Hopp til innhold

Her er Bale i ferd med å bli EM-konge

Gareth Bale kan vere i ferd med å bli EM-kongen. I kveld leia han vesle Wales til ein knusande 3-0-siger over Russland og gruppesiger framfor England.

Fotball-EM 2016

EMs TOPPSCORAR: Gareth Bale får endeleg eit spelemål, og Wales knuser Russland 3-0

Laster innhold, vennligst vent..

– Dette er det beste eg har vore med på i landslaget, sa Bale rett etter kampen.

– Det er ein draum for alle på laget. Vi har vunne grupa, kva meir kan du be om? Det kan ikkje bli betre, sa Bale.

Han var overalt mot dei russiske motstandarane, Bale, og hovudgrunnen til at Russland gjekk fullstendig i oppløysing. Bale regisserte angrep etter angrep, mange av dei avslutta han sjølv.

– Kan bli best i verda

Gareth Bale

TOPPSCORAR: Gareth Bale er toppscorar i EM med tre mål på tre kampar

Foto: PASCAL PAVANI / Afp

David James i NRKs EM-studio var breiddfull av lovord.

– Han gjer alt, både offensivt og defensivt. Gi han 12 månader, og han kan bli den beste spelaren i verda,sa James.

Midtvegs i andre omgang sette han kruna på verket. Han mottok ballen frå Aaron Ramsey ute på venstresida, lurte såvidt offsidefella, og løfta ballen over Akinfejevs utstrekte legg.

Endeleg hadde Bale fått sitt spelemål.

– Det er flott å få tre poeng, men prestasjonen var endå søtare enn poenga, sa landslagstrenar Chris Coleman.

– I dag gjorde vi alt vi ikkje gjorde mot England (tap 1-2). Men vi kan ikkje kvile på dette, vi er på veg mot noko anna, sa Coleman, som skal ta laget sitt til åtetdelsfinale i Paris laurdag.

Det blir mot ein gruppetrear, men han veit enno ikkje kven.

– Men vi har ingenting å frykte frå nokon, sa Coleman.

Sjanselause russarar

Det var ikkje meir enn Bale og Wales fortente. Frå første til siste minutt plukka dei det russiske laget frå kvarandre, og 3-0 var ikkje eit mål for lite.

Både mot Slovakia (2-1) og England (1-2) scora Bale på frispark. I kveld var det eit spelemål, men det betydde ingenting. Han er toppscorar med sine tre mål.

Ikkje rart han fekk ståande ovasjonar då han gjekk av bana snaue ti minutt før full tid.

Wales tok grepet på kampen frå start. Allereie før minuttet var spela måtte Igor Akinfejev levere ei praktredning på eit skot frå Gareth Bale.

Og det skapte biletet av omgangen: Russland prøvde, men fekk ingenting til. Wales braut dei russiske angrepa gong på gong og gjekk rett i angrep.

Kontringsmål

Første målet kom då Russland rota vekk ballen på midtbana. Joe Allens framspel var millimeterpresist, og Aaron Ramseys mottak og lobb var like presis.

Fotball-EM 2016

Ni minutt etterpå, og ny walisisk kontring. No var det Neil Taylor som vart spela fri. Første forsøket redda keeper, men returen sette Taylor lett i nettet og scora sitt aller første landslagsmål.

Han har ikkje scora i det heile tatt sidan 2010 - for Wrexham framfor 298 tilskodarar.

Fotball-EM 2016

Så var det altså Bale som skulle fastsetje resultatet og definitivt avgjere kampen. I fleire minutt gjekk dei rundt på bana før dei fekk resultatet frå Slovakia - England. Og kunne slå fast at dei er gruppevinnarar.

Neste stopp er Paris, der ein gruppetrear ventar i åttedelsfinale laurdag.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal