Siri Minge frå Stavanger er 19 år og eit av dei største kvinnelege sykkeltalenta i Norge. Ho syklar for eit av verdas beste profflag for kvinner, Team Hitec Products.
I dag trenar ho på småvegane heime i Stavanger, men etter ei underskriftskampanje har blitt sett i gang, håper ho, og resten av lagvenninnene, på å sykla i sjølvaste Tour de France neste år.
– Det ville vore ein draum som går i oppfylling. Det er den største sportshendinga i verda. Folkelivet med eit publikumstal på meir enn 10 millionar og mediedekninga ville gjort at folk verkeleg fekk augo opp for kvinnesykling, seier Siri Minge til NRK.no.
Brev til rittdirektøren
Det verdsskjente løpet er 100 år gamalt, men aldri har kvinner fått delta samtidig med herrane.
Det er proffsyklistane Marianne Vos og Emma Pooley som ville gjera noko med dette. Dei har sendt eit brev til rittdirektør Christian Prudhomme om å bli inkludert i Tour de France 2014.
I brevet er det også ein underskriftskampanje med Siri Minge, og meir enn 25.000 andre, sine underskrifter.
Lagleiar på sykkellaget Team Hitec Products, Karl Lima, meiner at dette er ein svært god idé.
– Dei gongene kvinnesykling blir vist på TV er det svært underhaldande. Løpa varer som regel i tre timar, og det er kjekkare å sjå på enn på herre-sykling, seier Lima.
– Veldig vanskeleg mål
Sjølv om det er mange som engasjerer seg for ein kvinne-tour, ser ikkje den norske sykkelpresidenten så lyst på utsiktene til dei håpefulle kvinnene.
– Eg er veldig, veldig glad for dette initiativet, men eg er redd akkurat dette målet er veldig vanskeleg å nå, seier sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen, til BT.no.
Han grunngjer dette med logistiske problem, og viser til at hotellkapasiteten allereie er sprengt i fleire av byane rittet går gjennom. Han innrømmer likevel at sykkelsporten er alt for mannsdominert.
– Me veit at me må gjera noko, men er litt rådville på korleis me skal få dette til. I Norge har me prøvd å få til eit stort årleg etapperitt for kvinner, men førebels har det stranda på det økonomiske. Nå har me eit av verda beste profflag i Hitec, men ikkje noko ritt, seier han til avisa.
– Me jobbar like hardt som mennene
Førebels må Siri sjå touren frå sofakroken, men trass spådommane til sykkelpresidenten, neste år håper ho på at det er ho sjølv som er på TV-skjermen.
– Me jobbar like hardt. Me vil og me kan, men me må berre få moglegheita, seier Siri Minge.