Vurderte å straffe Hamilton for antirasistisk bodskap

Formel 1-køyrar Lewis Hamilton har engasjert seg i politivalden mot svarte i USA. Sjølv om handling kan ha vore eit brot på Det internasjonale bilsportforbundet (FIA) sitt regelverk vil dei ikkje setje i gang ei formell etterforskning.

Lewis Hamilton står med bøyd hovudet. Med ein t-skjorte det står "Arrest the cops who killed Breonna Taylor".

KLART BODSKAP: Lewis Hamilton kan vere i trøbbel etter sitt siste bodskap.

Foto: JENNIFER LORENZINI / Reuters

Lewis Hamilton vann sundagens Toscana Grand Prix. Det er likevel mest snakk rundt t-skjorta han hadde på seg etter løpet. På den stod det: «Arrester politifolka som drap Breonna Taylor».

Politisk bodskap

Breonna Taylor blei i mars skoten sin eigen heim i Louisville, Kentucky. Politiet gjekk inn på feil adresse. Det fekk kjærasten Kenneth Walker til å skyte mot politiet, sidan han trudde det var innbrotstjuvar. Taylor enda opp med å bli skoten åtte gonger, og måtte bøte med livet.

– Eg har hatt lyst til å tydeleggjere at menneske blir drepne på gata. Og nokon blei drepen i sitt eiget hus, og dei var i feil hus, og dei folka går framleis fri, sa Hamilton etter løpet i går.

Det internasjonale bilsportforbundet sette i gong ein antirasistisk og pro-mangfald-kampanje dette året. Hamilton har stått i spissen for dette. Han er blant dei som alltid går ned på kne før alle løp. Denne gongen kan han likevel ha tatt det eit steg for langt ifølge FIA.

Lewis Hamilton på kne før eit formel 1-løp. På t-skjorta står det: "Black lives matter".

FORKJEMPAR: Lewis Hamilton har markert black lives matter i kvart einaste løp denne sesongen.

Foto: BRYN LENNON / AFP

Sidan forbundet er ein ikkje-politisk organisasjon, så kan ikkje utøvarane kome med politiske bodskap. FIA har vurdert om t-skjorta til Hamilton går inn under den kategorien.

– Etter å ha vurdert saken på mandag, vil det bli gitt retningslinjer til sjåførene om reglane, og kva man kan og ikkje kan bruke, seier ein talsperson frå FIA til BBC.

Mercedes i ryggen

Hamilton har etter sigeren på sundag vunne 90 formel 1-løp. No er han berre ein siger frå Michael Schumacher sin rekord på 91. 35-åringen køyrer for Mercedes, og dei er ikkje einige i at det er eit politisk bodskap.

– Me blandar ikkje politikk inn i F1. Dette er eit spørsmål rundt menneskerettar, som me prøver å markere og auke bevisstgjeringa rundt. Det er ein stor skilnad, svarer laget på kritikken.

Mercedes seier at laget ikkje kjem til å stoppe Hamilton i tida framtida.

– Me vil støtte han. Laget kjempar mot all slags form for rasisme og diskriminering, og det er Lewis sin personlege kamp for black lives matter, me skal gi han all støtte me kan gi han, seier F1-sjef i Mercedes, Toto Wolff.

Hylla Black Lives Matter med spesial-munnbind – gret av helsing frå foreldra

Siste nytt

  • Hedret for sitt arbeid mot rasisme

    Friidrettsutøver Ezinne Okparaebo mottok i dag «Brobyggerprisen» for 2020. Prisen deles ut av den norsk-pakistanske stiftelsen 14.agustkomiteen.

    Prisen går til personer som har bygget broer mellom mennesker og nasjoner. Tidligere mottakere inkluderer blant andre Kåre Willoch, Kong Harald og Kjell Magne Bondevik.

    – Jeg kjenner meg stolt over å stå her i dag. Det er en ære å bli tildelt «Brobyggerprisen», sa Okparaebo i sin takketale.

    Ezinne Okparaebo og "Brobyggerprisen".
    Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK
  • Heile Sotra-laget i koronakarantene

    2. divisjonslaget Sotra, som blir trena av Renate Blindheim (26), er sett i karantene etter at ein person i støtteapparatet har fått påvist koronasmitte. Det er dermed sannsynleg at kommande helgs seriekamp mot Levanger blir utsett.

    J2mcJNRsSbk
    Foto: Vidar Ruud / NTB
  • Norsk sykkelprofil dropper VM

    Den norske proffrytteren Amund Grøndahl Jansen har sagt nei til kjøre sykkel-VM i Italia som begynner 24. september.

    – Jeg er sliten etter Touren, og med et hektisk rittprogram utover høsten velger jeg å ikke kjøre VM. Ettersom løypen heller ikke er av det slaget jeg liker best, ser jeg for meg at noen andre vil ha langt større glede av å sykle VM. Ønsker alle mine landsmenn/kvinner lykke til!, skriver syklisten på Twitter

    Landslagssjef Hans Falk forteller til TV 2 at det er UNO-X-rytteren Torstein Træen som får plassen til Jansen.

    Pressetreff med eliterytterne under sykkel-VM landevei i Yorkshire 2019
    Foto: Heiko Junge / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal