Hopp til innhold

Slakta lagkameratane etter tap – no legg Thorstvedt seg flat

ŁÓDZ/OSLO (NRK): I skuffelsen etter tapet mot New Zealand under U20-VM var Kristian Thorstvedt svært kritisk til eigne lagkameratar. No har Viking-spelaren lagt seg flat.

GRÅTKVALT: Noreg sin kaptein sleit med å halde tårene tilbake etter tapet mot New Zealand.

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi leverer ein ekstremt svak kamp. Det verka som vi undervurderte New Zealand alvorleg, og blir sjokkerte når vi ser kva dei møter oss med. Vi maktar ikkje å kome tilbake når dei scorer på det langskotet sitt, og fell saman, sa Thorstvedt etter kampen.

– Skal det vere mogeleg å undervurderer New Zealand i eit VM?

– Nei, ikkje i det heile tatt. Vi leverer dårleg mot eit godt lag, heldt Thorstvedt fram.

Thorstvedt, som ikkje fekk starte kampen, var også skuffa over å måtte sjå store deler av tapet frå sidelinja.

No har Torstvedt teke til Twitter for å leggje seg flat.

Laster Twitter-innhold

Gråtkvalt kaptein: – Eg er j.... lei meg

Thorstvedt var ikkje den einaste som var langt nede etter 2-0-tapet, som gjer at vidare avansement i U20-VM heng i ein tynn tråd.

– Det er berre å beklage. Eg er jævla lei meg, seier ein gråtkvalt kaptein Leo Østigard til NRK etter kampen.

– Det er veldig tøft for gutta. Dei har det tungt, så no gjeld det å ta vare på dei, seier trenar Pål Arne «Paco» Johansen.

Han meiner Noreg var nær ved å score fleire gonger og at det kunne gitt ei heilt annan utvikling i kampen. Og at det ikkje vart norske mål er det som skuffar trenaren mest. Og han nektar å gi opp håpet om å ta seg vidare til sluttspelet.

– Så lenge det er ein sjanse er det håp. Skal gjere alt for at vi klarar å ta den.

Hugo Vetlesen var optimistisk framfor siste kamp.

– I kveld skal vi vere forbanna over at vi ikkje gjorde ein god nok jobb. Men i morgon skal vi sjå framover mot neste kamp. Vi skal nok legge ein god plan mot Honduras, så skal nok dette gå fint.

Kjempetreff og sjølvmål

Noreg var lenge det beste laget, men 71 minutt ut i kampen sørgar Gianni Stensness for at Noreg sitt håp om å ta seg vidare til sluttspelet ser veldig dårleg ut.

Eit sjølvmål av John Kitolano gjorde kampen enda meir heilsvart for det norske laget.

Stensness får ballen på minst 25 meter etter norsk klarering og smeller til. Han får eit kjempetreff og ballen susar inn i Faye Lunds høgre hjørne.

Noreg står dermed med null poeng og to tap så langt i U20-VM. Torsdag møter laget Honduras som er rekna som det dårlegaste laget i gruppa.

Vinn Noreg den kampen blir dei nummer tre i gruppa, men med berre tre poeng. Det kan fort bli for lite om å bli blant dei fire beste gruppetrearane.

FIFA U-20 VM i fotball 2019: Norge - New Zealand.

Erling Haaland skapte fleire gode sjansar for Noreg, men fekk ikkje ballen i mål.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Svake norske avslutningar

49 minutt ut i kampen var Noreg nær ved å ta leiinga. Erling Braut Haaland får ballen framfor keeper, men blir takla like før han skal setje ballen i mål.

Ti minutt seinare går Haaland i duell med keeper, men får ikkje noko meir ut av det.

Første omgang enda mållaust. Noreg kom best i gang, men New Zealand kom etter kvart meir med i kampen. Noreg hadde den største sjansen tre minutt før pause, da Erling Braut Haaland gjekk aleine med keeper, men ballen hamna utanfor.

New Zealand imponerte med heile 5–0 over Honduras i første kamp. I og med at Noreg tapte 1–3 mot Ungarn, var siger i dag svært viktig for å få eit avansement.

– Vi skal gå i strupen på dei frå start, sa trenar Pål Arne «Paco» Johansen til NRK like før start.

FIFA U-20 VM i fotball 2019: Norge - New Zealand.

NORGE SITT LAG: Den norske troppen som møtte New Zealand.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Uruguay har tidlegare i kveld slått Honduras 2-0, og både dei og New Zealand er sikre på å gå vidare i turneringa.

Siste nytt

  • Tobias Foss på Ineos-laget i Giro d'Italia

    Tobias Foss (26) er blant åtte Ineos-ryttere som skal delta i årets Giro d'Italia.

    Det var ventet at Vingrom-mannen kom til å få plass på laget. Nylig viste han form i Tour de Alps, hvor han vant den første etappen.

    – Det hadde nok gått uansett, men denne seieren er nok spikeren i kista. Laget er riktignok ikke tatt ut ennå, sa Foss til NTB nylig etter triumfen på åpningsetappen i Nord-Italia.

    Giroen varer fra 4. til 26. mai. For tre år siden ble Foss nummer ni sammenlagt i Grand Tour-rittet.

    Hele laget til Ineos i Giro d'Italia: Thymen Arensman, Geraint Thomas, Filippo Ganna, Jhonatan Narváez, Magnus Sheffield, Ben Swift, Connor Swift og Foss. (NTB/NRK)

    Tobias Foss
    Foto: AFP
  • Landslagsspiller klar for finsk ishockey: – Enkelt valg

    Den norske landslagsspilleren Christian Kåsastul har skrevet under en kontrakt med den finske ishockeyklubben KooKoo.

    27-åringen bekrefter overgangen til TV 2.

    – Det var et enkelt valg. Jeg ville tilbake til Finland. Det er en topp liga i Europa. Det er fokus på struktur og det defensive spillet, og det passer meg godt, sier Christian Kåsastul til TV 2.

    FID276OpxVg
    Foto: NTB
  • Store endringer på kombinertlandslaget: Fra 13 til seks utøvere

    I vinter var det ni menn og fire kvinner på kombinertlandslaget. Til neste sesong slås de to lagene sammen til ett, samtidig som det kuttes drastisk.

    – Vi ønsker å spisse satsingen enda mer mot et VM på hjemmebane neste år og optimalisere satsingen mot de aller, aller beste, sier sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    De seks utøverne som blir en del av Elite A-landslaget er: Jørgen Graabak, Ida Marie Hagen, Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund, Jens Lurås Oftebro og Jarl Magnus Riiber.

    Samtidig har ledelsen opprettet et B-landslag. Der er det én kvinne og syv menn. Blant dem flere som har medaljer og gull fra VM og OL.

    B-laget består av: Marte Leinan Lund, Espen Andersen, Espen Bjørnstad, Kasper Moen Flatla, Einar Lurås Oftebro, Aleksander Skoglund, Andreas Skoglund og Simen Tiller.

    – Vi legger også til rette for de nest beste, men de vil trene mye mer lokalt med sine regionale team, sier sportssjef Stuan om utøverne på Elite B-laget.

    Ifølge Stuan handler kuttet i antall på A-laget først og fremst om optimalisering, men også noe økonomi.

    Neste år er det VM på hjemmebane i Trondheim.

    Kombinert
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal