– Fy fader når ho kjem inn i fyrste omgang der og berre bankar ballen i mål. Ho er heilt rå, gled dykk til resten, gliser Camilla Herrem etter kampen.
Landslagsveteran Camilla Herrem rosar debutant Ingvild Bakkerud opp i skyene etter 36-20 sigeren over Slovenia.
Kaptein Stine Bredal Oftedal meiner skota til Bakkerud kom på beste tenkeleg tidspunkt.
– Ho var heilt fantastisk. Det er så forløysande å ha slike spelarar. Me trengde det i dag, seier Oftedal.
Slovenia styrte fyrste omgang
Slovenia skulle vere den fyrste skikkelege testen i VM, etter at Cuba blei feid av banen med 31 mål i opningskampen. Dagens motstandar overraska i opningskampen da dei slo ein av VM-favorittane, Nederland, 32-26.
Handballkvinnene såg ut til å komme ned på jorda i fyrste omgang da Slovenia leia 7–4 og var i føringa det meste av fyrste omgangen anført av stjernespelar Ana Gros som scora seks mål på 20 minutt.
Men Thorir Hergeirsson hadde eit par gode kort på handa på benken. VM-debutant Ingvild Bakkerud kom inn og scora tre på rad og plutseleg var Noreg i leiinga med eitt mål til pause.
– Det ho gjer er heilt klasse. Bakkerud er ustoppeleg for Noreg nå, sa NRKs ekspertkommentator da debutanten sette inn sitt tredje skot på rad.
24-åringen frå Kongsberg spelar til dagleg i danske Odense og debuterte på landslaget i fjor. Seks mål og fleire målgjevande pasningar i den fyrste verkelege VM-testen må seiast å vere det store internasjonale gjennombrotet for backen.
– Det var utruleg gøy. Å få ein sånn start er herleg, seier Bakkerud.
– Det såg ut som ho hadde spelt over 100 landskampar. Det var storarta og ho er trygg på seg sjølv, seier Gabrielsen.
– Ein maktdemonstrasjon
Det enda med 36-20 seier til Noreg og 23 av måla kom i andre omgang mot berre 13 i den fyrste.
Noko av det beste landslaget har gjort på lenge meiner NRKs ekspert.
– Ein maktdemonstrasjon av Noreg i andre omgang. Det er noko av det beste eg har sett av landslaget på lang tid. Det er forsvar og målvaktspel heilt i ypparste klasse, meiner Gabrielsen som nå ser lyst på resten av VM.
– Det ser veldig bra ut om dei slår Serbia i morgon. Eg blir ikkje overraska om Noreg står i ein semifinale, og da kan alt skje.
Ser at Slovenia gjev opp
Camilla Herrem meiner det var eit heilt anna norsk lag som kom på banen etter pause.
– Me har ein heilt anna tenning når me kjem utpå etter pause. Det er to heilt forskjellige omgangar. Me har så mykje energi og fart og gje. Nå er eg sinnssjukt stolt, seier Herrem som også såg at Slovenia blei slitne i andre omgang.
– Me ser at dei gjev opp. Det er ei god kjensle, smiler Herrem.
Bakkerud enda med seks mål til slutt, medan Marit Røsberg Jacobsen blei norsk toppscorar med åtte mål.
Berre 22 timar etter kampslutt ventar Serbia i den tredje gruppespelkampen.