VM i fare for Dario Cologna: I beste fall går han berre femmila

Sveitsaren Dario Cologna har fått smerter i ryggen, og kan bli nøydd til å droppe VM.

Dario Cologna

VM I FARE: Dario Cologna har slått opp ein gammal skade og risikere å miste heile VM

Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERS

Han har allereie bestemt seg for å stå over alle klassiske distansane i VM. I beste fall rekk han femmila i fristil på VMs siste dag.

Cologna merka etter sprinten i Otepää laurdag at han hadde smerter nedst i ryggen, og han vel derfor å stå over 15-kilometeren søndag.

Reiser heim

I staden reiser han heim til Sveits for å planlegge dei neste dagane saman med sitt medisinske apparat. I slutten av veka vil han avgjere om han reiser til Lahti for å

– Deretter skal eg avgjere om eg skal reise til VM i Lahti, seier Cologna til det sveitsiske skiforbundet.

Cologna har ei god stund slite med etterverknadene av ei muskeavriving i låret, men klart å halde det i sjakk.

Men for to veker sidan fekk han ein strekk nedst i ryggen og i rumpa. Dette forplanta seg til låret, og problema kom tilbake.

– Forsterka seg i dag

– Desse problema forsterka seg i dag, sa Cologna etter den klassiske sprinten der han ikkje kom seg vidare frå prologen. Han blei berre nummer 45.

Cologna har hatt gode resultat på klassiske renn tidlegare i vinter, ikkje minst i Tour de Ski. Men no er han usikker.

Dario Cologna med trener Fredrik Aukland

- SYND: Fredrik Aukland meiner det er trist for VM om Dario Cologna ikkje kan stille opp. Her jublar Cologna saman med Aukland som var trenar for sveitsaren i 2009

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland kjenner Cologna, og stadfester det som har skjedd.

– Det er heilt klart at han ikkje vil gå klassisk i Lahti. Om vi ser han i VM, blir det berre på 50 km, seier Aukland.

– Synd for VM

Han meiner det er synd at ein så sterk løpar dersom Cologna ikkje deltek i VM. Cologna vann både 15 og 30 km i OL i Sotsji, og tok sølv på 30 km i Falun-VM for to år sidan.

– Han hadde vore i stand til å kjempe i toppen, og har gitt uttrykk for at løypene både på 15 km klassisk og 30 km duathlon ville passa han bra. Han hadde nok kunna gi Martin Johnsrud Sundby kamp i duathlon, så det er nok eit tap for VM, seier Aukland.

Cologna har framleis håpet.

– Eg vil gjere alt eg kan for å kome til Lahti og kjempe om medaljer, seier Dario Cologna.

Siste nytt

  • Fannemel frykter for karrieren

    Skihopperen Anders Fannemel har gjennomgått tre kneoperasjoner og har fortsatt problemer. Årets utsatte NM går uten 29-åringen.

    – Jeg hadde et mål om å hoppe i august. Men i løpet av august og september begynte jeg å få mer og mer vondt i kneet. Det holder seg vondt og dårlig fortsatt, forteller Fannemel til Dagbladet.

    Han legger til at han begynner å frykte at karrieren kan være over.

    Forrige sesong deltok ikke Fannemel i noen renn, men han ble likevel tatt ut på hopplandslaget i juni. Nå ser det ut til at hopprennene før jul også vil gå uten Fannemel.

    Anders Fannemel
    Foto: Tore Meek / NTB
  • Sjokktap for Tottenham

    Simen Juklerød og hans Royal Antwerpen flyr høyt for tiden. Torsdag vant den belgiske serielederen 1-0 over Tottenham i europaligaen. Laget topper dermed sin gruppe med full pott, etter å ha vunnet åpningskampen i Bulgaria forrige uke. Da var Juklerød så god at Uefa ga ham plass på rundens lag. (NTB)

    Eliteserien 2018: Vålerenga-Molde
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Scoringsdobbel for Elyounoussi

    Mohammed Elyounoussi scoret begge Celtics mål da det skotske laget spilte 2-2 mot franske Lille i Europaligaen. Nordmannen gav laget sitt en 2-0-ledelse etter første omgang. Men Lille klarte å score to ganger etter pause og utilknet. Kristoffer Ajer måtte ut med skade for Celtic.

    Europa League - Group H - Lille v Celtic
    Foto: Pascal Rossignol / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal