Vil ta frå tiltalt trenarrolla resten av livet

Aktor i saka mot den tidlegare topptrenaren meiner han skal bli tatt frå retten til å jobbe med utøvarar resten av livet, også ungdom- og breiddeidrettsutøvarar.

Oslo Tingrett

I TINGRETTEN: Saka mot den tidlegare topptrenare har gått i Oslo Tingrett dei to siste dagane.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

I dag var andre og siste dagen i rettsaka mot den tidlegare friidrettstrenaren Frank Evertsen. Han er tiltalt for å ha forfalska papir på legeutdanninga i Litauen.

Aktor Ragnvald Brekke la ned påstand om 75 dagars fengsel, der 30 bør vere betinga. Men store delar av dagen gjekk med på å bevise at Evertsen ikkje er skikka til å vere trenar.

Forsvarar ba retten behandle Evertsen på mildast mogleg måte.

Gav jernsprøyter til utøvarar

Eit av hovudargumenta til aktor, er Evertsens bruk av jernspøryter på utøvarar. Fleire av vitna skildra forholda rundt det som skjeded då blant andre langdistanseløparane Marius Bakken og Susanne Wigene blei jernforgifta etter at Frank Eversten gav dei jernsprøyter.

evertsen og Bakken

TIDLEGARE TRENAR: Frank Evertsen(t.h) var tidlegare trenar for fleire toppidrettsutøvarar, blant anna Marius Bakken

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Wigene fortalte til retten, via telefon, at det var eit «hysj hysj-prosjekt», og at dei måtte låse dørene då jerninjeksjonane blei sette.

Ho fekk ei klar forståiing av at ingen andre ved Olympiatoppen skulle vite om det, noko Eversten benektar. Han meiner det var innarbeida praksis.

Wigene sa til slutt at problemet var at ein ikkje kunne stole på Evertsen, og at ho aldri ville la han trene nokon ho kjente. Ho sa også at han kunne mykje om trening, men gjorde mykje anna som var heilt forferdeleg.

Thomas Berge ba om retten ikkje la vekt på jernsprøytesaken fordi den er 15 år gammal, og dermed for langt attende i tid.

Han meiner også retten må vere varsomme å legge vekt på slike vitneutsagn, og at det er ikkje vitnes roller å synse.

– Tragisk sak

– Eg syns at alle fortener ein ny sjanse, men her er virkar det som at ingen åtvaringar fungerer, og då synst eg det er på plass med ein streng reaksjon, seier lege ved Olympiatoppen, Lars Engebretsen.

Han er med det heilt enig med aktor i saka. Engebretsen skildra frå vitneboksen saka som surrealistisk.

– Heile saka er tragisk. Det er veldig uvanleg at nokon utgir seg for å vere lege, og brukar medisinar på pasientar, seier Engebretsen til NRK.

Evertsen hadde juksa til seg ein legelisens som var godkjent i Norge i sju månadar før den blei trukke attende. I denne perioden tok han ut medikament, blant anna astmamedisinar.

– Som trenar skal alle ha tillit til at trenaren er det han seier han er. Dei skal ikkje utgi seg for noko anna, tøye grensene, eller ta med seg ungdom og andre utøvarar på noko som ikkje er lovleg, seier aktor aktor Ragnvald Brekke.

Thomas Berge og Frank Evertsen ønskjer ikkje å uttale seg til NRK.

Dom i saka er forventa kommande måndag.

Siste nytt

  • King-assist i Bournemouth-seier

    Joshua King sto for en målgivende pasning da hans Bournemouth tok en solid 3-1-seier hjemme mot Everton i Premier League søndag. Nordmannen var nest sist på ballen da Callum Wilson scoret 1-0, og han skaffet frisparket som ga 2-1.

    Joshua King
    Foto: Olly Greenwood / AFP
  • Ny verdensrekord på halvmaraton

    Geoffrey Kamworor fra Kenya løp inn til ny verdensrekord da han vant København halvmaraton på tiden 58.01 søndag.

    Kamworor forbedret dermed verdensrekorden med 17 sekunder. Det ble først oppgitt at vinneren ble den første mannen til å løpe halvmaraton på under 58 minutter, men tiden ble oppjustert to sekunder etter målgang.

    Norske Sondre Nordstad Moen løp inn til niendeplass i København. Han kom i mål på tiden 1.00.20, skriver Friidrettsforbundet.

    I kvinneklassen var det Berhane Dibaba Adugna fra Etiopia som stakk av med seieren. (NTB)

    Geoffrey Kamworor
    Foto: Seth Wenig / AP
  • RBK tror fortsatt på seriegull

    Rosenborg er sju poeng bak serieleder Molde, og har spilt én kamp mer, men trønderne tror fortsatt de kan vinne Eliteserien. Lørdag ble Lillestrøm slått 3–1 på Lerkendal. Ni kamper gjenstår.

    – Hvis vi vinner alle ni tror jeg vi tar seriegull. Det er bare å peise på. Vi har absolutt troen på at det er fullt mulig, sier Birger Meling til klubbens nettsted.

    Heller ikke RBK-trener Eirik Horneland tror det er en umulig oppgave å hente inn Odd, Bodø/Glimt og Molde foran dem på tabellen.

    – Vi må jo drømme om det. Jeg tror vi må vinne åtte av ni seriekamper, sier han til Adresseavisen. (NTB)

    Eliteserien fotball 2019: Rosenborg - Lillestrøm.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal