Forvirra?
Forklaringa er i grunnen nokså enkel. I 1976 hadde Wales vunne si kvalifiseringsgruppe og møtte dåverande Jugoslavia i kvartfinale.
Men kvartfinalene på den tid var ikkje ein del av sluttspelet, som omfatta berre fire land og fire kampar – semifinaler, bronsefinale og finale.
Kvartfinalene var spela som heime- og bortekamp på våren.
Wales vann si kvalifiseringsgruppe med fem sigrar og eitt tap i ei gruppe med Ungarn, Austerrike og Luxemburg.
Laget hadde fleire store namn frå engelsk liga på den tid: Liverpools John Toshack, Burnleys Brian Flynn. Kaptein var Terry Yorath frå Leeds' stjernelag.
Trekte Jugoslavia
Trekninga mellom dei åtte gruppevinnarane gav Wales Jugoslavia som motstandar.
Første kamp gjekk i Zagreb i noverande Kroatia 24. april. Momcilo Vukotic ga heimelaget leiinga før det var gått eit minutt. Same mann dobla eit kvarter etter pause, og Wales hadde plutseleg 2-0 å ta igjen i heimekampen.
Hovudårsaka var at Jugoslavia sette to mann til å passe på John Toshack, og dermed hadde Wales ingenting å by på i angrep.
– Starten på 3. verdskrig
Returkampen gjekk på Ninian Park i Cardiff 22. mai, berre tre og ei halv veke før EM-start.
– Største kampen for Wales sidan VM 1958, sa BBCs kommentator.
30.000 hadde møtt fram for å sjå om Wales kunne snu dette. Og dei fek mykje å hisse seg opp over i ein kamp som The Times karakteriserte som «starten på den tredje verdskrig.»
For den rutinerte austtyske dommaren Rudi Glöckner hadde aldri kontroll over kampen.
Etter 19 minutt sopte Malclom Page med seg ein jugoslav i feltet, og Josip Katalinski scora på straffe. Samanlagt 3-0 til Jugoslavia, og ei nesten umogeleg oppgåve for Wales.
Dei greidde berre ei teljande scoring – Ian Evans' utlikning etter ein corner like før pause. Før det hadde Brian Flynn eit klokkereint stolpetreff for ope mål.
Wales måtte ha to til. Det hadde gitt omkamp i Milano, bortemål talde ikkje den gongen.
Midtveges i andre omgang sette Toshack ballen i nettet. Men Glöckner annullerte for farefullt spel. Reaksjonane var så sterke at kampen måtte avbrytast i fleire minutt, og dommaren trua med å avbryte kampen.
Politieskorte
Ikkje mange minutt seinare «scora» Toshack ein gong til. Ny annullering, no for offside.
Då Wales endeleg fekk straffe, var det for seint. Terry Yoraths svake skot vart redda av Jugoslavias keeper.
Glöckner måtte ha politieskorte då han gjekk av bana.
– Ein trist ettermiddag for Wales, sa BBC-kommentatoren.
Jugoslavia vann 3-1 samanlagt og fekk vere med i EM på heimebane. Der måtte endte dei sist.
Wales måtte vente i 40 år til på sitt første EM-sluttspel – og sin andre kvartfinale.