Hopp til innhold

AaFK-spelarane vil helst prate om nyesjefen, ikkje gamlesjefen

Eksakt fem månader etter at Kjetil Rekdal fekk sparken i AaFK, er ikkje spelarane overivrige etter å prate om gamlesjefen. Dei vil heller prate om nyetrenar Jan Jönsson – som ikkje har merka på spelargruppa at kampen er «spesiell».

Jönsson og Rekdal

AaFK-trenar Jan Jönsson, som òg var aktuell som trenar for Vålerenga, har ikkje merka på spelargruppa at det er ekstrenar Kjetil Rekdal som er motstandar laurdag. Han får skryt av spelargruppa i AaFK, etter ein svært god sesongstart.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Nei, eg har ikkje merka noko spesielt på gutane. Men det kan vere slik. I så fall håper eg det er noko positivt, noko som inspirerer, seier Jan Jönsson.

AaFK-trenaren har akkurat runda av siste trening før årets sjette serierunde. Motstandar er Vålerenga, der tidlegare AaFK-trenar Kjetil Rekdal tok over roret i vinter.

Kjetil Rekdal

Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal fortel om null relasjon til AaFK. Då Rekdal fekk VIF-jobben var Jönsson den andre aktuelle.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Var sjølv VIF-aktuell

Svensken, som har teke Stabæk til seriegull, før han gjekk til Rosenborg, var sjølv Vålerenga-aktuell.

– Kampen er kanskje spesiell for deg òg, sidan du var aktuell for trenarjobben i VIF i vinter?

– Det tenkjer eg ikkje mykje på. Vi har ein spennande match framover oss, på Ullevaal, og det skal inspirere litt ekstra, seier Jönsson.

Elendig seriestatistikk på Ullevaal

Og kanskje treng AaFK litt ekstra inspirasjon, trass i serieleiinga. Dei oransje og blå har nemleg aldri vunne ein seriekamp mot Vålerenga på Ullevaal. Seks VIF-sigrar og to uavgjortkampar er fasit over åtte møter.

Triumfar på Ullevaal er derimot ikkje ukjent for AaFK, med to cupgull (2009 og 2011).

– Vi får tenkje litt cup. Det er viktig at ein har positive vibbar derfrå. I tillegg har vi ein god seriestart, utan å vere briljante, å ta med oss inn i kampen, nikkar Jönsson.

Jönsson sin statistikk mot Kjetil Rekdal er derimot god. Ni kampar, berre eitt tap.

– Kan du utnytte det, trur du?

– Det har eg ikkje tenkt noko på, men eg får prøve på det då, smiler AaFK-trenaren.

Saka held fram under bildet.

Jan Jönsson

AaFK-trenar Jan Jönsson har svært god statistikk mot Kjetil Rekdal, med berre eitt tap på ni møter.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Ikkje nokon relasjon til AaFK

På Valle Hovin, i Oslo, har Kjetil Rekdal forsøkt å drille inn sin førsteellevar før møtet med AaFK.

Han er klar på at kampen mot gamleklubben blir litt spesiell.

– Når ein har trena eit lag i over fire år og skal møte dei igjen, så er det litt rart. Samstundes er dette ein del av fotballen sin kvardag, og eg har ikkje nokon relasjon til AaFK i det heile lenger, fortel Rekdal til NRK.

Det er eit tilbakelagt kapittel, seier han. All energi og sympati ligg i Vålerenga.

– Er det litt rart at forholdet har blitt heilt borte, så sentral som du har vore i klubben?

– Eg trur det er slik det er for oss trenarar, at du er ein stad og gjer ein jobb, med følelsar og energi der og då. Når ein reiser blir det litt kutta tvert av.

– Kan heller prate om kva som har kome

AaFK-kaptein Jonatan Tollås Nation har tidlegare vore ute i media, både i forsvar for Rekdal og for å lett kritisere han.

Rekdal

Kjetil Rekdal og Jonatan Tollås Nation var tidlegare læremeister og elev. På Ullevaal laurdag er dei motstandarar.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Eg ser han Kjetil seier i avisa at enkelte er høge på pæra, men det trur eg ikkje nokon inne i garderoben er, seier Tollås Nation.

Han meiner spelargruppa har beina godt planta på jorda, trass i ein fenomenal seriestart og tabelltopp.

Kampen mot Vålerenga vil han ikkje legge for mykje i.

– Vi møter dei ute på banen, kven som står på sidelinja legg vi ikkje merke til. Men det blir kjekt å sjå kva han Kjetil får utretta med klubben og laget.

– Kva forsvann ut av dørene på Color Line Stadion med Rekdal, og kva har de fått med Jönsson?

– Nei, no har de fått høyre så mykje om kva som forsvann. Vi kan heller prate om kva som har kome. Det er ein flink, fotballsmart trenar, som er svolten på å oppnå resultat. Vi treng ikkje prate om det som var, seier Tollås Nation til NRK.

Fredrik Ulvestad

Fredrik Ulvestad trur

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Håper på framleis tabelltopp

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal