– Eg har jo ikkje hoppa spesielt godt i det siste. Då blir sjølvtilliten deretter. Den er ikkje på topp, seier Velta.
Ein 37.-plass individuelt og 9. plass for lag i Klingenthal er det VM-kongen Rune Velta kan skilte med av resultat denne sesongen.
Det er langt unna to gull, eitt sølv og ein bronse, som han tok i løpet av fire renn i Falun-VM førre sesong.
Derfor tar han grep før det er for seint. Trening framfor renn skal få han ut av utføret og inn i flytsona igjen.
Har fått råd
Ein skuffa Velta står over V-cupkonkurransane på Lillehammer til helga.
– Rune står over rennene her. Han har valgt å vere heime for å trene, sa landslagstrenar Alexander Stöckl på torsdagens pressetreff.
– Det er kjedelig å føle at ein ikkje er i den formen ein ønskar, men når ein står over renn har ein jo sjansen til å reise heim og trene meir, seier Velta.
– Du er ikkje den første hopparen som opplever dette. Kva råd får du av andre som har vore i same situasjon?
– Det einaste tipset som eg alltid får høyre at eg må halde fram med å trene. Det er trening som kan løyse utfordringa. Og då er det bare å trene, seier Velta.
Stort norsk lag
Heile 13 nordmenn deltar i fredagens kvalifisering til verdenscuprennet laurdag. Det er sju som deltar i verdscupkvota og seks på nasjonal kvote.