Michael Barrantes blei den store helten i Costa Rica sin opningskamp då laget slo Cuba 3–0. Barrantes scora to mål, begge på vakre langskot. I andre kamp i gruppespelet blei det 1-0-siger over Belize for Costa Rica.
Allereie då var kvartfinaleplassen sikra og siste kamp i gruppespelet mot USA blei ein rein kamp om førsteplassen.
Etter to solide kampar blei både offensive Barrantes og éin av to costaricanske spissar vraka mot
. Jürgen Klinsmann sine menn hadde nemleg 10–2 i målforskjell etter to kampar, og Costa Rica gjekk ut svært defensivt.Trass i god strategi blei det 1-0-siger for USA, der innbytar Brek Shea scora vinnarmålet etter 81. minutt.
Dermed blei USA vinnar av gruppe C og møter El Salvador, medan Costa Rica møter hakket sterkare Honduras i sin kvartfinale.
- Les også:
Saka held fram under videoen.
– Håper det går bra
CONCACAF Gold Cup blir arrangert i USA i år og finalen blir spelt 28. juli. USA sin kvartfinale blir spelt 21. juli, Costa Rica spelar 22. juli, medan begge semifinalane blir spelt 25. juli.
Dersom Costa Rica avanserer må Aalesund klare seg utan midtbanejuvel Barrantes mot Sandnes Ulf 27. juli òg. Frå før har dei vore utan han mot Start, Sogndal og Haugesund.
– Det er klart at vi ikkje likar å miste han, men Gold Cup står på Fifa si terminliste og då har vi ikkje noko val når landslaget kallar han inn, sa dagleg leiar i AaFK, Henrik Hoff, 28. juni.
Etter kampen mot USA natt til i dag veit Hoff godt kva stoda er.
– Skal vi tenkje berre på Aalesund så er tap mot Honduras ein fordel. Men dette er ei oppleving for «Mike», så vi håper sjølvsagt det går bra. Vi håper han vinn alle kampar han spelar så lenge han er i AaFK.
– Men vi skulle gjerne sett han heim til neste helg mot Sandnes Ulf. Så får det henge i lufta, humrar Hoff.
Klart seg greitt
Trass i null Barrantes dei siste tre serierundane har Aalesund ikkje gjort det akkurat dårleg. 2–2 borte mot Start, 2–2 heime mot Sogndal og 2-1-siger borte mot Haugesund har gjeve fem poeng.
– «Mike» er ein viktig spelar, og ein god spelar, men vi har vore utan han før og kjem til å vere det seinare.
– I tillegg har vi mange gode i klubben for tida, så vi er ikkje uroa. Men sjølvsagt ønskjer vi å stille så sterkt som mogleg i alle seriekampar, avsluttar Henrik Hoff.