– Det er framleis litt ømt. Så eg trenar moderat og det blir nok nokon dagar til eg kan trene med maksimal styrke, seier den ferske europarekordhaldaren til NRK.
23-åringen frå Ulsteinvik imponerte, då han under Bislett Games torsdag, sprang inn til ny europarekord på 400 meter hekk. Med tida 47,33 slo han franske Stéphane Diagana sin gamle rekord frå 1995.
Men på veg ut av stadion fall Warholm om og fekk eit kraftig krampeanfall i foten. I fleire minutt vart han liggande i trappa og skrike av smerte.
– Krampe, krampe. Kor er Leif henne?, ropte Warholm, medan Bislett-general Steinar Hoen kom løpande til for å hjelpe.
Må droppe rekordforsøk i Tsjekkia
NRK møtte hekkeløparen under borna sin «Bislettdag» på søndag. Her vart det berre lett jogg saman med sine unge fans. Det har nemleg ikkje vore mogeleg å trene for fult etter rekordløpet.
Det betyr at Warholm mest sannsynleg også må droppe å reise til Tsjekkia og Ostrava Golden Spikes. Her skulle han etter planen springe 400 meter flatt på kommande torsdag.
– Det blir nok vanskeleg å få til og det blir nok litt tidleg å ta sjansen på det. Eg må reise på tysdag, og trur ikkje at eg blir hundre prosent til det. Eg har veldig lyst å springe der, men tek ingen sjansar.
I Tsjekkia hadde nemleg 23-åringen plan om å forbetre sin norske rekord på 44.87 på 400 meter flatt.
– Eg føler ikkje den er representativ for det nivået eg held, seier han sjølvsikkert.
– Trudde eg måtte amputere foten
Trass at han no må droppe rekordforsøket og at han ikkje får trene for fult, så avdramatiserer Warholm sjølv situasjonen.
– Det er typisk sånn krampe som man får etter at man har tatt seg ut ganske bra. Det er berre ein reaksjon på at musklane er slitne. Men det er veldig vondt.
– Eg hugsa første gong eg hadde det. Leif berre lo, men eg trudde eg måtte amputere heile foten, seier han og ler.
Sjølv reknar han med å vere i full gang att med trening i løpet av den kommande veka. Og med VM i Doha i Qatar i september og oktober som det store målet, er han glad det berre var krampe, etter superløpet på Bislett.
– Eg er berre veldig glad det ikkje er ein ordentleg skade. No må eg berre la den greia få heale seg. Løpet på Bislett var uansett verd det, sjølv om det kom ei krampe på kjøpet.