– Vi førebur oss på å øydelegge for dei, for det er det det handlar om, seier landslagssjef Petter Thoresen til NRK.
– Så skal vi prøve å score i powerplay eller kome til kontringar. Vi må vere audmjuke nok til å forstå at her er det vi som er «underdogs». Då krevst det veldig mykje arbeid og klokskap frå kvar enkelt spelar, seier han.
Norge har så langt møtt tre motstandarar som har vore rekna som overkomelege. Det har gitt sigrar mot Frankrike og Slovenia, men klart tap for Sveits.
Nøyaktig sju år sidan siste siger
No ventar Tsjekkia, Finland og Canada på rad og rekke.
Kampen mot Tsjekkia i Paris torsdag går nøyaktig på dagen sju år etter at Norge tok sin hittil einaste siger på 13 forsøk mot Tsjekkia i VM – 11. mai 2010.
Norge slo Tsjekkia 3-2 i meisterskapet i Tyskland. Det hjelpte ikkje tsjekkarane at NHL-legenden Jaromir Jagr scora to mål.
I dei 12 andre VM-møta sidan 1993 har Tsjekkia vunne 10. To har enda uavgjort (det blei ikkje spela sudden death eller straffer i gruppespelet i VM før i 2009).
– Topplaga er eitt eller to hakk opp frå dei vi har møtt. Det betyr at vi må skjerpe oss mykje frå det vi har vist hittil. Vi må vere disiplinerte, og vi må unngå utvisningar.
– Vi har vore gode i undertal så langt, men det er no vi verkeleg blir sette på prøver mot verdsstjernene, seier Thoresen.
– Nøkkelen ligg i det defensive
Patrick Thoresen – som til landslagsjefen og ein av dei mest sentrale på det norske laget så langt i VM – er samd.
– Nøkkelen ligg i det defensive og i godt målvaktsspel. Er vi tolmodige, får vi sjansar. Kanskje treng vi litt av den flyten vi hadde mot Slovenia der vi hadde stang inn dei første skota. Vi er avghengige av at alt klaffar på ein gong.
– Men dei slepp inn mål dei også. Om dei ikkje er heilt på, er det så jamnt i eit VM at dei kan tape for dei litt mindre nasjonane, seier Patrick Thoresen.
Meiner Holøs må skyte betre
Mathis Olimb trur ikkje Norge er sjanselaus.
– Men dei blir det førande laget. Vi har nettopp møtt dei i ein treningskamp, og dei er veldig gode med pucken. Vi får ikkje så veldig mange sjansar, så vi må vere effektive og svoltne framfor mål, seier han.
Landslagssjefen vil ha fleire og betre langskot av backane, spesielt Jonas Holøs.
– Han treffer målet litt for sjeldan, han må finstille siktet sitt frå blålinja, seier Petter Thoresen.
– Då må Petter legge inn litt meir skottrening etter den ordinære treninga, repliserer Holøs.