Det fortalde han på Beitostølen i dag.
– Vi har vurdert dette grundig i lyset av diskusjonen dei siste månadene.og kome fram til at det er så god hjelp for utøvarane at vi vil halde fram med å bruke det til saltvass-oppløysing for å rense opp i luftvegane etter ein konkurranse, fortel Olberg.
Men han tok eit lite atterhald om forstøvar ved bruk av astma-medisin.
Overraska over svensk reaksjon
Olberg var svært overraska over at den svenske landslagslegen Per Andersson har gått hardt ut mot bruk av forstøvar.
– Forstøvar har blitt eit symbol på medikalisering i toppidretten, nesten eit ikon. Eg stiller meg uforståande til det. Det er luft og vatn som blir pusta inn, forklarar Olberg.
– Han seier at forstøvarapparat høyrer heime på sjukehus?
– Det er rart. Det blir brukt i mange samanhengar utanfor sjukehus. Det er ikkje avansert behandling, seier Olberg.
– Forstøvarapparat til astmamedisin ikkje like uproblematisk
Han seier at dei har diskutert grundig å kutte ut bruken.
– Det hadde vore enkelt for oss å berre kutta bruken av forstøvarapparat. Men vi meiner det er best for utøvarane å bruke det for å reinse opp luftvegane. Dette er ikkje noko etisk gråsone, slo Olberg fast.
– Men derimot er forstøvarapparat med astmamedisin ein annan del av spørsmålet. Det er ikkje like uproblematisk. Det må i kvart tilfelle vurderast av doktor, at nokon som får den type behandling, er i stand til å gå skirenn.
– Når eg var forkjøla som liten, koka mor mi opp vatn, og eg pusta inn dampen. det var for å reinse opp luftvegane. Forstøvarapparat fungerer på same måten, det blandar salt og vatn. Det er ikkje verre enn det, meiner Olberg.
– Lettare sjuke utan forstøving
Langrennsleiinga har derfor bestemt seg for å halde fram med forstøvar.
– Hadde løparane gått saktare på ski utan forstøving?
– Nei, ikkje saktare. Men dei kunne vore meir sjuke og ikkje gått like mange skirenn. Dei maksbelastar luftvegane gong etter gong i kaldt ver heile vinteren, seier Olberg.
Olberg kom inn i langrennslandslaget i ei samordnande rolle etter at sakene med Martin Johnsrud Sundby og Therese Johaug dukka opp. Han har teke tak i opprydning av rutinene.
– Vi har ikkje hatt gode nok rutiner for journalføring. Vi burde ha felles elektronisk journalsystem, men har møtt nokre utfordringar, mellom anna om kven som skal ha tilgang til opplysningane, seier Olberg.
No brukar dei same journalsystemet som Olympiatoppen.
– Det er viktig å samarbeide med andre, sjølv om langrennssporten er stor i Norge, meiner Olberg.