X Games-hopp smelta vekk
Det varme veret dei siste dagane pluss styrtregnet i natt og i dag tidleg har skapt problem for arrangørane av X Games på Fornebu. I dag tidleg blei det klart at det eine, store hoppet rett og slett hadde smelta vekk i løpet av nattas uvér - slik ein kan sjå på biletet (det kvite ein ser er plast, ikkje snø, red.anm). Dagens trening blei derfor avlyst.
No må arrangøren få frakta inn snø frå Kvitfjell og Hafjell for å rekke å bli klare til helgas konkurransar.
– Planen var å legge snø så tett som mogeleg opp mot treninga, og det blei vanskeleg i dag, seier Henning Andersen i X Games Norway.
– Men alt anna går etter planen, seier han.
Planen er å lage ei opning i taket for å gi plass til det høge hoppet. Men med regnet i dag måtte taket stengast. Derfor får ikkje utøvarane trena før fredag kveld.
– Det er sjølvsagt ikkje optimalt. Men det får ingen konsekvensar for konkurransane i helga, seier Andersen.