Friidrettsforbundet: – Vil avvente å vurdere nasjonale rekordar

Norges Friidrettsforbund vil vente med å ta stilling til om også gamle norske rekordar skal vurderast slik Europa-rekordane er foreslått.

Ketil Tømmernes

AVVENTAR: Friidrettspresident Ketil Tømmernes og hans styre vil vente på den internasjonale utviklinga før dei diskuterer om også gamle norske rekordar skal strykast

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

– Vi kjem ikkje til å ta dette opp no. Vi vil vente på utviklinga internasjonalt før vi diskuterer kva vi skal gjere, seier friidrettspresident Ketil Tømmernes til NRK.

– Vi har sendt vår innstilling til IAAF (det internasjonale friidrettsforbundet). Vi skal ikkje legge oss opp i kva dei nasjonale forbunda skal gjere, seier EAA-president Svein Arne Hansen.

Bakgrunnen er vedtaket i EAA (det europeiske friidrettsforbundet) i helga, der dei gjekk inn for å stryke alle rekordar som ikkje er sette under akseptert standard for dopingkontrollar og andre kriteria.

I praksis vil det seie at alle rekordar sette før 2005 – då ein tok til å fryse ned dopingprøver – er i faresona for å bli plassert i kategorien «tidlegare rekordar».

Dei fleste europarekordane er frå før 2005. DDR og Sovjetunionen har til saman 12 av rekordane, og dei nasjonane gjekk i oppløysing i 1990 og 1991. Også Tsjekkoslovakia – oppløyst i 1993 – er framleis på rekordlistene. Sjå faktaboks.

Kan også gjelde verdsrekordane

I august skal saka opp i IAAF, og då kan også verdsrekordane lide same lagnad.

IAAF-president Sebastian Coe var med på møtet i helga. Han stiller seg bak forslaget.

Men det er ikkje sikkert det blir vedtatt for det. Australia har allereie sagt at dei er imot.

– Det ville vere urettferdig, slår Athletics Australia fast.

Rapporten som EAA-vedtaket byggjer på, viser til at det tyske friidrettsforbundet to gonger har foreslått å stryke gamle rekordar og begynne heilt på nytt. Bakgrunnen er at då dei to tyske statane vart slått saman i 1990, kom det fram kor omfattande doping var i det gamle DDR.

To gonger avvist av IAAF

Derfor foreslo Tyskland først i 1999 å stryke alle rekordane og begynne det nye tusenåret med blanke ark og pålitelege rekordar. Det blei avvist av IAAF.

I 2012 prøvde dei igjen. Men igjen blei forslaget avvist.

I EAA-rapporten blir det vist til den nederlandske diskoskastaren Ria Stalman, som tok OL-gull i 1984. Ho vedgjekk i januar i fjor at ho hadde brukt steroidar i oppkøyringa, og i den perioden sette ho nederlandsk rekord som ikkje har blitt slått.

Nederland sletta Stalmans rekord i november i fjor.

– Øydelegg namn og rykte for tidlegare utøvarar

Paula Radcliffe

REISER BUST: – Forslaget vil øydelegge namnet og ryktet for mange, seier Paula Radcliffe. Ho risikerer å miste europarekorden i maraton frå 2003

Foto: SEAN DEMPSEY / Afp

Det er dei nederlandske kriteria EAA-rapporten byggjer på, og som no blir sendt vidare til IAAF.

Men blant tidlegare aktive utøvarar er det skepsis til det nye forslaget.

Fleire av dei som står i fare for å miste rekordar, reiser bust. Paula Radcliffe – verdsrekordhaldar i maraton sidan 2003 – seier til The Guardian at dette vil «øydelegge namn og rykte for mange av uskuldige utøvarar».

– Friidrettsleiarane sviktar i arbeidet med å verne reine utøvarar, seier Radcliffe.

I Sverige går høgdehoppar Patrick Sjögren til angrep på EAA-forslaget. Han risikerer å miste rekordane sine.

Her i Norge har Ingrid Kristiansen teke sterkt til motmæle.

Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Mjelde og Chelsea slo PSG

    Maren Mjelde og Chelsea vant 2–0 hjemme i det første av to kvartfinaleoppgjør i mesterligaen mot Paris Saint-Germain.

    Mjelde spilte hele kampen. Verken klubbvenninnen Maria Thorisdottir eller PSGs Andrine Hegerberg var med i sine lags kamptropper.

    Maren Mjelde.
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Narvik og Grüner til eliteserien

    Grüner snudde 0–1 til 2-1-seier i kvalifiseringskampen mot Ringerike og sikret opprykket til eliteserien i ishockey torsdag.

    Oslo-lagets snuoperasjon og seier betyr at også Narvik rykker opp til øverste nivå. Ringerike rykker ned til 1. divisjon.

    Ishockey Kvalifisering til eliteserien: Ringerike - Narvik (7-2)
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Slik lader Spania opp mot Norge

    Landslagssjef Luis Enrique overrasket mange med å ta ut åtte nye spillere til troppen mot Norge. Det «nye» laget må sveises sammen, og onsdag ladet stjernene opp med paintball i Madrid. Så er spørsmålet om landslagssjefen treffer blink med lagbyggingen. Bildene er brukt med tillatelse fra Det spanske fotballforbundet.

Sendeplan

Kl. Program Kanal