Hopp til innhold

Karlsson provosert av norsk taktikk: – Ein protest

Det blei dobbelt norsk på blanda stafett på Beitostølen, og no reagerer Frida Karlsson etter lite hjelp å få frå dei norske kvinnene.

Verdenscup langrenn på Beitostølen: 10 km klassisk individuell start

STUSSAR: Frida Karlsson likte ikkje at dei norske kvinnene hjalp på å dra i front.

Foto: Terje Pedersen / NTB

På den tredje etappen fekk Heidi Weng gå ut med ei stor luke til Frida Karlsson og Silje Theodorsen, men den luka henta konkurrentane kjapt inn.

Karlsson la seg i tet, men på flata stoppa ho nærast opp, og prøvde å initiere til at nokre av dei to norske kvinnene skulle legge seg i front. Det ville dei ikkje.

No reagerer Karlsson.

– Eg forsøkte å få nokon fram, men det blei eg som gjekk først. Enten så var dei veldig trøytte, eller så var det ein protest, seier Karlsson til NRK.

Silje Theodorsen, som sende lagkamerat Simen Hegstad Krüger ut i leiinga på siste etappe, svarer på kritikken:

– Det blir fort slik, når det er fordel å ligge bak. Eg tenkte at eg måtte spare krefter og dra til på slutten, seier Theodorsen til NRK.

Weng avfeiar at det var snakk om ein protest, for ho hadde nok med å gjennomføre.

Verdenscup langrenn på Beitostølen: Langrenn mixed stafett

MÅTTE DRA: Dei norske kvinnene ville ikkje gi noko draghjelp til Frida Karlsson, som brukte mykje krefter på å liggje i tet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Slaktar seg sjølv

Heidi Weng var alt anna enn fornøgd etter at ho måtte sleppe ryggen til Karlsson og Theodorsen opp siste bakken, og dermed sende sistemann Emil Iversen ut heile 7,7 sekund bak Krüger.

– Det er den dårlegaste stafetten eg har gått nokon gang. Det fungerte ikkje, og eg hadde ikkje same tempo som førre helg. Eg er litt skuffa over det, eigentleg, seier Weng til NRK etter etappen.

Ho er ikkje einig med Karlsson om at dei norske kvinnene dreiv med taktikk då dei ikkje gjekk opp i front.

– For min del såg eg ikkje noko poeng i å dra. Det var ikkje noko taktikk frå min side. Eg ville ikkje gå føre, og det var enkelt å gå bak. Eg hadde meir enn nok med det, seier ho.

– Kva er det som gjekk gale?

– Det er litt som frykta. Det kan gå mykje opp og ned, og eg har ikkje treningsgrunnlaget som dei andre har. Eg blir fortare sliten enn normalen, og slik har det vore i heile år, utdjupar Weng.

Ho har slite med sjukdom og skader dette året, og grunngir sprekken med at ho har hatt dårlege treningsperiodar.

– Eg har ikkje klart å presse meg slik eg vil, og då blir ein skuffa når ein pleier å vere med heilt inn på stafettar som dette. Og eg ville jo gi dei andre eit godt utgangspunkt, seier ho.

Dermed vel ho no å stå over neste helgs verdscup i sveitiske Davos.

Verdenscup langrenn på Beitostølen: Langrenn mixed stafett

SKUFFA: Heidi Weng etter si etappe.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Monsteretappe

Simen Hegstad Krüger fekk alt i sine hender på sisterunden, medan Emil Iversen hadde ein del sekund å hente inn etter Wengs etappe.

Og Krüger leverte til glans.

– Fy søren, for ein etappe han leverer i dag. Det var vanvitig inspirerande, seier Johaug.

I siste runde la han inn eit enormt rykk opp bakken, og skaffa seg mange meter til svenske Halfvarsson.

– Eg må utnytte mine styrker. Eg likar den tunge dobbeltdansen, og veit at dei to andre som var bak er gode, forklarar Krüger om kvifor han la inn rykket der han gjorde.

Dermed blei det Noreg 2 som stakk av med sigeren.

Sluttduellen stod mellom Iversen og Halfvarsson, og der kom Iversen best ut, og sikra at det blei dobbelt norsk på pallen.

– Det var eit spennande etappe. Krüger var sterk, og eg mangla siste giret for å henge med. Det var irriterande. Eg skulle gjerne ha hengd på han, seier Iversen til NRK.

Verdenscup langrenn på Beitostølen: Langrenn mixed stafett

JUBEL: Simen Hegstad Krüger i mål.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Overraska over siger

Noregs andrelag hadde ikkje trua på at dei kom til å vinne mot førstelaget på blanda stafett. Det bestod av Lotta Udnes Weng, Mikael Gunnulfsen, Silje Theodorsen og Simen Hegstad Krüger, medan førstelaget stilte med Anne Kjersti Kalvå, Martin Løwstrøm Nyenget, Heidi Weng og Emil Iversen.

– Det var ikkje mange som såg denne kome. Då Arild ringde meg i går, var eg livredd for at eg var reserve, men heldigvis fekk eg starte. Eg har ikkje ord. Dette var heilt utruleg kult å vere med på, seier Gunnulfsen til NRK, som har fått få sjansar i verdscupen.

Silje Theodorsen, som slo Frida Karlsson og Heidi Weng på sin tredjeetappe, trudde ikkje at det ville halde heile vegen inn.

– Fy, fader så morosamt. Eg er stolt av å vere ein del av dette laget. Eg hadde ikkje tort å håpe på siger, seier Theodorsen til NRK.

Krüger følgjer opp:

– Eg trur vi alle vart litt overraska over at vi tok det. Og då smakar det betre, seier han.

Cross-Country Skiing, World Cup, Beitostølen, Mixed relay

PALLEN: Slik ser topp tre ut etter blanda stafett.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Ingen verdscupleiarar

Noreg stilte med to lag på den blanda stafetten på Beitostølen. Der var ingen av verdscupleiarane med, til liks med fleire av dei andre nasjonane.

Fleire lag har pakka ned og sendt heim sine beste utøvarar. Til dømes sende Tyskland heim Carl og Henning, og USA droppa å ta med Jessica Diggins.

Les også Gunnulfsen i strupen på Skiforbundet etter vraking: – Direkte feil

Espen Bjervig og Mikael Gunnulfsen

Sportsnyheter

Premier League - Arsenal v Chelsea

Leken Ødegaard ydmyket Chelsea: – En magiker

Arsenal dundret inn både én, to, tre, fire og fem scoringer mot Chelsea. Etter to målgivende hagler det med komplimenter til Martin Ødegaard.

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Warholm-rival klar for Bislett-duell

    Norges hekkeløpsfenomen Karsten Warholm skal opp mot 2022-verdensmester Alison dos Santos under Bislett Games i Oslo 30. mai.

    Det bekrefter arrangøren i sine mediekanaler.

    Dos Santos ble verdensmester på 400 meter hekk i Eugene i 2022. I forkant av mesterskapet hadde Warholm trøblet med en skade, og nordmannen var dermed ikke i nærheten av å utfordre brasilianeren.

    I fjor slo Warholm tilbake med gull i Budapest. Da ble Dos Santos nummer fem. (NTB)

    Verdensmesterskapet i friidrett 2022
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Det østerrikske forbundet bekrefter: Går mot comeback for Hirscher - for Nederland

    Tirsdag kveld skrev flere sveitsiske medier at det går mot comeback for alpinlegenden Marcel Hirscher.

    Onsdag morgen bekrefter det østerrikske skiforbundet at de har vært i samtaler med Hirscher og at Hirscher der har bedt om å få kjøre for Nederland. Det ønsket har det østerrikske skiforbundet godkjent.

    Det sier generalsekretær Christian Scherer.

    Scherer forteller at det østerrikske forbundet forsøkte å overtale ham til å gjøre comeback for Østerrike, men nå blir det altså trolig Nederland.

    Hirscher har foreløpig ikke selv bekreftet et comeback. 35-åringen har en mor fra Nederland.

    Østerrikeren anses som en av tidenes beste alpinister og kan skilte med 67 verdenscupseiere. I tillegg vant han verdenscupen sammenlagt hele åtte år på rad, fra 2011/2012-sesongen til 2018/2019.

    – Oi, dette høres spennende ut. Hvis dette stemmer kan det bli et enormt sirkus å følge til vinteren, sier NRKs alpinekspert Nina Haver-Løseth.

    Hun er likevel usikker på om han blir like overlegen som han tidligere har vært.

    – Det kommer helt an på hvor mye han har vedlikeholdt og utviklet seg i tråd med idretten. Nivået har vært skyhøyt de siste sesongene, sier Haver-Løseth.

    Tidligere i vår ble det kjent at Lucas Braathen gjør et lignende comeback for Brasil, hvor Braathens mor er fra.

    Austrian Alpine Ski World Cup winner Marcel Hirscher attends a news conference in Vienna
    Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters
  • Nervøs Alcaraz overrakte gjev pris til Bellingham

    Spanske Carlos Alcaraz innrømmer at han var full av nerver før han mandag skulle gi Jude Bellingham Laureus-prisen som årets mannlige gjennombrudd.

    Den unge tenniskometen bretter ut om følelsene han kjente på før han entret scenen i Madrid.

    – Helt ærlig så følte jeg meg ikke komfortabel i det hele tatt. Jeg var så nervøs, og beina mine skalv. Jeg øvde på talen 50 ganger for å forsikre meg om at alt ble perfekt. Jeg er ikke vant til å snakke foran så mange idrettslegender. Det var en flott opplevelse, fortalte Alcaraz på en pressekonferanse i forkant av Madrid Open.

    Den 20 år gamle verdenstreeren beskriver øyeblikket da han ga Bellingham prisen som «vakkert».

    – Jeg har så stor respekt for ham. Han er en fantastisk atlet, så jeg er glad for at jeg fikk oppleve dette.

    Alcaraz fikk selv prisen som årets gjennombrudd under fjorårets utdeling. 20-åringen har tatt den internasjonale tennisscenen med storm de siste årene, blant annet ved å vinne både US Open (2022) og Wimbledon (2023).

    Denne uken skal spanjolen forsøke å ta sin tredje strake tittel i Madrid Open. Alcaraz er andreseedet i turneringen.

    (NTB)

    Alcaraz
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal