Nordmannen kom best i gang mot argentinaren som er ti år eldre enn 20 år gamle Ruud, men Juan Martin del Potro vart eit nummer for stor.
– Men eg trur ikkje eg er så langt unna. Eg heng ofte godt med, og er ikkje langt bak i dag. Det er ei veldig positiv tilbakemelding og noko eg tek med meg vidare. Eg brukar dette som motivasjon, og kjenner at eg spelar noko av min beste tennis akkurat no, seier Ruud.
Del Potro vann første sett 6–4. Ruud heldt fram med å imponerte og spelte fantastisk bra også i det andre settet. Men til slutt var det argentinaren som vann også dette settet 6-4, og dermed sikra seg plass i kvartfinalen.
Ruud er rangert som nummer 76 i verda, medan motstandaren altså er rekna som den niande beste.
Han har mellom annan 22 ATP-titlar og har også vunne US Open i 2019.
Med resultata frå Roma vil Ruud kome opp på 61. eller 62.-plass på neste verdsranking. Ruud reiser onsdag til Paris, der han skal vere med i French Open, som tek til neste helg.
Dramatisk runde mot Kyrgios
Han tok seg til tredje runde i ATP-turneringa, etter det som vart ein svært dramatisk kamp. Tredje sett mot Nick Kyrgios enda med at australiaren kaste ein stol ut på tennisbana, før han til slutt forlèt bana i sinne.
– Dette er det verste og mest usportslege eg har sett nokon sinne på ei tennisbane, seier mora til Ruud, Lele Cathrine Ruud, som følte kampen ifrå tribunen i Roma.
Kyrgios er rekna som ein ekte showmann og er mellom annan kjend for å forlate bana midt i ein kamp, serve som ein nybegynnar, prate høglydt til både seg sjølv og dommaren.
– Eg prøvde ikkje berre å halde fokus på meg sjølv gjennom heile kampen. Eg visste at humøret hans er som ei berg- og dalbane. Han har eit veldig høgt topnivå, men kan også gi bort enkle poeng og slag, sa Ruud etterpå.
– Mot slutten fekk eg med meg at det rabla for han, og han fekk som fortent ved å bli diskvalifisert. Han kan berre takke seg sjølv, sa han.
Og i kampen mot nordmannen fekk vi sjå ein tydleg både høglydt og kranglete 24-åring. I tredje runde auka temperamentet berre meir og meir.
Plutseleg kastar australiaren tennisracketen sin i bakken, for deretter å ta tak i ein stol på sidelinja og kaste den ut på bana, medan han kjefta og small.
Dommaren gav han først ei åtvaring tidleg i kampen, før han etter fleire nye rundar med kjefting på dommaren fekk poengstraff. Det er då det klikka for australiaren, og han kastar ein stol ut på bana.
Til slutt blir det gamestraff. Ein ekstra dommar vart tilkalla og det enda med at 24-åringen vart diskvalifisert.
Noko som er sjeldan kost i tennis.
– Kasta bort talentet sitt
– Det vart så dramatisk som vi hadde spådd på førehand. Det var litt overraskande, eller kanskje ikkje. Han er jo heilt ustabil. Men vi tar sigeren vi, seier pappa Christian Ruud til NRK etter kampen.
Han snakka med sonen rett etter kampen og seier at Casper ikkje er veldig imponert over måten australiaren oppfører seg på.
– Han er jo ein veldig god tennisspelar. Han har jo ein serv som er heilt latterleg bra, fortel pappa Ruud.
Han legg til at dei visste at Kyrgios ofte ikkje syner så stor interesse når det blir spelt på grus.
– Men når han tok tie-break'ein, så vart han tent og verkeleg ville vinne kampen, så det var kanskje difor han klikka heilt når han vart broten tilbake.
Nesten perfekt spelt
Den australske spelaren var rett nok sportsleg nok til at han gjekk bort og takka Ruud og dommaren for kampen, før han med bagen på skuldra gjekk ifrå bana.
I det første settet var Ruud suveren mot Kyrgios. I andre sett enda det 6–6. Australiaren vann 7–5 på tie-break.
Tredje runde vart derimot altså langt meir dramatisk.
– Kyrgios greidde å psyke ut Ruud i andre settet, men i tredje sett klarte Ruud og bryte tilbake. Og det seier mykje om kor god han har blitt, seier Eurosport sin tennisekspert, Christer Francke.
– Eg synst eigentleg Casper spelte veldig bra heile kampen. Nesten perfekt spelt av Casper, seier Christian om sonen sin innsats.