– Me leitar etter den beste personen, ikkje den beste engelskmannen.
På dagens pressekonferanse, der Roy Hodgson ikkje ana kvifor han var til stades, kunne sjefen i det engelske fotballforbundet, Martin Glenn, avsløre at jakta på ny trenar allereie var i gong.
– Eg kjem ikkje til å nemne namn i dag, men kan sei at jakta allereie er starta.
Arne Scheie meiner engelskmennene har dårleg tid.
– Det er ikkje lenge til kvalifiseringa til VM, so FA har ikkje god tid på å finne ein ny sjef.
Knallhard jobb
Hodgson har ført engelskmennene gjennom tre meisterskap sidan han tok over roret. Dei gjekk ut av kvartfinalen mot Italia i EM 2012, kom på sisteplass i gruppespelet i VM 2014, og tapte altså 2-1 mot Island i åttendedelsfinalen i EM 2016.
Trass dårlege resultat ventar det eit enormt press på den nye manageren.
– Det er ein av dei tøffaste jobbane i verda. Går det bra, er det tommel opp, men går det dårleg, er det slakt, seier Scheie.
Umiddelbar favoritt
Rett etter gårsdagens avgang, segla Englands U21-trenar, Gareth Southgate opp som favoritt til å ta over roret. Southgate vann ligacupen som spelar med både Aston Villa og Middelsbrough, og fekk 57 landskampar for England. Den tidlegare midstopparen har sidan 2013 vore landslagstrenar for Englands unge og håpefulle.
Han får derimot mykje kritikk for å vere for uerfaren som trenar til å ta over landslaget, blant anna frå Harry Redknapp.
– Eg likar Gareth Southgate, han er ein bra mann, men kva har han gjort? Spør Redknapp retorisk til BBC Radio 5.
Det er Scheie ueinig i.
– Det er absolutt ikkje noko dårleg teikn at han er kandidat nummer ein på bookmakerene si liste.
Kontroversiell veteran
Medan Southgate er den foreløpige favoritten hos bookmakerene, seglar nettopp Harry Redknapp opp med stadig betre odds. Trenarveterenane har vore innom eit drøss av engelske klubbar.
Redknapps siste oppdrag var som landslagstrenar for Jordan, der han leia dei til 8-0 siger mot Bangladesh, og 5-1 tap mot Austrailia.
Tidlegare sjef
Redknapp trur derimot på tidlegare England-sjef Glen Hoddle. Han trente «The Three Lions» mellom 1996 og 1999. England rauk ut i åttendedelsfinalen i EM i Frankrike i 1998, og leverte også dårlig i etterkant.
Det var likevel ein uttalelse om at funksjonshemma betalte for synder i sine tidlegare liv som gav han sparken til slutt.
Felles for desse er at alle er engelskmenn. Av utlendingar er både Jürgen Klinsmann, Guus Hiddink og Laurent Blanc nemnt som aktuelle kandidatar.