Windingstad skada - tek sesongpause

Alpinist Rasmus Windingstad seier til NRK at han har fått ei nerve i klem i ryggen, og at dette svekker venstrefoten hans. Difor planlegg han å stå over dei kommande renna, og heller stille til start i Garmisch-Partenkirchen 3. februar.

Likevel kjem han til å forsøke å stille til start på morgondagens storslalomrenn i Adelboden.

– Eg kjem ikkje til å sjå ut som meg sjølv i morgon, seier Windingstad til NRK.

Windingstad vart skada under verdscupen Alta Badia før jul, og har ikkje klart å trene seg god att. No vel han altså å ta ein opptreningspause heime i Noreg i staden for å medisinere bort smerta.

lpGHcU7fzH4
Foto: Alessandro Trovati / Alessandro Trovati

Siste nytt

  • 82-5. Er det håndballrekord?

    Det er ikke bare i Europa det spilles håndballmesterskap for tiden. Det aller første i Sør-Amerika startet i dag og Argentina leverte noe av en verdensrekord da Bolivia ble slått 82-7. Ved pause sto det 42-5!

  • City sleit seg til siger

    Sergio Agüero scora fire minutt etter at han blei bytta inn og sikra Manchester City 1-0 borte mot Sheffield United. Tidlegare hadde Gabriel Jesus brent straffe for City.

    I botnen tok Aston Villa og Bournemouth viktige sigrar med høvesvis 2-1 over Watford og 3-1 over Brighton. Villas sigersmål kom fem minutt på overtid.

    Newcastle scora to mål på under eitt minutt langt inne i overtida og sikra 2-2 mot Everton. Southampton slo Carystal Palace 2-0 i Londnon.

    I kveldens siste kamp blei det 2-2 mellom Chelsea og Arsenal, etter at Arsenal utlikna to gonger.

    Sergio Agüero
    Foto: Oli Scarff / AFP
  • Sesongen over for Dominik Paris

    Alpinsesongen er over for fartsspesialisten Dominik Paris. Italieneren ødela korsbåndet under super-G-trening i Kirchberg tirsdag. – Sesongen min er over, dessverre. Da jeg skled nedover festet innerskien seg i noe, og korsbåndet røk, sa 30-åringen ifølge FIS' nettsted.

    -
    Foto: Marco Bertorello / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal