Det var ikkje berre Venus Williams sine sterke servar på 128 km/t som fekk publikum til å måpe under gårsdagens kamp mot spanske Arantxa Parra Santonja (6-3, 6-3).
Iført ein Moulin Rouge-inspirert korsett med matchande smykker, slo den amerikanske tennisstjerna seg lett vidare til tredje runde i French Open.
– Kleda eg spelar i representerer min personlegdom på bana, sa Venus Williams i ein pressekonferanse etter gårsdagens siger.
– Eg har lenge hatt lyst til spele med blonder. Det har aldri blitt gjort før, la ho til.
– Kle på deg
Hudfarga truser, blondekjolar og glitrande tilbehøyr. Det er Williams sjølv som designar kleda ho har på seg under kampane.
Meir sexy antrekk i idretten er noko ho lenge har fronta. Årets French Open er langt ifrå første turnering der dei minimale kreasjonane til Williams blir eit heitt tema.
Under same turnering i 2001 retta dåverande verdseinar Marina Hingis krass kritikk mot klesvalet til Williams.
- Eg kunne aldri ha kledd meg i ei slik drakt. Min jobb er å
spele tennis, ikkje å vise fram kroppen min, sa Hingis til den engelske avisa The Sun.
Hingis reagerte særleg på den dristige overdelen som viste mykje av Venus sitt brystparti.
Gløymte ikkje trusa
Men kritikken sat ikkje ein stoppar for Williams sine klesstunt.
Under Australian Open i vinter var det tid for å vise enda meir hud. Williams i hudfarga undertøy fekk tilskodarane til å gni seg i augo. Ryktene gjekk om tennisspelaren som spelte i berre nettoen.
– Det handlar om ein illusjon. Ein illusjon av nakenheit, seier 28-åringen om det litt spesielle undertøyet som også er ein del av outfiten i årets French Open.
– Eg ønsker å utfordre meg sjølv, både som designar og som idrettsutøvar, legg ho til.
Nye sprell på fredag?
Venus Williams er seeda som nummer to i turneringa, bak veslesyster Serena Williams.
Fredag møter ho slovakiske Dominika Cibulkova i tredje runde av French Open.
Då er det truleg nye kostymesprell i vente.