NRK Meny
Normal

OL-positiv kulturminister: – Urovekkande at så mange er negative til OL

Trass i folkemotstanden er Thorild Widwey positiv til å arrangere OL i 2022. – Idretten må jobbe hardare for å snu nei-sida, meiner kulturministeren.

Thorhild Widvey

Kulturminister Thorild Widvey ser mange fordelar med å arrangere OL i Oslo.

Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix

Widvey viser til NRKs ferske meiningsmåling der 60 prosent av befolkninga seier nei til til Oslo-OL i 2022.

– Talet er urovekkande. Ein skulle ønske at det var ein høgare andel som såg verdien i at Norge kunne arrangere eit OL. Her må det gjørast ein jobb. Ansvaret kviler på Oslo kommune og Norges Idrettsforbund, som står som søkar til eit mogleg OL.

Kulturministeren plasserer seg tydeleg på ja-sida i OL-kampen.

– Det er mange moglegheiter med å søke og arrangere. Det er 28 år sidan sist det var OL i Norge. I tillegg har vi fått ein ny generasjon utøvarar og frivillege. Vi har ein unik sjanse for å vise Norge fram og å få ein samlande folkefest, seier Widvey, og fortel at det truleg er behov for 20.000 til 25.000 frivillege.

– I tillegg vil det vere positivt for anleggsproblematikken i norsk idrett og positivt med tanke på å få ein ny bydel i Groruddalen og på østkanten.

– Prislappen må ned

Dei høge kostnadane ved å arrangere eit OL fekk Frp til å stemme nei til OL-søknaden på landsmøtet for to veker sidan.

Regjeringspartiet fryktar at det vil gå utover viktige oppgåver som infrastruktur, skattelette, auka konkurransekraft, utdanning, helse og omsorg.

– Å tru at eit Oslo-OL kostar under 50 milliardar er som å tru på julenissen, når Sotsji-OL kosta 500 milliardar, sa Atle Simonsen på landsmøtet.

Widvey uttrykker også overfor NRK at kostnadane, som tydeleg skremmer skattebetalarane, må ned.

– Men er det mogleg å gå mot folkeviljen i ein såpass kostnadstung sak?

– At folket har forståing for at det skal brukast så mykje pengar på eit så stort arrangement er viktig når politikarar skal ta stilling til dette. Søkar har openbart ein stor jobb å gjøre for å få folket med seg her, seier Widvey.

– Men om det enno er fleirtal imot OL vil de likevel gå inn for dette?

– Det er mange ting vi må vurdere opp mot kvarandre når regjeringa skal ta stilling til dette. Vi har ein ambisjon om å ta stilling til dette spørsmålet over sommaren. Vi har også har beslutta at vi kjem til å legge fram sak uansett utfall i saka - med eller utan anbefaling om statsgaranti.

Vil diskutere pris med IOC-presidenten

Mandag skal kulturministeren møte IOC-president Thomas Bach. Der ønskar ho å spør om IOC er klar for å ta ein større del av OL-rekninga.

– Er det mogleg å ha ein større diskusjon om kostnadsfordeling om det kjem inn nye idrettar etter tildelinga? Det er eit tema eg vil ta opp, seier Widvey.

Kulturminister Thorild Widwey er positiv til å arrangere OL i 2022. Hun mener idretten må jobbe hardere for å snu motstanden blant det norske folk.

Siste nytt

  • Espanyol sparket treneren

    Quique Sánchez Flores har fått sparken som trener for den spanske fotballklubben Espanyol.

    Det meldte klubben fredag. Sportsdirektør Jordi Lardin må også gå.

    Espanyol ligger i øyeblikket på 16. plass i La Liga.

    Espanyol Sanchez Flores
    Foto: Nikolas Giakoumidis / AP
  • Norge vant i VM-oppkjøringen

    Det norske ishockeylandslaget slo fredag kveld Sveits 2–1. Stefan Espeland og Tobias Lindstrøm satte målene for Norge.

    Norge spiller ny kamp mot Sveits i morgen, før laget avslutter VM-oppkjøringen med to kamper mot Hviterussland neste helg.

    Ishockey: Norge - Russland 0 - 2
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Pinot-seier i Tour of the Alps

    Franske Thibaut Pinot tråkket inn til 6.-plass på den avsluttende etappen av Tour of the Alps. Det holdt til å vinne rittet sammenlagt.

    Det var ukrainske Mark Padun fra Bahrain-laget som vant etappen.

    CYCLING-AUT
    Foto: REINHARD EISENBAUER / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportslørdag
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 Eliteserien: Brann - Stabæk