FØRSTE RENNET: Slik såg det ut i det aller første alpinrennet i verdscupen, i Berchtesgaden heilt sør i Tyskland (Foto: Tourismusregion Berchtesgaden-Königsee)
Her skjer det ein revolusjon – men det er det ingen som veit
5. januar er det nøyaktig 50 år sidan det aller første verdscuprennet blei arrangert. – Men det la vi ikkje mykje merke til, seier den einaste nordmannen som fullførte.
Du har kanskje lagt merke til at talet 50 fyk over tv-skjermen før og etter repetisjonane i sendingane frå alle dei alpine verdscuprenna denne sesongen.
Det er fordi verdscupen fyller 50 år i vinter.
Det markerte fleire av dei meir eller mindre aldrande alpinlegendene med jubileumslalåm i Zagreb onsdag. Alberto Tomba og Jean-Claude Killy gjorde kort comeback.
COMEBACK: Alberto Tomba og fleire av dei andre alpinlegendene gjorde eit aldri så lite comeback i jubileumsåret
Torsdag 5. januar er det nemleg nøyaktig 50 år sidan det aller første verdscuprennet i alpinhistoria – faktisk den aller første individuelle konkurransen som kunne smykke seg med verdscup-status.
Eit halvt år tidlegare – nærmare bestemt 11. august – vart verdscupen grunnlagd av sportsredaktøren Serge Lang og hans to nærmaste medarbeidarar inst i ein mørk hotellbar langt oppe i Andesfjella i Chile, under eit alpin-VM som gjekk om sommaren.
Som eit heilt vanleg renn
Det var starten på ein revolusjon. Men for dei 82 alpinistane som deltok, kjendest det som eit heilt vanleg renn.
Og rennet gjekk ikkje i Kitzbühel eller Wengen eller nokon av dei andre store alpinsentera.
Det gjekk i Berchtesgaden, heilt sør i Tyskland.
– Det var lite fokus på verdscupen frå starten, men det gjekk seg nokså raskt til, seier Håkon Mjøen til NRK.
Han var Norges fremste alpinist på siste halvdel av 60-talet, og den einaste av tre norske deltakarar som fullførte begge omgangane i det historiske slalåmrennet.
Utforspesialist til topps i slalåm
PREMIERESIGER: Heinrich «Heini» Messner vann sin einaste verdscupsiger i det første rennet av dei alle, i Berchtesgaden 5. januar 1967
Foto: ApDet var ingen førjulsrenn i den første verdscupen. Derfor gjekk ikkje første rennet før 5. januar.
Austerrikaren Heinrich «Heini» Messner gjekk til topps i det aller første rennet i Berchtesgaden.
Det skulle bli hans einaste verdscupsiger. Og paradoksalt nok kom det i slalåm – Messner var mest glad i utfor.
Han hadde valt kortare ski enn dei vanlege på 2,10 meter. Slalåmløypa var 440 meter lang med eit fall på 180 høgdemeter.
Svenske Bengt Erik Grahn leia stort etter første omgang, men fall nokre meter før mål i den andre.
15.000 tilskodarar hadde møtt fram, går det fram av denne bloggen i berchtesgadener-land.com.
FØRSTE VINNAR: Heini Messner blei den aller første vinnaren i ein verdscup-konkurranse. Her er austerrikaren i aksjon i storslalåm på Voss tre år seinare, i 1970
– Ingen stor dag for meg
– Eg hugsar litt av det rennet. Så vidt eg minnest, var det snøvêr og vanskelege forhold, og ingen stor dag for meg, nei, seier Håkon Mjøen.
– Men eg hugsar ikkje heilt plasseringa, berre at det ikkje gjekk så veldig bra, minnest Mjøen, som no er blitt 72 år.
SUKSESS I SNØKAVE: – Vi forstod nok at verdscupen skulle bety mykje for alpinsporten etter kvart, seier Håkon Mjøen. Her har han nettopp vunne prøve-OL i Courchevel
Foto: Scanpix / NTB scanpixHan blei nummer 35, over åtte sekund etter Messner.
Nokre veker seinare vann Mjøen slalåmrennet i prøve-OL i Grenoble. Men det talde ikkje i verdscupen.
«Prøveordning»
Men det var ikkje så mange som visste at dei var med på det som skulle revolusjonere alpinidretten – og etter kvart også dei fleste andre idrettsgreinene. Verdscup-omgrepet var heilt nytt og ukjent. For mange var det derfor eit heilt vanleg internasjonalt renn av typen «FIS 1» dei var med i.
Kanskje ikkje så rart, for på det tidspunkt hadde verdscupen nærmast status som ei prøveordning. Først på FIS-kongressen etter sesongslutt blei verdscupen gjort permanent, og prøvesesongen blei inkludert i dei offisielle listene.
– Ja, i vår bevisstheit tok vel verdscupen eigentleg til sesongen etterpå, seier Mjøen. Det skulle også bli oppdalingens beste sesong.
– Vi visste godt om det nye som heitte World Cup, og snakka om at dette kunne kome til å få mykje å seie for alpinsporten framover, seier Mjøen, som deltok i sitt siste verdscuprenn i Madonna di Campiglio i januar 1970.
– Og vi merka nokså raskt at det blei meir fokus på dei renna som inngjekk i verdscupen enn dei som ikkje gjorde det.
NORGE: Frå verdscuprenn på Voss i mars 1970. Slik blei sendinga presentert på NRK, og Werner Bleiner vann storslalåmrennet
Minimal norsk medieinteresse
Håkon Mjøen fekk namnet sitt verdskjent då han stod øvst på resultatlista etter OL-slalåmrennet i Grenoble i 1968. Fram til det blei oppdaga at han hadde bomma på to portar i skoddehavet, og måtte diskast.
Håkon Mjøen følgjer framleis godt med i alpinsporten, fem tiår etterpå.
– Det er ei heilt anna verd no, med mykje meir oppstyr og merksemd omkring verdscupen.
LITEN PRESSEDEKNING: Denne korte einspaltaren i Aftenposten var omtrent det einaste i norsk rikspresse om det historiske slalåmrennet
Foto: AftenpostenI norske media var det langt frå store oppslag. Aftenposten hadde ein kort einspaltar midt på den eine sportssida. VG nemnde ikkje rennet i det heile.
Eit søk i Retreiver – databasen og arkivet for avisartiklar – fortel ikkje om kombinasjonen verdscup – eller World Cup – og alpint før i 1968.
– Det er eigentleg ikkje så rart. Norske sportsjournalistar på den tid var stort sett opptekne av hopp og langrenn. Vi fekk ikkje rare spalteplassen, vi var vel nærmast som stebarn å rekne.
– Men verdscupen endra på det, alpinistane blei meir synlege etter kvart, seier Mjøen.
Forbundet prioriterte renn i Sverige framfor v-cup i USA
Sjølv gjorde han det best den andre verdscup-sesongen, i 1967/68. Då blei han nummer to i slalåm i Wengen og nummer tre i Oslo. Han kjempa om ei topplassering i slalåm-cupen samanlagt, og var nummer tre før dei tre siste renna i USA i mars og april.
– Men skiforbundet ville ikkje sende meg til USA. Eg måtte i staden delta i renn i Nord-Sverige for å skaffe punkt til dei norske løparane, seier Mjøen, som fall til sjetteplass i slalåm-cupen til slutt.
– Men det tok ikkje lang tid før verdscupen påverka valet av kva renn vi skulle delta i. Det var trass alt der vi var sikre på å møte dei beste, seier Håkon Mjøen.
BERCHTESGADEN: Slik såg det ut i målhenget i opningsrennet
Foto: TRBKFørste verdscup-konkurranse i verdshistoria
Rennet i Königsee like utanfor Berchtesgaden var ikkje berre det første verdscuprennet i alpint. Med ein viss rett kan ein seie at det var den første verdscup-konkurransen i nokon individuell idrett.
Ideen kom frå sportsredaktør Serge Lang, som utvikla den saman med franske Honore Bonet og amerikanske Bob Beattie inst i ein hotellbar i Portillo.
Serge Lang valde å kalle nyvinninga World Cup, inspirert av fotball-VM i England der finalen hadde blitt spela på Wembley berre nokre få dagar tidlegare.
– Så vidt eg veit, var ei av årsakene at det var vanskeleg å samle alle dei beste i same renn på den tida. Dei var spreidde må mange renn, og verdscupen skulle gi høgare status og fleire konkurransar der dei beste var med, seier Kjetil Andre Aamodt.
Han vann sjølv verdscupen samanlagt i 1994, som første nordmann.
– Derfor var alpinsporten først ute med verdscup. Dei nordiske idrettane med langrenn og hopp var ikkje så utbreidde internasjonalt, og det var færre konkurransar. Derfor stilte dei beste oftare opp i same konkurranse, og behovet for ei samlande ordning var ikkje det same.
Suverene Jean-Claude Killy
MEGASTJERNE: Jean-Claude Killy vann ikkje opningsrennet, men vann ein knusande siger i verdscupen totalt første sesongen. Mange meiner franskmannen er den største alpinisten i historia
Foto: ANONYMOUS / ApFørste sesongen omfatta 17 renn for menn og like mange for kvinner. Slalåm, storslalåm og utfor var greinene – verken super-G eller kombinasjon var med.
Franske Jean-Claude Killy var suveren i klassen for menn og vann 12 av dei 17 renna. Han vann seks renn på rad, alle disiplinar medrekna – ikkje berre ein, men to gonger.
Det gav maks poeng i cupen der dei tre beste plasseringane i kvar disiplin talde med. Messner var nummer to, men med berre halvparten så mange poeng som Killy.
I kvinneklassen – der det aller første rennet gjekk i Oberstaufen to dagar seinare – vann Nancy Greene frå Canada. Ho vann også samanlagt, knapt framfor franske Marielle Goitschel.
Oslo var første norske verdscup-arrangør, med slalåm og storslalåm for både menn og kvinner i mars 1968.
Jubileumsrenn med v-cup-vinnarane
Det internasjonale skiforbundet FIS skal markere 50-årsjubileet, men det skjer i Zagreb i Kroatia. Dit er alle samanlagtvinnarane i verdscupen invitert til å vere med på eit showrenn 4. januar – dagen før jubileet.
18 av legendene har sagt seg villig til å delta.
Blant dei er Alberto Tomba (50), Marc Girardelli (53), Ivica Kostelic (37), Andreas Wentzel (58), Michaela Dorfmeister (43), Pernilla Wiberg (46), Petra Kornberger (47) og Annemarie Moser-Pröll (53).
FØRSTE VINNAR: - Verdscupen har hatt mykje å seie for utviklinga av alpinsporten, seier Kjetil Andre Aamodt, her i aksjon på Kvitfjell i 1996. To år tidlegare hadde Aamodt blitt Norges første samanlagtvinnar i verdscupen
Foto: Åserud, Lise / NTB scanpixOg ikkje minst Jean-Claude Killy (73) og Karl Schranz (78). Killy vann verdscupen dei to første sesongane, Schranz dei to neste. Og Marcel Hirscher (27), som har vunne verdscupen fem år på rad, og som har stø kurs mot den sjette.
Moser-Pröll er mestvinnande med seks verdscuptitlar samanlagt, derav fem på rad.
TV-interesse og inntekter
Kjetil André Aamodt var med i verdscupen i over 15 år, var også blant dei inviterte til Zagreb-jubileet. – Men eg hadde ikkje høve til å reise nedover, seier han.
– Kva har verdscupen hatt å seie for utviklinga av alpinsporten?
– Mykje, seier han, og dreg fram to faktorar:
– For det første var det frå starten av lagt opp til tv-overføring frå alle verdscuprenn, med den interessa det genererte. Og for det andre gav det alpinsporten inntekter som gjorde det lettare å kunne leve av idretten, seier Aamodt.
Og Berchtesgaden?
Dei har arrangert 23 verdscuprenn. Men det er lenge sidan sist. Det var slalåm for kvinner i januar 2002, med Marlies Öster som vinnar.
For menn var slalåmrennet 14. januar 1986 det aller siste i den sørtyske byen. Svenske Johan Wallner vann.
BERCHTESGADEN: Slik såg det ut då verdscupen blei ein realitet 5. januar 1967. Men i dag står ikkje Berchtesgaden lenger på lista over verdscup-arrangørar (Foto: Tourismusregion Berchtesgaden-Königsee)
Foto: TRBK