EM-spissen si snodige fortid: Jobba som badevakt og vart vraka i Viking

Sist Wales spelte EM-fotball sat Kieffer Moore på bar i USA. Så starta den knallharde jobben med å få fart på ein seig fotballkarriere.

International Friendly - Wales v Mexico

MÅLSKÅRAR: Kieffer Moore feirar ein av dei fem skåringane sine for Wales sitt landslag.

Foto: Matthew Childs / Reuters

Det såg lenge ut til at Moore skulle bli ein av dei som aldri nådde opp. Etter eit par år i lågare divisjonar i England prøvde han lykka i Viking i 2015.

– Det finst mange bra fotballspelarar på det nivået i England, så dette blir veldig spennande, sa dåverande Viking-trenar Kjell Jonevret til NRK den gong.

Der vart det ni kampar og null mål. Eit bilete på kor langt unna han var landslagsklasse: Moore fekk tre kampar for Viking 2.

Kieffer Moore

BOM: Kieffer Moore spelte ni kampar for Viking og skåra null mål.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Eg såg at han hadde mykje ferdigheiter, men dei fekk han ikkje ut i Viking, seier Iven Austbø til NRK.

Austbø er målvakt i Viking, og er den einaste i klubben som spelte med Moore i 2015 og framleis er aktiv.

Sat på bar under EM

– Han kom til eit nytt land med ein ny kultur. Ting tek tid, og det kan ha slått til. Han vart ein av dei som «stakk hua innom», seier Austbø.

Eit par månader seinare sjokkerte Wales resten av Fotball-Europa ved å ta seg til semifinale i EM.

Wales med nok en scoring. Stillingen er nå 3-1 til Wales i kampen mor Belgia .Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.

SJOKK: Sam Vokes stangar inn 3–1 for Wales – og sender Belgia ut av EM i 2016.

– Under EM var eg på ferie i USA og så meisterskapet i ein bar med symjebasseng. Då jobba eg som badevakt, treningsinstruktør og tok alt av jobbar eg fekk, seier Kieffer Moore.

Etter EM fekk Moore fart på karrieren. Frå «bakgardsklubbar» klatra den store spissen gravis oppover mot nest øvste nivå i engelsk fotball.

– Det har ikkje vore lett. Eg hadde loge viss eg sa noko anna, seier Moore i eit intervju med Uefa.

530737095

LANGT NEDE: Kieffer Moore, her i aksjon for Yeovil i FA-cupen mot Manchester United.

Foto: Adrian Dennis / AFP

Etter Viking gjekk han til Forest Green, Torquay, Ipswich, Rotherham og Barnsley før han enda i Wigan i 2019. Då vart han òg teke ut på landslaget.

– Vegen frå utanfor ligasystemet er vanskeleg. Men eg har alltid trudd på meg sjølv og jobben eg har gjort, sa Moore til BBC den gong.

– Eg trur eg skilde meg frå ein del andre, men når eg ser korleis det har gått er eg stolt av det. Å få på seg landslagsdrakta var enormt for meg og familien. Det var ein spesiell augneblink, seier Moore til BBC.

– Ikkje mange hadde trua

I den andre kampen sin med Wales-draken på brystet skåra Kieffer Moore, og sidan hausten 2019 har han vore å rekne med når landslagstroppen blir teken ut.

Eliteserien i fotball 2021: Rosenborg - Viking (5-0)

TIDLEGARE LAGKOMPIS: Viking-målvakt Iven Austbø.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

No drøymer walisarane om at Moore kan krige Wales til ny sensasjon i sommar-EM.

– Det var nok ikkje mange som hadde trua på det, men det er ei veldig kjekk historie å sjå at han får det til i ein annan klubb. Det viser at du likevel kan komme deg opp på nivået, seier Iven Austbø.

  • Wales startar EM laurdag 12. juni. Då er Sveits motstandar. Dei andre laga i gruppa er Italia og Tyrkia, som møtest i opningskampen på fredag.

Siste nytt

  • Gullpucken til Lesund

    Gullpucken er den eldste og mest prestisjefylte individuelle utmerkelsen en spiller i norsk ishockey kan motta. I år går den høythengende prisen til Erlend Lesund.

    Selv om sesongen hjemme også her ble avlyst tidlig i januar mener NIHF at tildelingskriteriene for Gullpucken Menn er innfridd. Det skyldes i hovedsak at man her fikk gjennomført VM.

    I begrunnelsen fra Norges Ishockeyforbund står det blant annet: «Erlend Lesund har utviklet spillet sitt sesong for sesong, der han denne sesongen var en av de viktigste spillerne til Rögle i svensk eliteserie. Under årets VM tok han enda ett steg på den internasjonale arenaen, gjennom å videreføre utviklingen fra klubblaget. Dette gjorde han til en av lagets absolutt nyttigste spillere.»

    2021 IIHF Ice Hockey World Championship, Day 3, Norway - Italy. Erlend Lesund
    Foto: SIMON HASTEGÅRD / BILDBYRÅN
  • Uefa svarer på kritikken

    Det siste døgnet har Uefa fått mye kritikk for å avslå bruken regnbuefarger på Allianz Arena i München. Nå svarer de på kritikken.

    – Noen har tolket det slik at Uefas beslutning om å avslå Münchens forespørsel om å opplyse arenaen i regnbuefarger er politisk. Men på den andre siden, så var forespørselen i seg selv politisk, og den var koblet til Ungarns fotballandslags tilstedeværelse på kveldens kamp i Tyskland, skriver Uefa på Twitter.

    De understreker at de støtter bruken av regnbuefarger.

    – For Uefa, så er ikke regnbuen et politisk symbol, men et tegn på støtte til mer likeverd og inkludering i samfunnet, skriver organiasjonen.

    I Twitter-meldingen bruker de et bilde av Uefa-logoen med regnbuefarger. Det er også Uefas nye profilbilde.

    Hungary Orban's Message
    Foto: Tobias Hase / AP
  • Nytt smittetilfelle i OL-tropp

    Et nytt medlem i den ugandiske OL-delegasjonen til Tokyo har testet positivt for korona, opplyser en tjenestemann i byen Izumisano der laget er bosatt.

    Den ikke navngitte kilden opplyser om smittetilfellet til nyhetsbyrået AFP. Det er i så fall det andre tilfellet i den ugandiske delegasjonen.

    Etter ankomst på Narita-flyplassen i Tokyo testet den første personen i det ugandiske laget positivt og ble værende igjen i hovedstaden, mens resten reiste videre med buss til byen Izumisano for å trene.

    OL-laget består av utøvere som skal delta i boksing, vektløfting og svømming.

    Uganda OL
    Foto: Sadayuki Goto / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal