som nådde kroppen hans, seier Welhaven, og konkluderer slik:
– Kor vidt han har fått i seg for mykje kjem altså ikkje fram av dommen. Å konstatere at han ikke fekk i seg for mykje er dermed ein partspåstand som det ikkje finst dekning for i dommen.
– Skiforbundet har sminka saka
Welhaven har stått i spissen for VGs dekning av saka, og meiner at pressa har gjort jobben sin i dette tilfellet.
– Me har gjort jobben vår som ei kritisk presse. Eg forstår at det har vore ein belastning for han, samstundes hadde det vore ei unnlatelsessynd viss me ikkje hadde skrive om det.
Han meiner også at skiforbundet har gjort det vanskeleg for seg sjølv i denne saka, men innrømmer at det kan ha vore vekslande presisjonsnivå i nokre saker.
– Eg vil seie at skiforbundet har gjort ein langt slettare informasjonsjobb enn pressa. Journalistikk og medisin er ein krevjande kombinasjon, og det er heilt sikkert saker i media med varierande presisjonsnivå. Men skiforbundet har presentert ein tendensiøs og sminka versjon.
Skiforbundet dekka tapet
Tidlegare i dag kunne NRK melde at Martin Johnsrud Sundby tek på seg det fulle ansvaret i saka.
– Eg har full forståing for at folk ser på dette som ansvarsfråskriving slik saka er blitt framstilt, særleg i seinare tid. Der må eg berre so tydeleg som eg kan vere. Dette er hundre prosent mitt ansvar. Det er juridisk sett berre mitt ansvar, og det håpar eg ingen har misforstått heller.
Han er også oppteken av å få fram at det er han som har teke straffa i saka.
– Det er mitt ansvar, det er eg som har måtte ta denne straffa. Eg har vore utestengd, eg har mista resultata mine, og eg har ikkje minst fått mitt rykte og renommé sett på prøve. Det ansvaret har eg ikkje prøvd å seie frå meg.
Trass dette, er det altså skiforbundet som har dekka det økonomiske tapet Sundby. VG kunne for få dagar sidan avsløre at det totale beløpet no strekk seg til 3,3 millionar kroner.
Johnsrud Sundby forklarar kvifor skiforbundet valte å ta på seg skulda, og dekke inn tapet for Tour de Ski- og verdscup-troféet han mista.
– Skiforbundet hadde sannsynlegvis dårleg samvit for dei råda som blei gitt undervegs, og følte at dei ønska å ta skulda for det som skjedde.