– Eg er «fit for fight», seier ein offensiv rogalending til NRK før sesongens første 3000 meter.
Årets store mål er VM i Beijing i august. Men først vil Ingebrigtsen sette ny norsk rekord når Diamond League-sesongen pangstartar i kveld.
God nok form
24. august 2001.
Så lenge sidan er det Marius Bakken satte sin norske rekord på 7.40.77 under eit stemne i Brüssel.
Rekordar er til for å slåast.
Og Ingebrigtsen meiner han allereie no, så tidleg i sesongen, er i god nok form til å løpe under 7.40.
– Den personlege rekorden min er halvtanna sekund unna. Det hadde vore ganske gøy å tatt den rekorden, seier 24-åringen.
– Ta ut alt av krefter
Den dobbelte olympiske meisteren Mo Farah frå Storbritania er blant konkurrentane i eit knallsterkt felt i det NRK-sendte stemnet i Doha i Qatar.
Ingebrigtsen håper at Farah og stor fart i feltet skal hjelpe han med å nå sesongens første mål - å løpe under 7.40.
– Farten kjem nok til å vere høg i starten. Eg må berre forsøke å henge med og springe så billig som eg kan i bakre del av feltet i byrjinga. Og når det er 1000 meter igjen så må eg ta ut det har igjen av krefter, seier Ingebrigtsen.
PS: Du kan sjå Henrik Ingebrigtsen og de andre friidrettsutøvarane i aksjon på NRK1 i kveld frå klokka 18.00. Du kan også høyre sendinga på dab-kanalen NRK Sport.