WADA skal vurdere cannabis

Verdas antidopingbyrå (WADA) skal neste år greie ut cannabis sin effekt på idrettsutøvarar og vurdere om det framleis skal vere med på dopinglista.

Debatten rundt temaet skaut fart etter at den amerikanske stjernesprintaren Sha'Carri Richardson mista sommarens OL i Tokyo. Richardson, som vann 100-meteren under det amerikanske uttaksstemnet i førre månad, ho leverte ei dopingprøve som viste spor av cannabis etter konkurransane i Eugene.

I etterkant innrømde sprintstjernen å ha røykt marihuana for å handtere sorga over at mora hennar nyleg hadde gått bort. Richardson blei utestengt i 30 dagar og mista Tokyo-OL.

sha'carri richardson
Foto: Jonathan Ferrey / AFP

Siste nytt

  • Norge gjere tre endringar i laget

    Sjögren gjer tre endringar frå torsdagens kamp. Forsvarstrearen er uforandret, medan Eikeland og Syrstad Engen, kjem inn for Haavi og Bøe Risa på midtbana. Utland erstattar Sævik på topp.

    Her er laget:

    Cecilie Fiskerstrand – Tuva Hansen, Guro Bergsvand, Maria Thorisdottir – Amalie Eikeland, Ingrid Syrstad Engen, Frida Maanum, Julie Blakstad – Caroline Graham Hansen, Guro Reiten – Lisa-Marie Karlseng Utland

    Fotball VM-kvinner 2019.
    Foto: Terje Bendiksby
  • Ungarn straffast for rasisme

    Fifa straffar Ungarn etter at det kom rasistiske tilrop i møte med England nyleg. Det betyr at laget må spele utan publikum mot Albania 9. oktober.

    I tillegg må det Ungarske fotballforbundet punge ut med om lag 1, 9 millionar kroner.

    Dette er eit av dei saftigaste bøtene Fifa nokosinne har ilagt eit forbund.

    Ungarn er frå før blitt dømd til to kampar utan publikum av Uefa, men den sanksjonen blir først sett i verk i nasjonsligaen i juni neste år. Bakgrunnen for straffa var rasismerop frå ungarske supportarar i sommarens fotball-EM.

    Hungary England WCup 2022 Soccer
    Foto: Tibor Illyes / AP
  • «Perry» hentar inn Lagerbäck

    Per Joar Hansen blir attendeført med Lars Lagerbäck i Östersund i Allsvenskan.

    Dei to vart fjerna som trenarar for det norske landslaget i fotball i desember i fjor.

    Hansen vart tilsett som trenar i den svenske klubben tidlegare i månaden. Lagerbäck skal ifølgje laget eigen side på Facebook fungere som ein sparringspartnerar for Hansen.

    Lars Lagerbäck
    Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Sendeplan

Kl. Program Kanal