Hopp til innhold

Ber NFF styre unna Marokko: – FIFA driv utanrikspolitikk i strid med FN

Den norske støttekomiteen for Vest-Sahara ber Norges Fotballforbund halde seg langt unna å røyste på Marokko som vertsland for VM 2026.

Marokkos VM-søknad 2026

STYR UNNA: NFF bør ikkje støtte Marokkos søknad når både dei og FIFA ser heilt bort frå Vest-Sahara-spørsmålet, meiner støttekomiteen for Vest-Sahara

Foto: Abdeljalil Bounhar / AP

– FIFA har evaluert Marokkos søknad fullstendig utan å nemne Vest-Sahara. FIFA har til og med late vere å trekkje opp Marokkos grense mot området, skriv den norske støttekomiteen for Vest-Sahara.

FIFA-kongressen skal onsdag velje arrangør av fotball-VM om to år: Marokko eller eit felles bod frå Mexico, USA og Canada, kalla United 2026. Det kan bli ei avrøysting med storpolitiske undertonar.

Generalsekretær Erik Hagen i støttekomiteen er svært skuffa over at FIFAs evalueringsutval ikkje har nemnt Vest-Sahara-konflikten med eit ord.

– FIFAs vurdering inneheld ikkje eit ord om at Marokko okkuperer eit område på storleik med Noreg. Det går så langt at FIFA-rapporten inkluderer dette territoriet i dei marokkanske karta, seier Hagen til NRK.

– Det verkar som om FIFA driv utanrikspolitikk som er i strid med FN.

– Bestemmer oss like før kongressen

Erik Hagen, leder i Støttekomiteen for Vest-Sahara

MISNØGD MED FIFA: – FIFA driv utanrikspolitikk i strid med FN, meiner leiaren i støttegruppa for Vest-Sahara, Erik Hagen

Foto: Pressefoto

Han seier at han er godt nøgd med svaret frå NFF.

– Dei seier at menneskerettar er noko dei tek veldig seriøst. Det er fint, for då har dei ikkje anna val enn å røyste for Nord-Amerika, seier Hagen.

Fotballpresident Terje Svendsen seier at dei to norske utsendingane til kongressen ikkje har bestemt seg enno.

– Det gjer vi like før kongressen, for det kjem ofte ny informasjon heilt til slutt, seier NFF-president Terje Svendsen til NRK.

– Men i presentasjonane kom det fram viktige spørsmål som menneskerettar og tilhøve for arbeidarane, og det kjem vi til å legge vekt på, lovar han.

– Stem på oss, ikkje på Trump

Carlos Cordeiro

FOTBALL, IKKJE POLITIKK: – Stem på oss, ikkje på Trump, seier den amerikanske organisasjonsleiaren Carlos Cordeiro

Foto: Rebecca Blackwell / AP

Også United 2026 har sitt å slite med politisk. Som president Donald Trumps popularitet – eller manglande popularitet – verda over.

– Stem på oss, ikkje på Trump, sa generalsekretæren for organisasjonen bak bodet frå USA, Canada og Mexico, Carlos Cordeiro, til pressa i Moskva i går. – Vi snakkar ikkje om verdspolitikk, men om fotball, la han til.

– Eg fryktar ei røysting med politisk press, sa leiaren for Marokkos søkjarkomité.

United 2026 har fått klart best score av FIFAs evalueringskomité: 4,0 på ein skala frå 0 til 5. Marokko har fått 2,7.

Heile kongressen skal røyste

Vest-Saharas flagg

OKKUPERT: Eit medlem av fridomsrørsla Polisario Front viser det vest-sahariske flagget

Foto: Sidali Djarboub / AP

Men Marokko scorar høgast på eitt punkt: Statlege garantiar og finansiering. President Trump blir rekna som så uføreseieleg at FIFA ikkje vågar å lite på statsgarantiar.

Nytt av året er også at det er heile FIFA-kongressen, med 209 medlemmer, som skal avgjere kvar VM skal haldast. Tidlegare har det berre vore styret med sine 24 medlemmer.

Hovudskilnadene på dei to boda er at i Amerika er alle arenaer og all infrastruktur så godt som på plass allereie. Men avstandane er enorme. I Marokko må nesten alt byggjast opp, men der er avstandane korte.

VM i 2026 skal også omfatte 48 lag, mot 32 i årets VM.

Sportsnyheter

Scenene før skrekkstraffen vekker oppsikt: – Ufattelige bilder

Ballen var søkk borte da Bernardo Silva skulle ta straffe mot Real Madrid. Eksperter mener den lange ventetiden kan ha vært avgjørende for storlaget.

Siste nytt

  • Casper Ruud til kvartfinale i Barcelona

    Casper Ruud viste solid tennis da han banket australske Jordan Thomson i strake sett og tok seg til kvartfinalen i ATP500-turneringen i Barcelona.

    Ruud vant med sifrene 6-1 og 6-4.

    De tunge forholdene med svært høy luftfuktighet på Barcelona-grusen passet nok Ruud best. 25-åringen feide over Thomson i det første settet, som han avgjorde etter bare en drøy halvtime.

    Det andre settet ble langt jevnere, men Ruud styrte likevel kampen dit han ville. Da han brøt til 4-3-ledelse, var det ikke lenger noen tvil.

    Ruud har i likhet med Jannik Sinner og Grigor Dimitrov vunnet alle sine to første kamper i de turneringene han har spilt i år.

    Thompson og Ruud hadde møttes fire ganger før og sto med to seirer hver før torsdagens oppgjør. Ruud tapte for australieren i finalen i Los Cabos tidligere i år, men den turneringen gikk på hardcourt.

    Den italienske 23-åringen Matteo Arnaldi blir Ruuds motstander i kvartfinalen. (NTB)

    Casper Ruud i Barcelona
    Foto: JOSEP LAGO / AFP
  • Tung dag for Foss i Tour of the Alps – falt av i sammendraget

    Den norske Ineos-stjernen Tobias Foss er ute av sammenlagtkampen etter en tøff 4.-etappe i Tour of the Alps torsdag.

    Nordmannen trillet i mål 15.44 minutter bak Simon Carr (EF Education), som gikk solo de siste milene og vant torsdagens kraftanstrengelse.

    Torsdagens 141,3 kilometer lange etappe gikk over to førstekategoriserte topper fra Laives til Borgo Valsugana i Italia.

    Ineos-rytteren Foss har imponert underveis i rittet og vant mandagens åpningsetappe. Før torsdagens etappe lå han på 2.-plass i sammendraget, bare 31 sekunder bak ledende Juan Pedro López (Lidl-Trek).

    Etter torsdagens fjelletappe har avstanden økt såpass at nordmannen er helt ute av tetkampen. (NTB)

    Tobias Foss
    Foto: NTB
  • Barcelona bøtelagt for rasistisk oppførsel blant supportere

    Det europeiske fotballforbundet har ilagt Barcelona en bot på i underkant av 300.000 kroner for rasistisk oppførsel fra supportere.

    Hendelsene skal ha skjedd under det første oppgjøret i kvartfinalen i Champions League mot Paris Saint-Germain.

    Barcelona har også fått forbud mot å selge billetter til egne supportere i neste bortekamp i en europeisk turnering.

    Barca tapte dobbeltoppgjøret mot PSG 4-6 sammenlagt etter at franskmennene vant tirsdagens returkamp i Catalonia 4-1.

    10. april opplyste Paris-politiet at de hadde avhørt to personer etter at det sirkulerte videoer i sosiale medier av en supporter som lagde apelyder og en annen som ga nazihilsener på Parc des Princes.

    I tillegg har også Barcelona også blitt ilagt en bot på i overkant av 80.000 norske kroner for fyrverkeri og hærverk. (NTB/NRK)

    Barcelona PSG
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal