Hopp til innhold

Warholm kalla seg sjølv ein «hyklar» før Qatar-VM – så reiste han tilbake

Karsten Warholm (25) kritiserte forholda i Qatar i samband med friidretts-VM for to år sidan. Førre månad var springeesset tilbake i landet. – Vêr meir medviten, seier Amnesty-sjefen.

Qatar World Athletics Championships

KRITISERTE: Karsten Warholm var kritisk til Qatar for to år sidan. Her snakkar han med NRK før friidretts-VM i Doha i 2019.

Foto: Hassan Ammar / AP

Nokre veker før Karsten Warholm vart verdsmeister i Doha i 2019, stilte han seg kritisk til Qatar sitt rulleblad når det kom til menneskerettar og utnytting av migrantarbeidarar.

– Eg har innsett at eg berre får vere ein forbaska hyklar, dra ned dit og springe, og så komme meg heim, sa Warholm til NRK den gong.

I mars i år skreiv han òg følgjande på Twitter i samband med kritikken Qatar har fått etter at dei vart tildelte VM i fotball:

«Prosessen helt fra utdeling av verdensmesterskap, og frem til gjennomføring er alt idretten ikke burde stå for. Boikott, eller ikke... Uansett veldig viktig at noen skrur på lyset! Prøvde selv, men ble bare en liten fjert. Hilsen hykler som løp VM der i 2019.»

Førre månad, nærare bestemt 18. november, returnerte hekkeløparen til Qatar. På turen, som Warholm sjølv beskriv som jobbreise, var han på mellom anna VM-runden i Formel 1.

Saman med trenar Leif Olav Alnes og Puma-sjef Bjørn Gulden, vart Warholm avbilda med Mercedes-stjernene Lewis Hamilton og Valtteri Bottas, og dessutan teamsjef Toto Wolff.

Foto: Karsten Warholm/Instagram

STJERNER: Formel 1-stjerna Lewis Hamilton slår av ein prat med Karsten Warholm.

Foto: Karsten Warholm/Instagram

Same helg som Formel 1-løpet i Qatar tok stad, vart NRK-journalistane Halvor Ekeland (32) og Lokman Ghorbani (45) arrestert medan dei var på arbeidsreise i VM-landet. Tysdag 23. november vart journalistane lauslatne etter rundt 32 timar i arrest.

– Vêr meir medviten

Warholm uttalte i samband med reisa til friidretts-VM for to år sidan at han syntest det var forferdeleg å tenkje på at arbeidarar må jobbe i Qatar under dårlege vilkår kor fleire skader seg, og det har vorte dokumentert at menneske døyr under bygningsarbeid.

– Eg tenkjer at det er vel eigentleg ingen som ønskjer å stille seg bak det, sa han.

Til NRK fortel Warholm no at turen til Doha førre månad var ei jobbreise, og at denne gongen måtte dei til Doha for at dei skulle få gjort jobben sin i tide før neste sesong (les heile svaret til Warholm lengre ned i saka).

John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty, seier han har forståing for turen viss han i hovudsak har dreidd seg om ein jobb og utvikling av utstyr han brukar i konkurranse.

Det verkar som på Karsten Warholm sitt svar på dette, at han har vore der først og fremst for å vidareutvikle sportsutstyr han bruker i konkurransen sin og ikkje til å kaste glans over Formel 1-løpet. Viss det er grunnen, så kan eg forstå at han reiser til Qatar på denne måten.

Amnesty-sjefen tek likevel eit lite atterhald på bakgrunn av bileta Warholm publiserte på sosiale medium.

Viss han derimot har vore der, og opptredd offentleg nettopp for å kaste glans over arrangementet, så verkar det som litt uforståeleg, gitt at han var så kritisk til Qatar då det var der friidretts-VM gjekk føre seg for to år sidan.

Han meiner ei verdsstjerne som Warholm, med mange følgjarar, må vere forsiktig når han tek del i arrangement i landet.

– Om han er klar over det eller ikkje, så er ein med på sportsvaskinga av Qatar, seier Egenæs, før han held fram:

Oslo Freedom Forum

OPPMODING: Generalsekretær i Amnesty John Peder Egenæs oppmodar utøvarar til å vere meir klar over kva dei profilerer.

Foto: Terje Pedersen

– Det er vårt råd til Warholm og andre utøvarar – dei må vere klar over kva dei profilerer. Det er viktig å tenkje nøye over kva du gjer i slike tilfelle. Ønskjer du å profilere ein slik stad, om ein vil det eller ikkje, med å kaste glans over det?

Amnesty-sjefen trur ikkje Warholm har gått inn for å kaste glans over Qatar.

– Eg tek høgd for at han er klar over det han gjer, og at han ikkje ynskjer å kaste glans og vere ein del av det autoritære sportsvasking-prosjektet til Qatar.

Dette svarer Warholm

– Eg synest John Peder Egenæs sitt svar om at han forstår at eg reiste til Qatar for å vidareutvikle sportsutstyr, seier det meste om denne problemstillinga. Eg står for denne jobbreisa og håpar folk flest har forståing for ho, skriv Warholm til NRK om betraktningane til Amnesty-sjefen.

NRK sendte ei rekkje spørsmål til Warholm i samband med besøket i Qatar.

Dette svarte Warholm:

«Eg stadfestar at eg og Leif (Olav Alnes) var på jobbreise i regi av Puma og Formel 1-teamet til Mercedes-AMG Petronas. Vi reiste frå Noreg torsdag ettermiddag 18.11, vi var tilbake i Noreg tysdag morgon 23.11. Puma er leverandøren av piggskoa mine og vi har hatt eit tett samarbeid med ingeniørane i Mercedes-AMG for å utvikle piggskoen som eg mellom anna sprang med under OL i Tokyo då eg vann gull og tok verdsrekorden på 400 meter hekk, skriv Warholm til NRK, før han held fram:

«AMG er veldig dyktige på karbon og har utvikla karbonsolen på skoen. Vi brukte tida til å diskutere nye prototypar, vi trefte mange av F1-pilotane og vi fekk innsyn i korleis F1-verda fungerer. I tillegg trena vi litt og tok ein runde golf. Vi tok ikkje del i nokre av arrangementa til Fifa eller qatarske styresmakter. Dette var ei jobbreise, og denne gongen måtte han gå til Doha for at vi skulle få gjort jobben vår i tide før neste sesong. Meir er det ikkje å seie om denne reisa».

Foto: Karsten Warholm/Instagram

STJERNER: Warholm saman med trenaren sin Leif Olav Alnes, Puma-sjef Bjørn Gulden, teamsjef for Mercedes Toto Wolff og høgdehoppar Mutaz Essa Barshim.

Foto: Karsten Warholm/Instagram

– Vil ikkje bli svekt

Omdømmeekspert Trond Blindheim trur ikkje jobbreisa til Warholm vil påverke omdømmet hans negativt. Han skjønner likevel at det kan komme reaksjonar på turen.

Det er ein litt betent sak. Karsten Warholm er ein av dei mest folkekjære utøvarane vi har, men det vekkjer nok litt oppstand at han dreg ned dit blant dei som til dømes ynskjer boikott av VM, seier Blindheim.

Trond Blindheim

EKSPERT: Trond Blindheim er dosent ved Institutt for marknadsføring ved Høyskolen Kristiania

Foto: Høyskolen Kristiania

Warholm sin tur til Qatar var i regi av Puma. Springeesset har hatt ein avtale med den tyske sportsgiganten sidan 2019 – og må kvart år delta på fleire oppdrag med utstyrsleverandøren.

Omdømmeeksperten trur ikkje Warholm støttar regime i Qatar på nokon som helst måte, men at utøvarar ofte er pålagde å dra på turar i regi av sponsorar.

Når dei som gir deg pengar seier hopp, så hoppar du.

Hans renommé vil nok ikkje bli svekt på grunn av den turen. Det er det nok det han presterer som betyr noko, seier Blindheim til slutt.

Warholms fantastiske år vart onsdag krona med prisen som beste mannlege friidrettsutøvar i 2021. 25-åringen tok som kjent tok OL-gull og suveren verdsrekord på 400 meter hekk i Tokyo. Han gjekk òg til topps i Diamond League.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal