NRK Meny
Normal

Vil nekte Froome å delta i Tour de France

Arrangørane av Tour de France ønskjer ikkje regjerande meister Chris Froome på startstreken i år.

Italy Giro Cycling

FOR HØGE VERDIAR: Chris Froome gav frå seg ein prøve i fjor med for høge verdiar av salbutamol, men han er ikkje utestengt av det internasjonale sykkelforbundet.

Foto: Daniel Dal Zennaro / AP

Det melder Cyclingnews, som siterer den franske avisa Le Monde.

– Tour de France ønskjer for ein kvar pris å ikkje kome i same situasjon som Giro d’Italia, der den endelege sigeren til Froome er merka med ei stjerne, melder avisa.

Ikkje straffa hittil

Grunnen til at arrangørane ikkje vil ha med Froome er at den fire gonger Tour de France-vinnaren er dopingmistenkt. Det var i fjor han gav frå seg ein prøve som viste for store mengder salbutamol. Dette er eit stoff som er vanleg i astmamedisin.

Så langt er ikkje Froome straffa for forholdet. Han har delteke i ritt på same måte som før og vann Giro d'Italia i vår.

Men arrangørane av Tour de France, ASO (Amaury Sport Organization), viser til paragraf 28 i sine reglar. Der står det at dei har rett til å nekte eit lag eller ein utøvar å delta dersom dei eller den kan skade ASO sitt omdøme.

Endeleg avgjersle onsdag

Men ifølgje Cyclingnews kjem Froome til å delta i Tour de France.

– Vi er heilt sikre på at han vil køyre touren som planlagt. Han har ikkje gjort noko gale, seier Team Sky, laget Froome representerer.

Derfor har sykkellaget anka avgjersla til den franske olympiske komiteen, der saka skal opp i ei høyring tysdag.

Kor vidt Froome får delta eller ei blir truleg bestemt onsdag.

– Feil å ikkje delta

Chris Froome nektar sjølv for at han har gjort noko ulovleg.

– Frå min ståstad har eg ikkje gjort noko gale. Heilt frå denne saka starta har det vore mitt utgangspunkt. Det vil vere heilt feil for meg å ikkje delta i ritt når eg ikkje har gjort noko ulovleg. Så eg kjem til å halde fram med å sykle, har den britiske syklisten sagt til Sky Sports.

Tour de France startar vi år 7. juli. Første etappe går frå Noirmoutier-en-l'Île til Fontenay-le-Comte. Rittet avsluttast i Paris 29. juli.

Team Sky har enno ikkje offentleggjort kven som skal sykle for dei i årets ritt. Uttaket er venta å bli presentert tidleg neste veke.

APTOPIX France Cycling Tour de France

Chris Froome har vunne Tour de France fire gonger, i 2013, 2015, 2016 og 2017 (biletet).

Foto: Franck Faugere / AP

Siste nytt

  • Modrić VMs beste spiller

    Luka Modrić tapte VM-finalen, men vant prisen som mesterskapets beste spiller. Eden Hazard ble nummer to, og Antoine Griezmann ble nummer tre.

    World Cup - Final - France v Croatia
    Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters
  • Mbappé kåret til beste unge spiller

    Kylian Mbappé fikk prisen som VMs beste unge spiller. 19-åringen vinner prisen etter fire scoringer i mesterskapet for verdensmester Frankrike. Den siste kom i finalen, da han satte inn 4-1-scoringen.

    Mbappe
    Foto: Alexander Nemenov / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal