NRK Meny
Normal

Wada-Widvey: – Kan ikkje sitte i Norge og tolke regelverket som det passar oss

Wada-styremedlem Thorhild Widvey meiner det er skiforbundets eigen feil at Martin Johnsrud Sundby har blitt utestengd for brot på dopingreglementet.

Thorhild Widvey

KRITISK: Wada-styremedlem, Thorhild Widvey, seier det ikkje er eigne reglar for norske utøvarar.

Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix

– Dette syns eg er trist, men det er ikkje slik at Wada har eit regelverk for internasjonale utøvarar og så har vi eit litt snillare regelverk for nordmenn. Vi har eitt regelverk, seier Widvey, som er styremedlem i verdas antidopingbyrå, til NRK.

– Vi kan ikkje sitte i Norge og tolke regelverket sånn som det passar oss sjølv, viss ein lurer på korleis dette regelverket skal tolkast må ein gå til kjelden og spørje Wada om korleis det skal tolkast, legg ho til.

I dag kom nyheita om at Martin Johnsrud Sundby mister samanlagdsigeren i Tour de Ski og verdscupen i 2014/15 sesongen grunna brot på dopingreglementet.

Lovbrotet var at Sundby ikkje hadde meld inn at han brukte astmamedisin under to etappar av Tour de Ski i 2014/15-sesongen. Han har blitt utestengd i to månadar.

– Det er trist for han, men det er ikkje slik at vi kan sjå mellom fingrane fordi utøvarar er norske. Vi har eit regelverk som skal følgast og vi kjempar kvar dag for å ha ein dopingfri sport, seier Widvey.

Forskjellig tolking av regelverket

Tidlegare antidoping-lege, Inggard Lereim, har forståing for at Sundby tar dette tungt. Han kallar utestenginga udramatisk og etterlyser eit meir presist regelverk.

– Han har ikkje tatt eit ulovleg middel, han har berre gløymd å søka om medisinsk fritak. Problemet er ei upresis skildring av regelverket, der må det ei endring til slik at det ikkje er til å misforstå for våre utøvarar. Det skulder vi dei, seier Lereim.

Inggard Lereim

UDRAMATISK: Tidlegare antidoping-lege, Inggard Lereim, har aldri høyrd om ei så mild straff som Sundbys og meiner det beviser at det er eit mildt lovbrot.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Sundby har hatt lov til å bruka astmamedisinen Ventoline i mange år og landslagslege Knut Gabrielsen har tatt på seg skulda for at han ikkje melde inn bruken før desse to etappane i Tour de Ski.

– Eg har misforstått regelverket, Martin er utan skuld her, seier Gabrielsen.

Og det meiner Lereim er eit problem.

– Vi må ha eit regelverk som ikkje er til å misforstå, seier Lereim.

Gråtkvalt Sundby

Det var ein prega Johnsrud Sundby som møtte til pressekonferanse i dag.

– Eg var overbevist om at saka ville avsluttast ganske kjapt, men så viste det seg at tolkninga til heile det norske medisinske apparatet ikkje samsvarte med Wadas tolkning av det, seier Johnsrud Sundby.

Sundby er utestengt i to månader, frå 11. juli i år.

Sundby

PREGA: Martin Johnsrud Sundby (t.h.) var tydeleg prega under dagens pressekonferanse.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Siste nytt

  • Alonso snart ferdig

    Fernando Alonso gir seg som Formel 1-fører etter denne sesongen. Spanjolen debuterte i 2001 og vant begge verdensmesterskapene (2005 og 2006) da han satt ved rattet i en Renault. Alonso er nå 37 år.

    Fernando Alonso
    Foto: Luca Bruno / Ap
  • Slutter på landslaget

    Mario Mandzukic har spilt sin siste fotballandskamp for Kroatia. VM ble hans farvel. Han meddelte nyheten via Instagram tirsdag. – Det er aldri et passende tidspunkt for å si farvel, skrev 32-åringen.

    Mario Mandzukic
    Foto: YURI CORTEZ / AFP
  • Ekdal til Serie A

    Svenske Albin Ekdals nye klubb blir Sampdoria i Serie A. 29-åringen spilte på sentral midtbaneplass for Sverige under sommerens VM-sluttspill i fotball i Russland. Ekdal har spilt for tyske Hamburg siden 2015.

    Russia Soccer WCup Sweden Switzerland
    Foto: Dmitri Lovetsky / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport i dag