– Først og fremst skulle eg gjerne ha vore på toppen med ski på beina sjølv, men slik blei det ikkje, seier Anette Sagen til NRK.
Ho opna hoppkarrieren sin i Hoppveka for kvinner i 2000, og har gjennom heile karrieren vore ein forkjempar for kvinnene i hoppsporten.
Fekk den tunge meldinga i januar
I 2011 bestemte endeleg IOC, etter press frå mellom andre Sagen, at kvinnene skulle få hoppe i Sotsji i 2014.
– Eg er sjølvsagt veldig fornøgd. No har vi alt vi ønskjer oss, sa ho 6. april 2011.
Ho har sett fram til å kunne delta i OL, men i januar blei det klart at Sagen sjølv ikkje fekk plass på det norske laget.
– Det er enkelt og greitt fordi resultata hennar tilseier at ho ikkje er kvalifisert til OL. Då må det bli slik dessverre, sa hoppsjef Clas Brede Bråthen til NRK 20. januar.
- Les også:
Invitert med som heidersgjest
29-åringen frå Mosjøen fekk derimot reise til OL i Sotsji likevel.
– Ein særskild gest overfor ein pioner i kvinnehopp, sa generalsekretær i Norges Idrettsforbund, Inge Andersen, då det blei klart at Sagen skulle reise som gjest.
Tysdag landa nordlendingen i Russland og Sotsji. No gler ho seg til hopprennet i kveld.
– Eg gler meg enormt til å sjå, eg trur det blir ein kjempekonkurranse. I tillegg var det ein positiv siste treningsdag for dei norske jentene, så vi kryssar alt vi har, opnar Sagen.
Maren Lundby, Helena Olsson Smeby, Line Jahr og Gyda Enger skal hoppe for Noreg i tidenes første kvinnehopprenn i OL-samanheng.
– Det er litt kjipt
Ho gler seg til å sjå mykje god idrett under OL, men prøver ikkje å legge skjul på vonbrotet over å ikkje delta sjølv.
– Det er litt kjipt akkurat no, og det blir sikkert endå kjipare når eg står oppi bakken. Men eg likar godt å sjå skihopping, så eg får gjere det beste ut av dette og heie på venninnene mine som hoppar i dag.
Sagen trur derimot ikkje at nokon av dei norske vil stå heilt øvst på pallen.
– Eg tippar Sara Takanashi vinn, knapt framfor Daniela Iraschko-Stolz, fortel ho.
OL-hopping er ikkje siste steget
Sjølv om kvinnene no får hoppe i dei olympiske leikane, meiner derimot Sagen at det framleis er ein veg å gå.
– Det er framleis mykje å ta tak i. På sikt, i dei neste OLa, bør vi ha både mixteam, team og stor bakke. Det bør bli meir stor bakke i verdscup og i VM, og på lenger sikt kan Hoppveka vere ein milepæl, meiner Sagen.
No gler ho seg til konkurransen tysdag kveld, men ho skal òg følgje mykje anna i løpet av dei neste vekene.
– Ishockey er ikkje det eg har sett mest av i mitt liv, så det blir spennande. Så blir det skiskyting, langrenn og alpint, det gler eg meg til, avsluttar Sagen.