NRK Meny
Normal

Warholm: – No ligg eg veldig godt an

Etter ein glimrande første dag av tikampen i U20-VM i USA har Karsten Warholm ein pallplass i sikte.

Karsten Warholm er ikkje veldig overraska etter dei gode resultat på dag éin av U20-VM i Oregon. Likevel var det over det venta. No trur han på ny VM-medalje.

Karsten Warholm var godt fornøgd etter å ha fullført halve tikampen i U20-VM i Oregon. FOTO: Norges Friidrettsforbund/Charlotte Svensen.

Karsten Warholm

Her passerer Karsten Warholm målstreken på 100 meter til tida 10.55.

Foto: Steve DYKES / Afp

Før dei fem siste øvingane, 110 meter hekk, diskos, stav, spyd og 1500 meter, ligg Warholm på tredjeplass i tikampen. Han står med 4238 poeng etter dei fem første øvingane.

Med berre 91 poeng opp til leiande Cedric Dubler frå Australia, og 32 poeng ned til tsjekkiske Jirí Sýkora på femteplass, står alt på spel.

– Verste delen unnagjort

No er 18-åringen frå Ulsteinvik på Sunnmøre svært klar for dag to. Den gode opninga seier han har gjeve «ein godfølelse».

– Det lovar veldig bra for morgondagen. No er første halvdel gjort, kanskje den verste delen psykisk sett. Og no ligg eg veldig godt an, så eg ser fram til i morgon, seier Warholm.

U20-VM går i Eugene, Oregon i USA – som ligg ni timar bak Noreg. Når Warholm skal i elden igjen på dag to om morgonen i USA, har det allereie blitt kveld i Noreg.

Saka held fram under videoen.

Karsten Warholm sprang inn til tida 10.55 på 100 meter, ny personleg rekord med 31 hundredelar, under første øving i U20-VM i Eugene, Oregon i USA. FOTO: Norges Friidrettsforbund/Charlotte Svensen.

Karsten Warholm sprang inn til tida 10.55 på 100 meter under første øving i tikampen i U20-VM. FOTO: Norges Friidrettsforbund.

Trivst med favorittstempel

Allereie før VM hadde nordmannen, som vann åttekampen i U18-VM i fjor, var han medaljefavoritt.

Med glimrande 10.55 på 100 meter, personleg rekord i lengde og bestetid på 400-meteren, blei ikkje favorittstempelet mindre.

Det presset lever Warholm fint med.

– Det kjennest veldig bra. Det inneber eit visst press, men det synest eg er litt gøy å ha. No får vi sjå kor godt eg kan takle det i morgon, seier han.

Karsten Warholm

Warholm er ikkje svært overraska etter fleire personlege rekordar, men tida på 100 meter var overraskande.

Foto: Steve DYKES / Afp

Ikkje overraska

Han tok ny personleg rekord på hundremeter med 31 hundredelar tysdag i USA. Å ta personlege rekordar er derimot ikkje overraskande.

– Ein har toppa forma til dette, så eg blir ikkje veldig overraska. Men når eg persar så mykje som eg har gjort, så er det sjølvsagt over all forventning. Og det er veldig gøy, slår Warholm fast.

No augnar han ein pallplass.

– Det er sjølvsagt draumen, fortel 18-åringen.

– Men det er framleis fem øvingar igjen. Eg skal stå på så godt eg kan på dei, så får vi sjå kva sluttresultatet blir, avsluttar Warholm.

NRK vil følgje siste del av tikampen fortløpande.

Siste nytt

  • Solberg leder på Silverstone

    Petter Solberg leder etter første dag i VM-runden i rallycross på legendariske Silverstone lørdag.

    Etter to innledende runder leder østfoldingen foran svenskene Mattias Ekstrom og Timmy Hansen.

    Solberg vant den første runden og kjørte inn til tredjeplass i den neste.

    RALLYCROSS-FRA-MOTOR-RACE
    Foto: LOIC VENANCE / AFP
  • Chris Froome sikret seieren

    Chris Froome sto imot alle angrep på siste fjelletappe i Giro d'Italia og forsvarte den rosa ledertrøya. Søndag sykler han i mål i Roma som sammenlagtvinner.

    Froome vil dermed være regjerende mester i alle de tre Grand Tour-rittene.

    Chris Froome
    Foto: LUK BENIES / AFP
  • Riccardo i pole position

    Red Bull-føraren Daniel Riccardo var best i kvalifiseringa og startar fremst i Monaco Grand Prix søndag. Ferraris Sebastian Vettel startar ved sida av Riccard i løpet. Vettel vann løpet i fjor.

    Monaco Grand Prix er einaste formel 1-løpet som går i bygater, ikkje på spesielle baner.

    Monaco Grand Prix
    Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Toppserien: Superhelg
Toppserien fotball kvinner: Lyn - Grand-Bodø
Toppserien: Lyn - Grand-Bodø
Toppserien: Superhelg
Toppserien: Vålerenga - Trondheims-Ørn
Sportssøndag: Rapporter fra Vålerenga - Trondheims Ørn
VM rallycross
Toppserien: Superhelg
Toppserien: LSK Kvinner - Avaldsnes
Sportssøndag: LSK Kvinner - Avaldsnes
4-4-2 Radiosporten