Warholm slo 17 år gamal norsk rekord

KRISTIANSAND/OSLO (NRK): Karsten Warholm sletta Quincy Douglas sin norske 400-meterrekord med knappast mogleg margin.

Karsten Warholm slo den norske 400-meterrekorden med eitt hundredel under stemnet Norwegian Grand Prix i Kristiansand.

SJÅ WARHOLM SLÅ REKORDEN: – Det var tungt, seier Karsten Warholm om tidenes raskaste, norske 400-meter.

20-åringen frå Ulsteinvik, som imponerte under OL i Rio, slo den norske 400-meterrekorden med ein hundredel under stemnet Norwegian Grand Prix i Kristiansand.

Den nye rekorden er 46,10. Sprintaren Quincy Douglas hadde norsk bestetid frå 1999 og fram til i dag.

Warholm tok ut alt for å fjerne Douglas frå rekordlistene.

– Det var tungt. Eg stivna som ein gris på slutten der. Plutseleg var det vanskeleg å løfte beina. Men det var ei god tid. Eg er fornøgd, seier Warholm.

– Var du litt i tvil om du hadde klart det?

– Det gjekk akkurat. Det var nok. Ein hundredel nok, seier Warholm.

Quincy Douglas

SLÅTT: Quincy Douglas er ikkje lenger Norges raskaste mann på 400-meter.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Siste nytt

  • Tre under par for Hovland

    Etter ein litt ujamn runde gjekk Viktor Hovland andre runden under europatour-turneringa i Dubai på tre slag under par. Det gav fjerdeplass då han var ferdig med runden.

    Hovland opna sterkt med fire birdiar og fem par på første halvdel av runden. Då var han i delt leiing.

    Men andre halvdel opna med to bogeyar. Resten gav ein bogey til, men også to birdiar.

    Hovland er sju slag under par samanlagt etter to rundar, fire slag bak teten.

    Viktor Hovland
    Foto: KARIM SAHIB / AFP
  • Svensk OL-leiar koronasmitta

    Johan Flodin, som er sportsutviklingssjef i den svenske olympiske komité, har testa positivt for koronaviruset ved framkomst i Beijing.

    Det bekreftar Peter Reinebo i ei pressemelding, ifølgje nyheitsbyrået TT.

    – Han er symptomfri og vi reknar med at han kan returnere til si rolle så fort han testar negativt igjen, seier Reinebo.

    Flodin var trener på det norske rolandslaget gjennom fleire år, fram til i fjor.

    Johan Flodin
    Foto: Erlend Lånke Solbu
  • Nadal på veg mot historisk triumf

    Rafael Nadal slo Matteo Berrettini 3–1 i sett fredag, og er klar for finalen i Australian Open.

    Der kan han vinne sin 21. Grand Slam-tittel og med det bli historisk. Det er ingen som har vunne så mange. Både Nadal, Roger Federer og Novak Djokovic har 20 titlar. Finalen vil bli Nadals sjette i Australian Open-historia, og hans 29. i Grand Slam-samanheng.

    Mot italienske Berrettini trengde den rutinerte spanjolen fire sett for å avansere. Etter at Nadal vann dei to første komfortabelt, var det den sjuande-rangerte italienaren som tok det tredje settet.

    I det fjerde settet viste igjen Nadal klasse og vann 6–3. Dermed vann han oppgjeret 6-3, 6-2, 3-6, 6–3.

    I finalen møter han enten Stefanos Tsitsipas eller Daniil Medvedev. Dei spelar seinare fredag.

    Rafael Nadal
    Foto: LOREN ELLIOTT / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal