Warholm om nytt supertalent (16): – Ho er heilt rå

AREMARK (NRK): Henriette Jæger (16) blir sett på som norsk friidretts største talent. Karsten Warholm elskar innstillinga til supertalentet.

Henriette Jæger

I Bærum idrettspark vann Henriette Jæger to gull i innandørs-NM.

Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix

– Eg kjenner meg ganske mykje igjen i korleis Karsten var da han var like gammal som meg.

Henriette Jæger gliser når ho får høyre at Karsten Warholm trur ho kan bli «enormt god».

16-åringen frå Aremark i Indre Østfold er den «alle» pratar om i friidretts-Noreg om dagen. I senior-NM knuste ho alle og sprang inn til gull både 60 og 200 meter.

Vil satse mangekamp

Akkurat som den doble verdsmeisteren på 400 meter hekk gjorde på same alder, satsar Jæger på mangekamp.

Sjølv om mange rundt ho meiner ho burde spesialisere seg.

– Det er mange som kjem med tilbod og seier at eg burde satse sprint. Men eg vil halde fram med mangekamp. Det er det som har gjort meg rask, så kvifor ikkje fortsette?

Karsten Warholm

Karsten Warholm seier han blir stolt av å høyre at Henriette Jæger samanliknar seg sjølv med han.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Svein Ove Ekornesvåg

Warholm har sjølv også fått med seg dei sterke prestasjonane til ungjenta.

– Ho er jo heilt rå. Fyrst og fremst så beundrar eg innstillinga hennar, måten ho angrip løpa på er rå. Du ser at ho har veldig lyst til å vinne og springe fort. Eg elskar ei slik innstilling, og eg trur at det kan ta deg veldig langt, seier den doble verdsmeisteren på 400 meter hekk.

Som synest det er stort at Jæger samanliknar seg med han.

– Eg blir alltid like varm om hjartet når folk blir inspirert av det eg driv med. Da kan det plutseleg gå bra med ho da, seier sunnmøringen og ler.

– Openbert eit multitalent

Warholm var mangekjempar heilt til han var 20 år. Sjølv da han var i semifinalen i OL i Rio meinte Warholm at 400 meter hekk berre var eit sidesprang.

Slik burde Jæger også prioritere, meiner NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal.

Vebjørn Rodal

Vebjørn Rodal meiner Henriette Jæger er det mest spennande friidrettsnamnet under 20 år.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Ho er openbert eit multitalent. Jo seinare ho spesialiserer seg, desse betre føresetnadar har ho får å velje rett øving. Kanskje kan ho også bli den mangekjemparen me treng på topp internasjonalt nivå, seier Rodal.

16-åringen er også heldig med genane med to foreldre med bakgrunn frå kastøvingar i friidrett.

Rodal trur ein overgang til 400 meter hekk om nokre år kan vere perfekt også for Jæger.

Henriette Jæger

16-åringen går på vidaregåande i Fredrikstad, men trenar mykje heime i Aremark der mor Unn Merete Jæger er trenar.

Foto: Vibeke Undhjem / NRK

– Mangekjemparar er solid trent og har god koordinasjon. Da er 400 meter hekk perfekt etter kvart. Det kan absolutt vere ei kvinneleg Warholm me ser i emning, seier Rodal.

Sjølv kjenner ikkje stortalentet på noko press ennå.

– Sjølvsagt har det auka litt etter NM. Men sidan eg er så ung, føler eg at folk tenkjer at dei ikkje bør sette så mykje press på meg. Eg har ein lang veg å gå ennå, seier Jæger.

Siste nytt

  • Villa-stjerne med korona-tabbe

    Først ba han alle om å holde seg hjemme. Deretter dro Aston Villa-kapteinen Jack Grealish på kompisbesøk og krasjet med bilen på tur hjem igjen.

    – Jeg vil ikke at noen skal gjøre den samme tabben som jeg gjorde, er 24-åringen sitert på i blant annet BBC.

    Lørdag publiserte han en video der han blant oppfordret folk til å holde seg hjemme for å hjelpe til med å redde liv.

    Selv skal han angivelig ha dratt på fest til en kamerat. På vei hjem krasjet han sin Range Rover inn i to parkerte biler. Han fikk flerret opp det denne forhjulet på sin egen bil, og den var ikke lenger kjørbar.

    Premier League - Leicester City v Aston Villa
    Foto: Andrew Yates / Reuters
  • Friidretts-VM utsett

    Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) opplyser at dei ser etter VM-datoar i 2022 ettersom sommar-OL vart utsett i eit år. VM i Eugene i Oregon skulle etter planen avviklast i august neste år, men det kolliderer med dei nye datoane for OL. Forbundet skriv i ei pressemelding at dei støttar dei nye OL-datoane som vart kunngjort måndag. Samtidig opplyser dei at dei jobbar med nye datoar for friidretts-VM i 2022. Det skjer i samarbeid med VM-arrangøren og andre meisterskapsarrangørar.

    Jakob Ingebrigtsen
    Foto: Lise Åserud
  • Sommar-OL startar 23. juli

    Den internasjonale olympiske komité (IOC) og arrangøren av Tokyo-OL er samde om at dei utsette sommarleikane i Tokyo vil starte 23. juli neste år. Det stadfestar president Yoshiro Mori i OLs arrangørkomité måndag ettermiddag. Opphavleg skulle OL arrangerast frå 24. juli til 9. august i år. Dei nye OL-datoane betyr at VM i friidrett i Eugene i Oregon neste år blir flytta til 2022. Paralympics er flytta til 24. august til 5. september, ifølge nettstaden Insidethegames. Det ligg også i korta at VM i svømming må flyttast som følgje av OL-utsetjinga. Opphavleg dato for meisterskapet i japanske Fukuoka er 16. juli–1. august neste år.

    Olympics Tokyo
    Foto: Issei Kato / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal