– Eg prøver å skaffe pappa billettar til Paolo Nutini (skotsk artist). Konserten hans her i Glasgow er utseld og eg har prøvd å oppsøke han på Twitter, men han har ikkje gitt svar, seier John Guidetti lattermildt.
Slik skal Deilas nysignering prøve å feire at målkontoen er opna. Saman med far, som har bursdag i dag.
Guidetti bidro i går til å gi Ronny Deila pusterom i ein pressa situasjon som Celtic-manager.
– Det er fantastisk å kjenne på dette. Eg har sakna følelsen av å score mål og vinne kampar, seier Guidetti.
Deila: – Han har mykje å gå på
Ved å score det første målet i 3-0-triumfen over Hearts i den skotske ligacupen beviste han at han kan bli ein svært nyttig tilvekst for klubben.
– John har ikkje spelt førstelagsfotball på to år, men har eit stort talent. Derfor henta vi han hit. Her har han bare spelt to kampar med førstelagsfotball, så han har mykje å gå på før potensialet er løyst ut, seier Deila.
Etter cupavansementet kan Deila pusta letta ut og sjå fram til nokre dagar med betydeleg større grad av arbeidsro enn om Celtic hadde tapt for Hearts og stupt på hovudet ut av cupen.
Fem poeng til toppen
Neste oppgåve for den skotske storklubben er ligamøtet med St. Mirren kommande laurdag.
Caltic er no nummer fire i den skotske eliteserien, fem poeng bak serieleiar Dundee United.
Stefan Johansen var tilbake i Celtics startoppstilling onsdag etter å ha stått over sist helgs ligakamp mot Mortherwell på grunn av ei muskelskade.
Jo Inge Berge var på si side ikkje med i troppen.