World Winter Games er vinterutgåva av Special Olympics. Ideen vart lansert fredag då kulturminister Thorild Widvey heldt mottaking for troppen som tok 42 medaljer i årets World Summer Games i Los Angeles.
Åse Torheim er konkurransedirektør for Special Olympics. Ho lanserte tanken under mottakinga.
– Kven veit, kanskje kan vi ein dag vise verda kor langt vi er komne ved å arrangere World Games i Norge, sa Torheim.
– Vi skal diskutere dette i idrettsstyret etter utspelet som kom no. Vi er ein vinteridrettsnasjon og vi har mange store arrangement. Så det kan godt hende at vi også kan ta på oss dette, seier Andersen.
– Som ein av dei rikaste nasjonane har vi også eit internasjonalt ansvar om å invitere til store meisterskap i Norge. Det må vi også gjere for utviklingshemma, legg han til.
Special Olympics World Game er verdas største arrangement for utviklinshemma utøvarar. Sommarleikane blir arrangert kvart fjerde år, vinterleikane åra midt i mellom.
Vinterleikane går i Graz og Schladming i Austerrike i 2017 og blir dei 11. i rekka. Dei første vart arrangerte i 1977. Sju av dei ti føregåande er arrangert i Nord-Amerika, to i Asia (Japan og Sør-Korea) og ein gong i Austerrike (Salzburg og Schladming i 1993).
Det neste som skal tildelast, er leikane for 2021. Det er der Norge kan kome inn.
Idrettane som står på programmet er alpint, langrenn, kunstløp, hockey, kortbaneløp, snøbrett, snøsko og hurtigløp.