Normal

Gunn-Rita: – Eg får skulda på alderen

OL-, VM- og EM-vinnar Gunn-Rita Dahle Flesjå, blei slått av den danske 21-åringen, Julie Leth, under årets Nordsjøritt. I herreklassen vann Jarstø for andre år på rad.

Julie Leth og Gunn Rita Dahle

Julie Leth og Gunn-Rita Dahle etter målgang under Nordsjørittet 2013.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Julie Leth

21 år gamle Julie Leth vann kvinneklassen under årets Nordsjøritt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Den unge sykkelprofilen frå Danmark, Julie Leth, stakk av med heile showet då ho for første gong deltok i Nordsjørittet i år.

Det blei eit spurtoppgjer mellom Leth og Gunn-Rita Dahle Flesjå, der 21-åringen trakk det lengste strået. På tida 3.09.52 var ho inne tre sekund før Gunn-Rita.

– Eg er ikkje landevegsryttar, og ikkje vand med å spurta, seier Gunn-Rita like etter at ho kryssa målstreken.

– Eg får skulda på alderen, legg ho til med eit glimt i auga.

– Fantastiske forhold

– Er det slik at alderen pregar deg?

Eigentleg ikkje så mykje meir enn at når eg trenar nå, er det også for å få overskot til å vera ei mor. Det er noko som har endra seg frå tidlegare.

For det er ein del år mellom den norske sykkelstjerna og den 21 år gamle dansken. Likevel er ho ikkje ei kven som helst innan sykkelverda.

Leth er verdsmeister på bane, og har blitt danmarksmeister i landevegsritt. Nå syklar ho for Team Hightech Products.

– Det er alltid kjekt å vinna. Det var eit fantastisk flott vêr og ei kjekk løype, seier Leth i målområdet i Sandnes.

Det kan også Gunn-Rita skriva under på.

– Dette er ein folkefest, og det er nå festen byrjar for min del.

Nummer tre i kvinneklassen blei Lene Byberg, som også sykla for Hightech.

«The double»

Seinare på dagen gjekk herrane sin eliteklasse i mål.

Og også i år var det Daniel Jarstø som kom først over mållinja.

– Dette var utruleg kjekt, målet mitt er å slå Roy Hegreberg i tal på Nordsjøritt-sigrar, seier han.

Før han starta klokka 15 i dag såg han på rittet på nett-TV. Der såg han bror sin bli juniormeister.

– Eg tenkte eg skulle kopiera han, og det gjorde eg.

Daniel Jarstø vinn Nordsjørittet

Her går Daniel Jarstø i mål.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Siste nytt

  • Mener Tyrkia fortjener fotball-EM

    Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan forventer at UEFA gir landets søknad en rettferdig sjanse i dragkampen med Tyskland om å få arrangere fotball-EM i 2024. Torsdag blir det klart hvem av dem som blir tildelt mesterskapet.

    Erdogan
    Foto: Kayhan Ozer / AFP
  • «Tutta» usikker på videre satsing

    Suzann Pettersen vet ikke om hun kommer til å satse videre på golfkarrieren. Den nybakte moren sier til VG at hun ikke har slått en golfball siden februar.

    – For å si det sånn, jeg gidder ikke å komme tilbake halvveis, sier hun.

    Tutta
    Foto: Thomas J. Russo / Reuters
  • Sveits avviste Chelsea-eier

    Den russiske oligarken og Chelsea-eieren Roman Abramovitsj har fått avvist sin søknad om oppholdstillatelse i Sveits, fordi han anses som en sikkerhetstrussel. Politiet anbefaler i en rapport ikke å gi russeren oppholdstillatelse på grunn av «mistanke om hvitvasking av penger og mulige forbindelser til kriminelle organisasjoner».

    Roman Abramovitsj
    Foto: CARL COURT / Afp

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Cupen: Kvartfinale, Start - Bodø/Glimt
Cupen: Kvartfinale, Start - Bodø/Glimt
Cupen: kvartfinale Start - Bodø/Glimt
Cupen: Kvartfinale, Start - Bodø/Glimt
Cupen: Kvartfinale, Rosenborg - Vålerenga
Cupen: kvartfinale Rosenborg - Vålerenga