Fem gonger peika dommarane på straffemerket i kampane på den tredje VM-dagen. Noko liknande har ikkje skjedd sidan VM i Frankrike i 1998.
Då NigeriasTroost-Ekong låste sin kroatiske motstandar med to sterke armar inne i feltet, peika dommaren på straffemerket, slik hans kollegaer hadde gjort i alle tre kampane tidlegare på dagen.
– Eit soleklart straffespark. Det som er uheldig, er at det ikkje alltid blir blåse for slikt heller, sa NRKs ekspert Egil Olsen.
Kroatias største stjerne Luka Modric var botnsolid på straffa. Ballen gjekk inn heilt inne ved stolperota. At Nigerias 19 år gamle keeper gjekk til feil side, betydde lite.
– Ingen keeper hadde teke det der, sa Drillo.
- Tidlegare i dag blei det to straffer i kampen mellom Frankrike og Australia. Begge gav mål – eitt til kvart lag.
- Så bomma sjølvaste Lionel Messi på straffe mot Island.
- Så bomma Perus Christian Cueva grovt mot Danmark.
- Og i siste kampen scora altså Modric.
Fem straffer – tre som gav mål, to som blei bom.
Den 24. juni 1998 – dagen etter Kjetil Rekdals straffescoring mot Brasil – blei det dømt seks straffespark. Det har aldri skjedd seinare, om vi ser bort frå straffesparkkonkurransar.
To av traffane gav altså bom. I heile 2014-VM blei det bomma på berre eitt idømt straffespark.
– Det skulle vore to straffer til, sa NRKs Carl-Erik Torp. Han sikta til ein til i kampen mellom Frankrike og Australia, og ein i kampen mellom Peru og Danmark.
– Den siste der såg verken dommar eller VAR-folka, sa Torp.
To av straffesparak i dag kom etter bruk av VAR-teknologien.
– Betyr VAR at det kan bli fleire straffer, og at spelarane måt trene meir på det, spurde programleiar Carina Olset.
– Det ser slik ut, svarte Torp.
Modric i sentrum
Det var Modric som blei den store skilnaden på Kroatia og Nigeria i kveld, i ein kamp som ikkje blei noko høgdepunkt. I tillegg til straffescoringa, la han også hjørnesparket som gav kroatisk leiing etter det 43. sjølvmålet i VM-historia.
Luka Modrics corner blei heada vidare av Ante Rebic. Andrej Kramaric prøvde å heade, men headinga hadde kurs godt utanfor målet då Oghenekaro Etebo var uheldig og styrte ballen i eige nett, bak den 19 år gamle keeperen Francis Uzoho.
Uheldig for nigerianaren, men fortent leiing for Kroatia, som styret det meste av spelet i ein elles nokså innhaldslaus omgang. Ifølgje offisielle statistikkar blei det ikkje løyst skot mot mål frå noko av laga.
– Dette var skuffande. Eg hadde venta meg litt meir av to lag med så mange gode spelarar, sa Egil Olsen i pausen.
Kroatia var endå klarare det beste laget etter pause, og var nær 3-0 heilt på tampen. Men uansett har dei sikra seg eit overtak på gruppefavoritt Argentina etter første runde i gruppe D.
Sjanse til Kroatia
Sjanse til Kroatia
0:22Kroatia opp i ledelsen
0:14Kroatia sjanse
0:11Straffe til Kroatia
0:13Modrić scorer på straffe
0:42Sjanse til Kroatia
0:14