NRK Meny
Normal

VM-dronninga: – Lasse Kjus er min store inspirasjon

BEAVER CREEK (NRK): Slovenske Tina Maze er allereie Beaver Creeks VM-dronning. No trur legendane at 31-åringen vil kopiere Lasse Kjus sin VM-rekord.

Tina Maze og Lasse Kjus

FORBILDE: Tina Maze (t.v.) har Lasse Kjus som sin store inspirasjon.

Foto: AFP PHOTO/MARK RALSTON & Pål Hansen / NTB scanpix

Ho har gull i utfor, gull i superkombinasjonen og sølv i super-G, men alpintstjerna Tina Maze vil ikkje stoppe før ho har fem medaljar.

– Eg er over halvvegs. Tre er unnagjort. No manglar eg bare to medaljar, seier Maze.

I går slo ho hjul av glede etter å ha vunne superkombinasjonen 0,22 sekund framfor Nicole Hosp.

Etter triumfen kom det klart fram kven som er hennar store helt.

– Lasse Kjus, han er min store inspirasjon, seier Maze til NRK.

– Det blir ikkje enkelt

No er ho på god veg til å tangere nordmannens eventyrlege rekord på fem medaljar under VM i Vail i 1999.

Ikkje før eller sidan har nokon tatt fleire medaljar i eitt og same alpin-VM.

– Eg håpar det går, men det blir ikkje enkelt, seier Maze i eit intervju med TV-kanalen NBC.

(Artikkelen held fram under videoen)

Så glad blir man når hun vinner superkombinasjonen

På taket av Red Tail Arena stod Maze-helten Lasse Kjus og følgde VM-dronninga i superkombinasjonen.

Han har trua på 31-åringen, som tok to OL-gull i Sotsji i fjor.

– Ho er den einaste i dette VM som kan ta fem medaljar, seier Kjus.

Fire gangar Hahnenkamm-vinnar Didier Cuche tar av seg hatten og spår meir gull og glitter.

– Ho kan definitivt ta fem medaljar. I slalåmdelen var ho sterk, hadde bra rytme og takla mykje press. I storslalåm har ho vore sterk heile vinteren, seier Cuche, som er skråsikker på at Maze står på toppen under storslalåmrennet torsdag.

Slalåm-nerver

I slalåm er ikkje sveitsaren like sikker på om det går.

– Ho har aldri tatt VM-medalje i slalåm. Det er i denne konkurransen nervene kan komme.

Men med Mazes ekstreme sjølvtillit kan det gå, meiner Cuche.

– Ho flyr over snøen. Tina Maze er i fyr og flamme.

Også Ragnhild Mowinckel, som blei nummer ni i kombinasjonen, er imponert.

– Det er heilt sjukt. For ein komplett skiløpar ho er. Ho er ei maskin. Det er så imponerande å sjå på når ho vinn renn etter renn, seier Mowinckel.

Siste nytt

  • Ønsker å trene med Johaug

    Astrid Uhrenholdt Jacobsen håper «med hver eneste celle i kroppen» at Therese Johaug fortsetter til tross for at lagvenninnen mister OL neste år. – Heldigvis kan hun trene med hvem hun vil på privaten. Jeg har i alle fall et ønske om å bidra der. Jeg tror det blir viktig å ha noen ting felles, sier Jacobsen til NRK.

    Lagvenninnene støtter Johaug

Sendeplan

Kl. Program Kanal