Åtte djupt konsentrerte sjakkspelarar sit og flyttar brikkene rundt i eit forrykande tempo. Verdseliten er samla på Island for å kåre ein verdsmeister i fischersjakk, og Shohreh Bayat er éin av dei med ansvaret for å sørgje for at spelarane følgjer reglane.
På første dag av VM fekk publikum sjå noko så sjeldan som ein dommar-protest.
– Eg ønskjer å vise mi støtte til det iranske folket og vise at vi står saman, seier Bayat til NRK.
Omfattande protestar
Ho er ein erfaren sjakkdommar og ei kjend stemme i kampen for kvinners rettar. Derfor betyr opprøret i heimlandet ekstra mykje.
– Eg har det ikkje så bra. Det er mykje som skjer i Iran no, og eg prøver å halde meg positiv.
Ein del av positiviteten er T-skjorta med påskrifta «kvinner, liv, fridom» i dei iranske fargane. Det er eit motto brukt i dei omfattande protestane verda over dei siste vekene.
Det starta då 22 år gamle Mahsa Amini døydde i varetekta til moralpolitiet etter at ho vart arrestert for brot på dei strenge kleskodane i landet.
– Ho vart drepen for ikkje å ha på hijab. Dei har drepe mange uskuldige kvinner. Vi er eit fredeleg folk, og ønskjer berre grunnleggjande rettar for korleis vi vil leve og kva vi skal ha på oss, seier Bayat fortvila.
Ifølge menneskerettsorganisasjonen Hrana er fleire hundre menneske blitt drepne i eller etter demonstrasjonar i Iran.
Over heile verda har det vore markeringar dei siste vekene. Søndag deltok over 80.000 i ein protestmarsj i Berlin. Også New York, Oslo, Stockholm og Beirut har hatt tilsvarande demonstrasjonar.
Uønskt i heimlandet
Ho har ikkje vore i Iran sidan januar 2020. Shohreh Bayat tør ikkje reise heim i frykt for eigen tryggleik.
Då ho var VM-dommar i 2020 reagerte iranske styresmakter på at ho ikkje dekte til håret tilstrekkeleg.
– Eg prøvde å ha på hijaben på ein laus måte, men fekk truslar og vart pålagt å beklage offentleg og ta på meg hijaben ordentleg. I media vart eg fordømd, og styresmaktene lista opp fleire krav for at eg skulle få komme heim igjen.
Men same kva ho gjorde, kjende ho at det ville vere utrygt å returnere til heimlandet.
– Då bestemde eg meg for å stå opp for mine verdiar. Mange i Iran støtta meg og avgjerda mi. Eg har fått så mykje støtte, så no ønskjer eg å vise at eg står med dei, seier ho til NRK.
– Hun er modig. Det er også litt modig av arrangørane – at dei lèt henne gå med det. Eg synest det er veldig fint, seier NRKs sjakkekspert Sheila Barth Stanford om den iranske VM-dommaren.