Heine var best på det som blei eit spurtoppgjer mellom tre ryttarar.
– Det var herleg. Eg skulle ønskje eg kunne dele trøya, medaljen og æra med lagvenninnene mine, spesielt med Kathrine som var med mot slutten. Vi støytte og støytte for å køyre frå Ingrid Lorvik som køyrde veldig sterkt.
– Vi klarte ikkje å køyre frå henne, og måtte satse på å vinne spurten, seier 32-åringen til NRK etter det snautt 120 kilometer lange rittet med drygt 2200 høgdemeter i Stjørdal.
Det gjekk Heines veg. 300 meter før mål tok ho teten og gav den ikkje frå seg. Og på andreplass kom lagvenninna Katrine Aalerud. Lorvik, som hadde jobba aktivt heile vegen, måtte nøye seg med tredjeplassen.
– Eg forstod nok då rundt fem kilometer stor igjen at vi hadde sjansen. Ingrid var nøydd til å jobbe aleine i front. Eg såg at ho tok til å bli sliten, og eg og Katrine kunne ligge bak, og dessutan hadde to lagvenninner til som var i ferd med å kome opp bakfrå, seier Vita Heine.
Går for topp 10 i VM
No skal ho køyre internasjonalt med NM-trøya eit år til.
– Det er eg stolt av, seier Vita Heine.
– Korleis ser du vegen framover mot VM i Bergen i september?
– Det gir meirsmak å stå på pallen, men nivået er sterkt. Dei beste er nok litt sterkare enn oss, så alle vi har ein veg å gå.
– Men det er lov å vere optimist, det er fullt mogeleg å kome inn på topp 10. I beste fall kan vi nok sikte mot medalje. Men då må vi samarbeide veldig godt som eit lag, slik dei beste laga frå utlandet gjer, og slik vi gjorde i dag. Då kan vi få til utruleg mykje, seier gullvinnaren.