Hopp til innhold

Weng har fått sjølvtillitsboost: – Går mykje betre enn før

LILLEHAMMER/AURE (NRK): Heidi Weng har aldri følt seg betre om sommaren enn nå. Trenar Roar Hjelmeset meiner det har gått opp eit lys for eleven.

Heidi Weng

FORNØGD: Heidi Weng vil ikkje røpe kva mål ho for VM i Lahti, men kan røpe at ho har aldri trent meir eller betre denne oppkøyringa.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Heidi Weng hadde ein av sine aller beste sesongar i fjor og klarte endeleg å klatre heilt øvst på pallen i eit verdscuprenn. Likevel sleit ho med sjølvtilliten, følte ikkje ho gjekk bra på ski og fortalde at ho ikkje hadde heilt trua på det ho dreiv med.

I sommar har det gått opp eit lys for 25-åringen.

Knuste alle i Toppidrettsveka

– Eg føler eg meistrar ting litt betre enn det eg har gjort før. Nå har eg funne ut av ting på teknikken, så nå det går litt lettare i letterreng. Det er veldig mykje betre enn det det har vore før, fortel Weng.

– Har du betre sjølvtillit på det du gjer nå?

– Ja, eigentleg. Følelsen er mykje bedre teknisk, men så kjem vinteren så er det kanskje ikkje like bra likevel, seier Weng og flirer.

På dagens fyrste etappe av Toppidrettsveka var det iallfall ikkje vanskeleg å sjå at jenta frå Enebakk har trent godt i sommar. Weng vann med over to minutt ned til dei andre jentene og fekk ingen konkurranse.

Weng vann opp 1.etappe av Toppidrettsveka

SUVEREN: Heidi Weng gjekk tidleg ifrå feltet på den 24 kilometer lange fellesstarten frå Aure til Brekka. Ho vann framfor Emilie Kristoffersen og Ilaria Debertolis.

Foto: Claes-Tommy Herland/Norges Skiforbund / NTB scanpix

– Vil ikkje tru på oss

Landslagstrenar Roar Hjelmeset har trent Weng frå ho var på juniorlandslaget og meiner han har sett stor forskjell i sommar.

– Heidi har blitt 25 år nå og alle år som ein blir eldre, fører det positivt med seg. Ho ser sterkare ut og ho går betre på ski enn det ho har gjort tidlegare. Ho har teke eit lite steg frå det me har sett tidlegare på sommaren, meiner Hjelmeset.

Sjølvtilliten er noko både lagvenninene og trenarapparatet har jobba for at skal bli betre.

– Me jobbar mykje med det. Det er ikkje alltid det hjelper sjølv om me seier til ho at ho er ein god skiløpar og gjer det bra på trening, det er ikkje alltid ho vil tru på oss, seier Hjelmeset.

I tillegg til betre sjølvtillit, har Weng også trent langt meir i vår og sommar enn tidlegare år. Nå nærmar ho seg mengdene til Johaug, Bjørgen og Østberg, som ho har vore langt unna før.

Weng og Johaug Lysebotn

JAKTAR JOHAUG: Under Lysebotn Opp klarte ikkje Heidi Weng og fylgje Therese Johaug, men ho føler ikkje at Johaug har tatt større steg enn ho så langt i oppkøyringa.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

– Eg har trent meir, hatt betre kvalitet på ting og sett litt om eg toler så mykje mengde. Håpet er at eg kan ta enda eit større steg til vinteren enn i fjor.

– Er det mogleg å slå Johaug meir til vinteren?

– Ja, me får håpe det. Får jo håpe at ho ikkje vinn alt så folk synest det blir kjedeleg, smiler Weng.

Siste nytt

  • Halvorsen sikret norsk OL-plass

    Rifleskytter Ole Martin Halvorsen (24) ble nummer tre i fredagens OL-kvalifisering i Brasil, og sikret Norges sjette OL-plass i idrettsgrenen.

    – Det føles veldig godt nå, men det var hardt å skyte. Det er første gang på pallen individuelt for meg internasjonalt, og det var ikke forventet. Men det er veldig gøy, sier Halvorsen til NTB.

    – Det betyr at vi har mulighet til å delta i alle øvelser med maks antall skyttere. Vi kan blant annet stille to lag i blandet lag. Vi står godt rustet foran OL, sier sportssjef Tor Idar Aune i Norges Skytterforbund til NTB.

    OL-ilden i Paris tennes 26. juli. Dagen etter deles første medalje i skyting ut.

    (NRK/©NTB)

    Ole Martin Halvorsen
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Haaland usikker til FA-cupsemifinalen

    Erling Braut Haaland er småskadd og kan miste Manchester Citys FA-cupsemifinale mot Chelsea lørdag.

    Det avslørte City-manager Pep Guardiola på en pressekonferanse fredag.

    Det har vært knyttet usikkerhet til Haaland etter at han ble byttet ut før ekstraomgangene i mesterligakvartfinalen mot Real Madrid onsdag.

    Guardiola uttalte etter den kampen at Haaland ba om å bli byttet ut, og at han ikke var i stand til å fortsette.

    – Erling kjente noe. Et muskulært problem. Han kunne ikke fortsette, sa Guardiola fredag.

    Selv om City er slått ut av mesterligaen, venter et relativt hektisk kampprogram de neste ukene. Kommende Torsdag skal de lyseblå spille en utsatt bortekamp mot Brighton i Premier League, mens Nottingham gjester Manchester i serien tre dager senere.

    Med seks kamper igjen av sesongen topper City ligatabellen to poeng foran Arsenal og Liverpool.

    Haaland er delt toppscorer med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål. Nordmannen har samtidig måttet tåle kritikk den siste tiden. (NTB)

    Haaland
    Foto: DARREN STAPLES / AFP
  • Anna Svendsen legger opp

    Langrennsløper Anna Svendsen avslutter karrieren etter inneværende sesong.

    Tromsø-jenta bekrefter beslutningen i en oppdatering på Instagram fredag.

    – En tid for alt, skriver veteranen.

    – Jeg har gått en litt annerledes vei enn mange andre. Tok bachelor i sykepleie rett etter videregående og dro to år til USA etter det og har de siste ti årene satset for fullt som langrennsløper, men nå er den reisen over, legger hun til.

    Svendsen har blant annet markert seg i sprinter i verdenscupen over mange sesonger.

    Selv trekker tromsøværingen fram sjuendeplassen i sprint under VM i Oberstdorf som et naturlig høydepunkt. Det har også blitt fire sesonger på landslaget og 86 starter i verdenscupen.

    – Et nytt kapittel i livet står for tur, og nå gleder jeg meg til å starte i jobb som sykepleier på infeksjonsmedisinsk avdeling, skriver 34-åringen. (NTB)

    Anna Svendsen i Drammen
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal