– Vi meiner at interessa er stor nok til at vi går vidare med ideen, seier EOC-president Patrick Hickey til nettstaden insidethegames.biz.
EOC er samanslutninga av dei europeiske OL-komiteane, som arrangerte dei første European Games i Baku i sommar.
Ideen om vinterleikar er førebels ikkje behandla i noko formelt forum i EOC. Ikkje hos den norske idrettsleiinga heller.
– Lang veg fram
– Ideen er i ein veldig tidleg fase. Vi har ikkje høyrt noko om dette anna enn gjennom media, og det er ikkje behandla i NIF, seier generalsekretær i Norges Idrettsforbund, Inge Andersen. til NRK.
– Når vi eventuelt får dette som eit konkret spørsmål, skal eg sjølvsagt ta det opp med idrettsstyret, seier Andersen.
– Men personleg trur eg det er ein lang veg fram.
Dei første European Games vart arrangert i Baku i juni i år. Dei neste skal haldast i 2019, men det er enno ikkje klart kven som skal arrangere. Det blir avgjort seinare i haust.
European Winter Games kan bli ein realitet ein gong etter 2019. Når EOC skal evaluere Baku-leikane seinare i haust, skal dei også diskutere den vidare framdrifta for arbeidet
med europeisk «vinter-OL».
– Vi er ikkje representert i EOC-styret, derfor veit vi heller ikkje kva dei har snakka om internt, seier Inge Andersen.
Utfordring for vinter-kalenderen
– Om det blir aktuelt å ta ideen om europeiske vinterleikar vidare, blir det også ei utfordring for vinteridrettsforbunda. Kalenderen er pakka frå før, seier generalsekretæren.
– Dei har sine EM og VM, i tillegg til verdscupane å ta omsyn til. Terminlistene er allereie veldig fulle, seier han.
– Det blir ein dialog på to plan. EOC må stelle seg både til dei nasjonale OL-komiteane og til dei internasjonale vinteridrettsforbunda.
Patrick Hickey trur det enno er langt fram.
– Vi må ha sommarleikane 2019 på plass før vi snakkar om vinter, derfor blir det ikkje ein realitet før etter det året, seier Hickey.
Regionale multiidrettsevenement – «mini-OL» – har lenge vore arrangert i andre delar av verda. Asia har også hatt vinterleikar sidan 1986. Dei neste går i Sapporo i Japan i 2017.